Ot.prp. nr. 15 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Til innholdsfortegnelse

4 Framtidig verkemiddelapparat retta mot flåten

Eit av hovudformåla med integrasjon av Fiskarbanken i SND, er at fiskeflåten skal få tilgang på eit heilskapleg og veleigna verkemiddelspekter, mest mogeleg på line med det som gjeld for anna næringsverksemd i Noreg. Det må likevel takast omsyn til at kapasitetsproblematikken krev ekstra varsemd i bruken av offentlege verkemiddel overfor flåteleddet.

På bakgrunn av dette gjer Regjeringa etter ei heilskapsvurdering framlegg om at flåten skal få tilgang til heile det landsdekkjande verkemiddelapparatet i SND. Ein går også inn for at flåten skal få tilgang til dei distriktsretta verkemidla etter visse vilkår som det er gjort nærare greie for i det etterfølgjande. All støtte til fysiske investeringar i fiskeflåten vil inntil 1.7.97 bli kanalisert gjennom ei vidareføring av gjeldande ordning med kontraheringstilskott. Dette skjer gjennom ei eiga løyving over Fiskeridepartementet sitt budsjett som skal forvaltast av SND i tråd med særskilde retningsliner.

Kva gjeld dei distriktsretta investeringstilskota og risikolåna gjeld følgjande vilkår for sakshandsaming og bruk av midla:

Bruken av midla skal vere i samsvar med dei fiskeripolitiske retningslinene frå Fiskeridepartementet. Søknaden skal sendast til regionkontora, som står for sakshandsaming og oppfølging. Fylkeskommunen har løyvingsrett og kan prioritere innanfor dei vanlege fullmaktsgrensene som gjeld for andre næringar. Flåteprosjekt som er over fylkeskommunen si fullmaktsgrense blir, som i andre næringssaker, behandla av SND.

For dei prosjekt som gjeld nybygging eller ombygging stiller ein krav om at dei skal ha fått innvilga kontraheringstilskott før dei får tilgang på distriktsretta risikolån. For å få innvilga distriktsretta investeringstilskott må prosjektet først ha fått kontraheringstilskott slik at investeringstilskottet blir et supplement ut frå distriktspolitiske kriterier. Desse prosjekta, samt andre prosjekt, deriblant risikolån til kjøp av brukte fartøy, sendast vidare til fylkeskommunen med ei fiskeripolitisk vurdering og tilråding om bruk av distriktsretta investeringstilskot og risikolån, dersom fylkeskommunen ikkje har gått inn på Nord-Trøndelagsmodellen. Fylkeskommunen kan ikkje innvilge investeringstilskott eller risikolån til prosjekt der regionkontoret har gitt negativ tilråding. Slike saker vil bli sendt til endeleg avgjerd i SND sentralt.

Regionkontora i SND følgjer opp engasjementa på vegne av fylkeskommunen og gir regelbunden rapport om utviklinga i porteføljen. Ein legg opp til at det blir utarbeida rutiner som sikrar at sakene likevel kan avgjerast innafor ei akseptabel tidsramme.

I det etterfølgjande vil Regjeringa presentere sitt framlegg til dei verkemidla flåten skal gis tilgang til etter ein integrasjon av Fiskarbanken i SND. Det er ei målsetting at flåten så langt råd er skal få tilgang til verkemiddel på lik line med anna næringsliv.

4.1 Politiske målsetjingar for verkemiddelapparatet

Fiskeripolitiske målsetjingar

Dei fiskeripolitiske hovudmålsetjingane ligg fast, og går på at ein skal sikra ei rasjonell og berekraftig ressursutnytting som basis for ei lønsam og berekraftig næring som skal bidra til å sikra sysselsetting og busetting langs kysten. Ein variert og allsidig struktur på land og sjø er rekna som ein føresetnad for å nå hovudmåla i fiskeripolitikken. Ettersom næringa er basert på haustinga av fornybare men avgrensa fellesressursar, er det naudsynt med ei nøye overvaking og handheving av det regelverket som skal regulere deltakinga i og utnytting av fiskeressursane.

Regionalpolitiske målsetjingar

Dei bedriftsretta distriktspolitiske verkemidla skal fremje utviklinga av eit konkurransedyktig og lønnsamt næringsliv i distrikt med særskilde sysselsettingsvanskar, gjennom å stimulere til nyetableringar og til vidare utvikling og omstilling i eksisterande bedrifter.

Bedriftsøkonomisk lønnsame bedrifter er ein føresetnad for varig sysselsetting. Det er derfor eit krav at prosjekt som får offentleg finansiering, skal forventast å vere bedriftsøkonomisk lønnsamt etter utmåling av støtte. Bruken av offentlege verkemiddel skal bidra til at samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt som ikkje ville ha blitt realisert utan statleg finansiering, blir sett ut i live blant anna ved å korrigere for private aktørar sin risikoaversjon og eksterne verknader. Dette skal bidra til at det skapast tilstrekkeleg grunnlag for varig og lønsam sysselsetting i distrikta.

