10 Nærare om personkrinsen
10.1 Samansetning
Som nemnd i punkt 2 vil dei som er aktuelle for ytingar frå ei supplerande stønadsordning i alt vesentleg vere innvandrarar frå land utan eit offentleg sikringssystem tilsvarande folketrygda. Hovudgruppa vil vere innvandrarar frå land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Aust-Europa.
På individnivå vil det dreie seg om personar som har kome til Noreg så seint i livet at dei ikkje kan få full opptening i folketrygda, definert som personar som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Ei undergruppe er personar som var 67 år eller eldre då dei kom hit til landet. Denne gruppa vil ikkje ha eigen opptening i Noreg, med mindre dei var i arbeid her mellom fylte 67 og 70 år. Nokre viktige data om desse personane er tekne inn i tabell 10.1.
Tabell 10.1 Personar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika som er 67 år eller eldre og som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Butid i Noreg som gir rett til pensjon. 31. desember 2002. (SSB)
Personar i alt | Til Noreg ved fylte 67 år + | Gj.snittleg butid | |
Aust-Europa | 2 146 | 533 | 13,0 år |
Afrika | 369 | 56 | 18,4 år |
Asia | 2 130 | 516 | 9,7 år |
Latin-Amerika | 288 | 22 | 18,5 år |
Alle | 4 933 | 1 127 | 12,8 år |
Tabell 10.1 viser at det totalt var 4 933 personar i denne innvandrargruppa per 31. desember 2002. Dei dominerande regionane er Aust-Europa og Asia, som er om lag like store og som til saman utgjer 86 prosent av den totale populasjonen.
Butida i tabellen er butid som gir rett til pensjon, dvs. at berre butid til og med det året dei fylte 66 er rekna med. Den gjennomsnittlege butida er låg - berre 12,8 år - og lågare enn ein kunne vente ut frå gjennomsnittsalderen blant innvandrarar under 67 år (differansen mellom pensjonsalderen og gjennomsnittsalderen i denne gruppa er meir enn 12 år). Om lag 23 prosent hadde inga butid som gir rett til pensjon (personar som kom til Noreg ved fylte 67 år eller seinare). Butida i gruppa over 67 år vil auke jamnt i åra som kjem. I 2006 vil den venteleg vere 14,5 år.
10.2 Mottak av sosialhjelp
Mottaket av økonomisk sosialhjelp er særleg interessant i høve til den nye supplerande stønadsordninga. Tala på dette området gir ein peikepinn om kor mange som vil kunne kome inn under den nye ordninga og kor store stønadsutgiftene vil kunne bli.
Tabell 10.2 Personar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika som er 67 år eller eldre og som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Sosialhjelp i 2002. (SSB)
Antal og i pst. | Gj.snittleg beløp | Sosialhjelp i alt | |
Aust-Europa | 867 (40,4 pst) | 86 261 | 74,8 mill. kr. |
Afrika | 80 (21,7 pst) | 62 079 | 5,0 mill. kr. |
Asia | 579 (27,2 pst) | 71 286 | 41,3 mill. kr. |
Latin-Amerika | 57 (19,8 pst) | 66 572 | 3,8 mill. kr. |
Alle | 1 583 (32,1 pst) | 78 853 | 124,9 mill. kr. |
I 2002 fekk 32 prosent av den aktuelle innvandrargruppa sosialhjelp. Mottak av sosialhjelp var mest vanleg for innvandrarar frå Aust-Europa. Vel 40 prosent av denne undergruppa hadde sosialhjelp i 2002, og det var óg denne undergruppa som fekk det høgaste gjennomsnittlege beløpet utbetalt, kr. 86 261. Totalt vart det utbetalt om lag 125 millionar kroner i sosialhjelp i 2002. Nær 75 millionar kroner av dette gikk til innvandrarane frå Aust-Europa, dvs. 60 prosent.
Dei fleste med sosialhjelp - om lag 77 prosent eller 1 220 personar - fekk utbetalt meir enn kr 50 000 i 2002. Dette indikerer eit varig behov for økonomisk støtte. Sett i høve til den låge gjennomsnittlege butida og den tilsvarande reduserte retten til ytingar i folketrygda, er det likevel få som får sosialhjelp. Årsaka til dette kan vere at mange får høgare ytingar frå folketrygda av di dei har formell status som flyktning eller har arva pensjonsrettar frå avliden ektemake, eller dei kan ha ektemake eller sambuar som har arbeidsinntekt eller god pensjon.
10.3 Faktorar som reduserer uttaket av sosialhjelp
For å få til koblingar mellom dei ulike elementa som verkar saman, har det vore naudsynt å gå attende til SSB-tal for 2001. Desse koblingane fører óg til at utvalet i 2001 ikkje kan samanliknast heilt ut med utvalet i 2002. Hovudtala går fram av tabell 10.3, som skiljer mellom to undergrupper - personane som kom til Noreg ved fylte 67 år eller seinare, og personane som kom hit mellom fylte 27 og 67 år.
