5 Lovendringar
5.1 Innleiing
Lov av 28 april 1972 nr 22 om Statens Fiskarbank, forskrift av 30 mars 1973 om Statens Fiskarbank, forskrift av 6 mai 1983 om andreprioritetslån i Fiskarbanken og Stortingsvedtak utgjer heimelsgrunnlaget for dei låne- og støtteordningane Statens Fiskarbank forvaltar. Regjeringa går inn for at lov av 28 april 1972 nr 22 om Statens Fiskarbank kan opphevast frå den tid Kongen fastset. Frå same tid skal forskrifter gitt med heimel i lova opphøyre å gjelde.
Etter oppheving av fiskarbanklova og forskrifter gitt med heimel i lova blir lov av 3 juli 1992 nr 97 om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og forskrifter gitt med heimel i lova nytt heimelsgrunnlag for økonomiske verkemiddel retta mot fiskeflåten.
Målsetjingar
Den sentrale målsetjinga for Statens Fiskarbank har vore å hjelpe fram fiskerinæringa ved å tilby økonomiske verkemiddel for flåten, jf. fiskarbanklova § 1. Bruken av verkemiddel har skjedd etter fiskeripolitiske retningsliner og i samråd med den regionale fiskeriforvaltninga.
Samanhengen mellom samansetning, storleik og alder på flåten og dei politiske måla for forvaltning av ressursane, har gjort omfattande politisk styring naudsynt. Det har vore viktig at investeringane i flåten til eikvar tid har vore tilpassa eit forsvarleg uttak av fiskeressursar og ikkje har stimulert til overkapasitet og overbeskatning. Særleg i ei tid med rivande utvikling i flåten sin effektivitet har politisk styring av Fiskarbanken sine økonomiske verkemiddel vore viktig saman med kvoteregulering og avgrensing av retten til å ta del i fiske. På denne måten har banken kunne medverke til ei berekraftig ressursforvaltning.
Ein fiskareigd flåte er naturleg innanfor ei næring der den enkelte fiskar har kunnskap som er avgjerande for det økonomiske utbytte av verksemda. Eit sentralt fiskeripolitisk mål er derfor at fiskeflåten, med visse unntak, skal vere eigd av aktive fiskarar som har reell innverknad i spørsmål som vedkjem drifta av og driftsgrunnlaget for det enkelte fartøy.
Innafor SND får fiskeflåten tilgang til eit heilskapleg verkemiddelapparat, og blir stilt tilnærma likt med dei fleste andre næringane. Etter SND-lova § 1 skal SND «fremme en bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsom næringsutvikling i distriktene og i landet for øvrig...» Føremålsparagrafen i SND-lova er ei vidareføring av føremåla som dei institusjonane som opphavleg gjekk saman til SND hadde. Paragrafen fastset den ytre ramma for fondet si verksemd saman med vedtektene.
I Ot.prp. nr. 57 for 1991-92 framhevar regjeringa at den;
«legger avgjørende vekt på å fremme samfunnsøkonomisk lønnsom næringsutvikling både i distriktene og i landet forøvrig. Et livskraftig næringsliv basert på en effektiv utnyttelse av samfunnets ressurser er nødvendig for å sikre en varig bedret og mer stabil sysselsetting. Dette er igjen grunnlaget for at vi skal bevare hovedtrekkene i vårt bosettingsmønster. Nærings- og distriktspolitikken må legges opp slik at vi får mest mulig ut av vår samlende tilgang av arbeidskraft, kapital, våre naturressurser og vår kunnskap, i samsvar med en bærekraftig utvikling. SND skal bli et hovedvirkemiddel for å bidra til en slik næringsutvikling...»
Fondet skal aktivt virke for å fremja dei målsetjingane som kjem fram i SND-lova § 1. Målsetjinga om å fremja ei bedrifts- samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling inneber såleis at SND skal medvirke til ei utvikling som skapar ei berekraftig og lønnsam fiskerinæring. Regjeringa meiner at desse føremåla tek omsyn til dei særlege driftstilhøva i fiskeflåten og dei mål for flåten som Stortinget gjennom ulike stortingsmeldingar har samtykka i. Ei endring av føremålsparagrafen i SND-lova er derfor ikkje påkravd.
Regjeringa legg opp til at ei ytterlegare regulering av fondet sin bruk av verkemiddel overfor flåten, kan skje gjennom vilkår og reglar for bruk av fondet sine midlar fastsett i tilknyting til at fondet får lån eller tilskott frå staten. Fiskeridepartementet vil såleis kunne gje retningsliner for bruken av midlar løyvd over sitt budsjett, jf. SND- lova § 8 andre punktum.