Næringspolitiske målsetjingar

I næringspolitikken legg ein vekt på å styrke verdiskapinga og sysselsetjinga. Ein ønskjer på brei basis å medverke til at det skal bli attraktivt å investere og produsere i Noreg. Viktige element i politikken er å styrke konkurranseevna, mellom anna gjennom teknologi- og kompetanseutvikling. Næringspolitikken har, saman med den generelle økonomiske politikken medverka til at dei økonomiske utsiktene er betre i dag enn for få år sidan. Å vidareføre denne positive utviklinga vil derfor vere ein sentral del av næringspolitikken i åra framover. Det næringspolitiske verkemiddelapparatet er utforma for å stø opp under desse målsetjingane.

4.2 Ordningane

Under følgjer ein gjennomgang av dei eksisterande ordningane med ei vurdering i kva grad flåten skal få tilgang til dei. Det er ein føresetnad at alle verkemidla same kven som administrerer ordninga, må følgje dei fiskeripolitiske retningslinene som blir gitt av Fiskeridepartementet.

Som nemnt over finn ein det av kapasitetsmessige omsyn ikkje tilrådeleg å opna for bruk av distriktsretta tilskott i flåten utan ein nærare gjennomgang av vilkåra for ei slik opning. Det er likevel naudsynt med ei viss grad av offentleg engasjement, for å sikra fornying, omstrukturering og kapasitetstilpassing i flåten. Regjeringa går inn for at dette fram til 1.7.97, skal takast i vare gjennom ei vidareføring av den noverande ordninga med tilskott til innanlandske kontraheringar av fiskefartøy over Fiskeridepartementet sitt budsjett. Fiskeridepartementet vil gje særskilde retningsliner for ordninga som vil bli forvalta av SND.

Særskilde ordningar for fiskeflåten

Kontraheringstilskott

Føremål:Nybygging og vesentleg ombygging av fiskefartøy.

Regjeringa si tilråding:Ordninga blir vidareførd over Fiskeridepartementet sitt budsjett, men vil i tråd med dei signala som blei gitt i Revidert Nasjonalbudsjett 1996 bli søkt retta meir målretta mot nybygging og ei viss omstrukturering i fiskeflåten. Fiskeridepartementet vil gje nærare retningsliner for ordninga.

Tilskott til bygging og kjøp av brukte fartøy til Finnmark

Føremål: Nybygging av fiskefartøy og kjøp av brukte fiskefartøy til utsette lokalsamfunn i Finnmark.

Regjeringa si tilråding:Ordninga førast vidare. Ho blir i dag forvalta av Fiskarbanken på vegne av Finnmark Fylkeskommune, og ein tar sikte på at regionkontora i SND følgjer opp ordninga etter integrasjonen. Fiskeridepartementet vil gje nærare retningsliner for ordninga.

Anna:

I tillegg vil SND, dersom det vurderast å vere behov for det, kunne bli pålagd å forvalta særskilde program retta mot fiskeflåten for å bøte på særlege struktur- eller regionalpolitiske problem som måtte oppstå.

Landsdekkjande ordningar

Fiskeflåten vil frå og med tidspunktet for integrasjon få tilgang til alle SND sine landsdekkjande ordningar. Under følgjer ein gjennomgang av dei landsdekkjande verkemidla, med ei vurdering sett i forhold til flåten sin tilgang:

Grunnfinansieringslån

Føremål:Lån til marknadsvilkår til næringslivet i hele landet.

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang på lik line med anna næringsliv. Det vil i 1997 bli sett av ei eiga låneramme for flåten for å sikre flåten sitt lånebehov i ein overgangsfase. Flåten vil elles få dei same vilkåra som anna næringsliv. Dvs. renta vil variere etter risiko. Spennet er i dag frå ca. 6 % til ca. 8 %, med eit gjennomsnitt på rundt 6,5%. SND reknar med at dei kan setja ned renta på eksisterande lån til gjennomsnittleg 6,5 %.

Landsdekkjande risikolån og landsdekkjande garantiar for lån til realinvesteringar og driftskapital

Føremål:Risikolån og garantiar til næringslivet i heile landet. Renta på risikolåna ligg omlag 2 % over gjennomsnittleg rente på grunnfinansieringslåna. Ordninga gir auka mogelegheiter for fullfinansiering av prosjekt i forhold til dagens låneordningar i Fiskarbanken.

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang til verkemidla på lik line med anna næringsliv.

Eigenkapital

Føremål:Bidra med eigenkapital til norsk næringsliv. Summen av SND sine innskot av aksjekapital og ansvarleg lånekapital i eit selskap skal berre unntaksvis kunne overstige 35% og kan ikkje i noko tilfelle overstige 49% av eigenkapitalen.

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang på lik line med anna næringsliv.

Landsdekkjande utviklingstilskott

Føremål:Delfinansiere tiltak og prosjekt som kan betre effektiviteten i norsk næringsliv (utvikling, nyetableringar, omstillingar, nettverksbygging og kompetanseutvikling).

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang på lik line med anna næringsliv. Støtta bør avgrensast mot fysiske investeringar som kan ha kapasitetsdrivande effekt. Dei berørte departementa vil finne ei tenleg avgrensing. Når midla nyttast i flåten blir det dermed kompetanse og produktutviklingsdelen som står i fokus.