Tabell 10.3 Personar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika som er 67 år eller eldre og som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Mottak av sosialhjelp og pensjon frå folketrygda i 2001. (SSB)
Antal og i pst. | Med pensjon | Med sosialhjelp | |
Til Noreg ved fylte 67 år + | 893 (19,9 pst) | 83 (9,3 pst) | 533 (59,7 pst) |
Til Noreg mellom fylte 27 og 67 år | 3 587 (80,1 pst) | 2 999 (83,6 pst) | 1 040 (29,0 pst) |
Alle | 4 480 (100 pst) | 3 082 (68,8 pst) | 1 573 (35,1 pst) |
Det var i alt 4 480 personar over 67 år i den aktuelle innvandrarbefolkninga. Om lag 35 prosent av utvalet hadde fått økonomisk sosialhjelp i 2001, dvs. ein noko større del enn i 2002. Om lag 69 prosent hadde pensjon frå folketrygda. Som venta var prosentdelen med sosialhjelp størst (59,7 mot 29 prosent) og prosentdelen med pensjon minst (9,3 mot 83,6 prosent) i undergruppa som kom til Noreg ved fylte 67 år eller seinare. Det er verdt å merkje seg at andelen med sosialhjelp var under 60 prosent sjølv i gruppa som kom ved fylte 67 år eller seinare, og som berre unntaksvis vil ha eigen opptent pensjon i folketrygda. Mottaket av sosialhjelp hadde om lag det same nivået totalt som i 2002.
Tabell 10.4 viser kor mange i gruppa som hadde full grunnpensjon og kor mange som hadde tilleggspensjon større enn særtillegget.
Tabell 10.4 Personar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika som er 67 år eller eldre og som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Personar med full grunnpensjon og/eller tilleggspensjon større enn særtillegget. 2001. (SSB).
Til Noreg ved fylte 67 år + | Til Noreg mellom fylte 27 og 67 år | I heile populasjonen | |
A. Full grunnpensj. | 74 (8,3 pst) | 369 (10,3 pst) | 443 ( 9,9 pst) |
B. Tilleggspensj. >S | - | 777 (21,7 pst) | 777 (17,3 pst) |
Både A og B | - | 735 (20,5 pst) | 735 (16,4 pst) |
Sum | 74 (8,3 pst) | 1 881 (52,4 pst) | 1 955 (43,6 pst) |
Dersom ein person har full grunnpensjon, vil han eller ho ikkje få ytingar frå ei ny supplerande ordning. Likeeins vil tilleggspensjon utover særtillegget innebere at behovet for supplerande stønad vert redusert eller fell bort. Gjennomsnittleg tilleggspensjon i dei aktuelle sakene var 1,56 G. Tabell 10.4 viser at i alt 43,6 prosent av heile populasjonen hadde enten full grunnpensjon eller tilleggspensjon større enn særtillegget eller begge delane. Dette gir mykje av forklaringa på at uttaket av sosialhjelp ikkje er større enn det faktisk er. Årsakene til at så mange personar i gruppa har full grunnpensjon, går ikkje fram av talmaterialet. Heller ikkje går det fram i kva mon tilleggspensjonane er opptente av pensjonisten sjølv eller av ein avliden ektemake.
Tabell 10.5 viser frekvensen av økonomisk sosialhjelp for gifte personar alt ettersom ektemaken er norsk eller har bakgrunn som innvandrar.
Tabell 10.5 Personar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika som er 67 år eller eldre og som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Gifte personar etter bakgrunnen til ektemaken og mottak av sosialhjelp. 2001. (SSB)
Til Noreg ved fylte 67 år + | Til Noreg mellom fylte 27 og 67 år | Alle | |
Ektemaken har norsk bakgrunn | 5 | 542 | 547 |
Med sosialhelp (antal og pst) | 0 | 4 (0,7 pst) | 4 (0,7 pst) |
Ektemaken har innvandrarbakgrunn | 304 | 1 268 | 1 572 |
Med sosialhjelp (antal og pst) | 74 (24,4 pst) | 288 (22,7 pst) | 362 (23,0 pst) |
Mindre enn 1 prosent av dei som hadde ektemake med norsk bakgrunn fekk sosialhjelp i 2001. Der ektemaken hadde innvandrarbakgrunn, var andelen med sosialhjelp større (23 prosent), men likevel lågare enn gjennomsnittet for heile populasjonen (35 prosent). Tala indikerer at prøvinga mot ektemaken eller sambuaren si inntekt vil kunne spele ei stor rolle for retten til supplerande stønad for gifte personar.
Tabell 10.6 viser mottak av økonomisk sosialhjelp for personar med pensjonert eller sysselsett ektemake.
Tabell 10.6 Personar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika som er 67 år eller eldre og som kom til Noreg ved fylte 27 år eller seinare. Gifte personar med pensjonert eller sysselsett ektemake og mottak av sosialhjelp. 2001. (SSB)
Til Noreg ved fylte 67 år + | Til Noreg mellom fylte 27 og 67 år | Alle | |
Med pensjonert ektemake | 48 | 1 379 | 1 427 |
Med sosialhelp (antal og pst) | 9 (18,8 pst) | 147 (10,7 pst) | 156 (10,9 pst) |
Med sysselsett ektemake | 5 | 219 | 224 |
Med sosialhjelp (antal og pst) | 1 (20,0 pst) | 6 (2,7 pst) | 7 (3,1 pst) |
Tabellen viser at mottaket av sosialhjelp er lågt i desse gruppene sett i høve til gjennomsnittet for populasjonen, om lag 11 prosent for dei med pensjonert ektemake og berre vel 3 prosent for dei med sysselsett ektemake. Dei tilhøva som fører til liten bruk av sosialhjelp vil óg gi seg utslag når det gjeld supplerande stønad.
Opplysningane i tabellane 10.3 - 10.6 gir i sum langt på veg forklaringa på kvifor den faktiske butida i Noreg og den pensjonen ein kan få på grunnlag av dette, ikkje er avgjerande for behovet for sosialhjelp eller supplerande stønad. Ein vesentleg faktor er inntekta til ektemaken. Gifte personar utgjer om lag halvparten av heile populasjonen. Det ser óg ut til at ein stor del av dei som er aktuelle for alderspensjon i dag, har status som flyktningar (26,3 prosent av populasjonen fekk full grunnpensjon).