Ot.prp. nr. 15 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Til innholdsfortegnelse

II

Lova her trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn, skal framleis gjelde for arbeidstakarar i Statens nærings- og distriktsutvilkingsfond som blir sagt opp på grunn av forhold som nemnt i tenestemannslova § 13 nr. 1 (a), (b) og (c), og som var omfatta av desse reglane før integrasjonen av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Førerett til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer tre år etter integrasjonen. Vilkåra i leden her gjer ingen innskrenkingar i dei rettane arbeidstakar har etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67.

Andre overgangsføresegner, herunder om bruk av forvaltningslova, kan fastsetjast av Kongen.