2 Bakgrunnen for lovframlegget og høyringa
I Ot.prp. nr. 26 (2000-2001) gjorde Justisdepartementet framlegg om å innføre krav om inkassoløyve for verksemder som driv oppkjøp og inndriving av fordringar. Vidare vart det foreslått å stille krav om foretaksløyve i tillegg til personleg inkassoløyve for rett til å drive inkassoverksemd. Begge framlegga vart vedtekne ved lov 16. mars 2001 nr. 8, som vart sett i verk 1. januar 2002. I proposisjonen gjorde Justisdepartementet også framlegg om å utgreie andre tiltak for å betre skyldnaren si stilling i gjeldsforhold: klagenemnd for inkassosaker, reduksjon av inkassosalæra og opplysningsplikt om vilkåra for gjeldsordning. Justiskomiteen stilte seg positiv til at desse tiltaka vart nærmare utgreidd, og ba dessutan departementet vurdere om det er grunn til å styrke sanksjonsmidla mot brot på god inkassoskikk, jf. Innst. O. nr. 47 (2000-2001) s. 8 og 9. I tillegg gjorde Stortinget 27. februar 2001 følgjande vedtak:
«Stortinget ber Regjeringen vurdere forslag om krav til samtykke i finansavtaleloven når forbrukerlån overdras til en annen finansinstitusjon.»
På denne bakgrunn sende Justisdepartementet 19. juni 2001 ut eit høyringsnotat med forslag til endringar i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) og i forskrift 14. juli 1989 nr. 562 til inkassolova (inkassoforskriften). Høyringsfristen var 18. september 2001. Høyringsnotatet vart sendt til:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Bankklagenemnda
Creditreform Norge A/S
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Finansforbundet
Finansieringsselskapenes Forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Forbrukartvistutvalet
Gjeldsoffer-Alliansen
Handels- og Servicenæringens hovedorganisasjon
Juss-Buss
Jusshjelpa i Nord-Norge
Juridisk rådgivning for kvinner
Konkurransetilsynet
Kreditorforeningen i Oslo
Kredittforetakenes Forening
Kredittilsynet
KredittPartner AS
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Kommunalbank
Norges Kreditorforbund
Norske inkassobyråers Forening
Norsk Oppgjørssentral
Næringslivets Hovedorganisasjon
Postbanken
Sparebankforeningen i Norge
Tvistemålsutvalet
Følgjande instansar har kome med merknader til høyringsnotatet:
Barne- og familiedepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Den Norske Advokatforening
Finansforbundet
Finansieringsselskapenes Forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Gjeldsoffer-Alliansen
Handels- og Servicenæringens hovedorganisasjon
Juss-Buss
Kreditorforeningen i Oslo
Kredittilsynet
KredittPartner AS
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Kreditorforbund
Norske inkassobyråers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Sparebankforeningen i Norge
Inka Managementog Regional støtte for behandling av gjeldsordningssaker var ikkje ført opp på høyringslista, men har likevel kome med merknader. Finansnæringens Hovudorganisasjonog Sparebankforeningenhar utarbeidd ei felles høyringsfråsegn. Av høyringsinstansane har Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Finansdepartementet, Juridisk rådgiving for kvinner, Norsk Oppgjørssentral,og Konkurransetilsynetgitt uttrykk for at dei har ingen merknader.
Enkelte høyringsinstansar har teke opp spørsmål som ikkje var omtalt i høyringsnotatet. Forbrukarrådet og Gjeldsoffer-Alliansen har bede om at departementet på nytt vurderer om det bør innførast ein regel om forkjøpsrett for skyldnaren ved overdraging av mishaldne fordringar. Dette spørsmålet vart utførleg drøfta i Ot.prp. nr. 26 (2000-2001), men verken Regjeringa eller Stortinget gjekk inn for ein slik regel. Justisdepartementet kan ikkje sjå at det ligg føre nye moment som tilseier at dette spørsmålet no vert vurdert på nytt.
Barne- og familiedepartementetmeiner ein bør vurdere å lovfeste ein betalingsfrist på minst 14 dagar ved utsending av faktura. Forbrukarrådetforeslår at det vert eit vilkår for å krevje purregebyr at fakturaen har ein betalingsfrist på minst 14 dagar etter at skyldnaren har motteke han. Barne- og familiedepartementet har også reist spørsmål om det er behov for ein frist for kreditor til å setje i verk inkassotiltak etter at inkassovarsel er sendt. Forbrukarombodethar bede Justisdepartementet om å sjå nærmare på dei enkelte fristane i inkassolova som regulerer framdrifta i inkassosaker. Justisdepartementet har ikkje hatt høve til å vurdere desse spørsmåla i denne omgong.
Eitt av framlegga i høyringsnotatet gjaldt reduksjon av det inkassosalæret ein kreditor kan krevje at skyldnaren dekkjer. Ein slik reduksjon vart gjennomført ved forskrift 1. februar 2002 nr. 9. Dette spørsmålet vert derfor ikkje nærmare omtalt i proposisjonen her.