I tilknyting til integrering av Statens Fiskarbank i SND, kan Kongen dessutan fastsetje nærare reglar om SND sine låne-, garanti- og eigenkapitalordningar samt om bruken av tilskot som vert ytt av statskassa, jf. SND-lova § 10 andre leden. Regjeringa rår til at det straks vert fastsett nærare reglar om at Fiskeridepartementet kan fastsetje fiskeripolitiske retningsliner retta mot flåte, fiskeindustri og havbruk slik at verkemidla blir i samsvar med gjeldande fiskeripolitiske målsetjingar. Regjeringa går inn for at dei reglane som blir fastsett etter SND-lova § 10 andre leden, også skal innehalde reglar for den regionale fiskeriforvaltninga si rolle i sakshandsaminga, og om oppretting av rådgjevande utval tilknytt kvart regionkontor som får overført handsaming av flåtesaker.
5.2 Vilkår for integrering av Statens Fiskarbank
Overgangsføresegner
Forskrift av 6 mai 1983 om andreprioritetslån i Fiskarbanken og forskrift av 30 mars 1973 for Statens Fiskarbank gitt med heimel i fiskarbanklova kan opphevast samstundes med oppheving av heimelslova. SND- lova og forskriftsverket gitt med heimel i SND-lova avløysar fiskarbanklova og forskriftene gitt med heimel i denne.
Når det gjeld sakshandsamingsreglar inneber overgangen til SND at forvaltningslova opphøyrer å gjelde, jf. SND-lova § 6. I ei overgangstid vil det vere behov for å vidareføre sakshandsaming etter forvaltningslova for søknader som kjem inn før oppheving av lova, men som ikkje er sluthandsama før same tid. I samband med lov om oppheving av fiskarbanklova vil Regjeringa derfor opne for at det kan fastsetjast overgangsføresegner om valg av sakshandsamingsreglar.
Overgangen til SND vil også innebere at offentleglova ikkje vil gjelde, jf. SND-lova § 6. Departementet er likevel merksam på at det er gjort framlegg frå Stortinget om å gjere offentleglova gjeldande for SND, jf. Dok nr 8:54 (1994-95), og Innst S nr 141 (1994-95). Dette framlegget vil bli vurdert nærare i den kommande stortingsmeldinga om offentlegprinsippet. Handsaminga av den meldinga vil bli avgjerande for det endelege standpunkt til om offentleglova skal gjelde for SND.
Integrasjonen vil endre rettsstillinga til dei tilsette i Statens Fiskarbank dersom dei følgjer med over til ny stilling i SND. Status som statstenestemenn vil opphøyre ettersom SND tilsetjing ikkje gir tilsvarande rett som tilsetjing i Fiskarbanken. Regjeringa går inn for at retten etter tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 først fell vekk etter ei overgangsperiode. Ein foreslår overgangsføresegner om at førerett til anna statsstilling og ventelønn som nemnt i tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6, skal gjelde i tre år etter integrasjonen for arbeidstakarar som var omfatta av desse reglane før integrasjonen og som blir sagt opp på grunn av forhold som nemnt i tenestemannslova § 13 nr. 1. Dei rettane dei tilsette har etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67 blir ikkje endra av desse overgangsføresegnene. Tilsette som ikkje ønskjer å gå inn i ny stilling i SND vil få førerett til ny statsstilling i eitt år rekna frå oppseiinga.
Retningsliner for løyvingar over Fiskeridepartementets budsjett
Kontraheringstilskotsordninga og ordninga med tilskot til bygging og kjøp av fartøy i Finmark skal førast vidare med løyvingar over Fiskeridepartementets budsjett. Lov om SND § 8 tillet at Fiskeridepartementet gir nærare reglar om desse løyvingane. Fiskeridepartementet tek sikte på å gje retningsliner for tilskot til innanlandske leveringar av fiskefartøy på same måte som i dag, SND vil stå som forvaltningsansvarleg for ordninga.
Reglar for andre ordningar i SND
Dei berørte departementa vil vurdere om det er naudsynt med nye regelverk eller endringar i regelverket for dei andre ordningane når flåten no får tilgang på ordningane. Dei berørte departementa vil også fastsetje dei naudsynte endringane etter SND- lova § 10 andre leden.