Offentlege forskings- og utviklingskontraktar (OFU) og industrielle forskings- og utviklingskontraktar (IFU)

Føremål:Styrke norsk industri gjennom å stimulere til auka konkurransekraft.

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang på lik line med anna næringsliv.

Distriktsretta ordningar

Også for dei distriktsretta verkemidla vil det bli stilt føresetnad om at alle tilskott til investeringar som kan ha kapasitetsaukande effekt, i tida fram til 1.7.97 kanaliserast gjennom ordninga med kontraheringstilskott. Søknad til dei distriktsretta ordningane skal sendast til regionkontora, som står for sakshandsaming og oppfølging. Fylkeskommunen har løyvingsrett og kan prioritere innanfor dei vanlege fullmaktsgrensene som gjeld for andre næringar. Flåteprosjekt som er over fylkeskommunen si fullmaktsgrense, blir som i andre næringssaker, handsama av SND sentralt.

For dei prosjekta som gjeld nybygging eller ombygging stiller ein krav om at dei skal ha fått innvilga kontraheringstilskott før dei får tilgang til dei distriktsretta risikolåna. Desse prosjekta, samt andre prosjekt, deriblant risikolån til kjøp av brukte fartøy, sendast vidare til fylkeskommunen med ei fiskeripolitisk vurdering og tilråding om bruk av distriktsretta risikolån. Fylkeskommunen kan ikkje innvilge risikolån til prosjekt der regionkontoret har gitt negativ tilråding. Slike saker vil bli sendt til endeleg avgjerd i SND sentralt.

Regionkontora i SND følgjer opp engasjementa på vegne av fylkeskommunen og gir regelbunden rapport om utviklinga i porteføljen. Ein legg opp til at det blir utarbeida rutiner som sikrar at sakene kan avgjerast innafor ei akseptabel tidsramme.

Under følgjer ein gjennomgang av dei distriktsretta verkemidla med ei kort vurdering av flåten si stilling.

Distriktsretta investeringstilskott:

Føremål:Blir brukt til å støtte investeringar av varig karakter. Det kan brukast til kjøp av brukte maskinar og brukt utstyr. Tilskottet er differensiert etter det geografiske verkeområdet.

Regjeringa meiner at også fiskeflåten skal bli omfatta av SND sine distriktsretta investeringstilskott. Regjeringa viser likevel til at ei slik opning reiser ei rad spørsmål om styring av kapasiteten i fiskeflåten, sakshandsaming m.m. Regjeringa vil derfor arbeide vidare med problemstillinga, med sikte på at ein i samband med framlegginga av Revidert Nasjonalbudsjett for 1997 skal seie korleis dei distriktsretta investeringstilskotta kan nyttast utan at dette får utilsikta kapasitetsverknader i fiskeflåten. Inntil 1.7.97 vil derfor ordninga med kontraheringstilskottet vere hovudverkemiddelet for nybygg og større ombyggingar inntil dei distriktsretta investeringstilskotta kan nyttast som eit supplement.

Distriktsretta bedriftsutviklingstilskott:

Føremål:Tilskotta skal bidra til at nye bedrifter og nyetablerarar skal få eit best mogeleg grunnlag for å starte verksemda. Ein skal også bidra til eksisterande bedrifter si vidareutvikling gjennom kompetanseheving, omstilling og nyskaping.

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang på lik line med anna næringsliv. Støtta bør avgrensast mot fysiske investeringar som kan ha kapasitetsdrivande effekt. Dei berørte departementa vil finne ei tenleg avgrensing. Når midla nyttast i flåten blir det dermed kompetanse og produktutviklingsdelen som står i fokus.

Distriktsretta risikolån:

Føremål:Risikolån til næringslivet i distrikta. Renta på risikolåna ligg omlag 2 % over gjennomsnittleg rente på grunnfinansieringslåna. Ordninga gir auka mogelegheiter for fullfinansiering av prosjekt i forhold til dagens låneordningar i Fiskarbanken.

Regjeringa si tilråding:Det opnast for at flåten skal få tilgang på distriktsretta risikolån.

Etablerarstipend

Føremål:Målet med stipendet er å stimulere til auka etableringsverksemd, for å skape lønnsame og varige arbeidsplassar. Ordninga gjeld i utgangspunktet for alle typar næring med unnatak av offentleg verksemd og primærnæringane. Næringssvake område, kvinner, arbeidsledige og yrkeshemma blir prioritert.

Regjeringa si tilråding:Flåten får tilgang på lik line med anna næringsliv. Føremålet og det begrensa omfanget av ordninga tilseier at eventuelle kapasitetdrivande effektar ikkje er betydelege nok til å leggje ekstra føringar på ordninga.

Kommunale næringsfond

Føremål:Dei kommunale næringsfonda skal styrke kommunane si mogelegheit til lokalt næringsutviklingsarbeid med utgangspunkt i føresetnadene i lokalmiljøa.

Regjeringa si tilråding:Ein går inn for at flåten skal få tilgang til dei kommunale næringsfonda på lik line med anna næringsliv.