1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
1.1 Innleiing
I denne proposisjonen fremmar Kommunal- og regionaldepartementet forslag til endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (vallova).
Gjennomføringa av stortingsvalet i 2005 viste at somme forhold rundt valavviklinga ikkje fungerte godt nok. Proposisjonen inneheld forslag – som slik departementet ser det – vil kunne medverke til å redusere desse problema, og dessutan forslag til visse andre endringar i vallova. I tillegg kjem ein inn på nokre forhold som vart tekne opp av Stortingets fullmaktskomité i Innst. S. nr. 1 (2005–2006).
1.2 Høyringa
Ved brev av 20. juni 2006 sende Kommunal- og regionaldepartementet på høyring forslag om endringar i vallova. Høyringsfristen vart sett til 20. september 2006.
Det har komme inn om lag 180 høyringsfråsegner.
Høyringsnotatet vart sendt på høyring til desse høyringsinstansane:
Sametinget
Departementa
Fylkesmenn
Fylkeskommunar
Kommunar
Registrerte politiske parti
Sysselmannen på Svalbard
Longyearbyen lokalstyre
Noregs Bank
Statistisk sentralbyrå
Riksarkivet
Riksrevisjonen
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap
Skattedirektoratet
Sosial- og helsedirektoratet
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Barneombodet
Forbrukarombodet
Likestillingsombodet
Sivilombodsmannen
Datatilsynet
Konkurransetilsynet
Kredittilsynet
Statens helsetilsyn
Forbrukarrådet
Statskonsult
Norges forskningsråd
NTNU
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
KS – Kommunesektorens arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
Næringslivets Hovedorganisasjon
Sparebankforeningen
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Arbeidsgiverforeningen NAVO
Finansnæringens Arbeidsgiverforening
Landsorganisasjonen i Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Akademikerne
Unio
Fagforbundet
Fellesforbundet
Kommunalansattes Fellesorganisasjon
Norsk Sykepleierforbund
Utdanningsforbundet
Norsk Journalistlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Den Norske Advokatforening
Den norske dommerforening
Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Den norske tannlegeforening
Norges Idrettsforbund
Norges Juristforbund
Norges Kommunerevisorforbund
Norsk Pensjonistforbund
Norsk rådmannsforum
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Norges Handikapforbund
Norsk Pasientforening
Samarbeidsorganet for funksjonshemmedes organisasjoner c/o Norges Handikapforbund
Statens råd for funksjonshemmede
Elevorganisasjonen
Foreldreutvalget for Grunnskolen
Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjoner
Norsk Telegrambyrå AS
NRK
TV 2
AC Nielsen Norge AS
Faktum Markedsanalyse AS
Markeds- og Mediainstituttet AS
Opinion AS
TNS Gallup
I tillegg har desse instansane komme med høyringsfråsegner:
Norsk Markedsanalyse Forening
Fosen regionråd
Forum mot islamisering
Høyringsfråsegner vil bli kommenterte nedanfor i tilknyting til kapitla i proposisjonen.
1.3 Lovendringsforslag – samandrag
Odelstingsproposisjonen inneheld somme forslag til lovendringar med sikte på å redusere talet på forkasta røystegivingar. Det blir føreslått å lovfeste ei plikt for kommunane til å sende ut valkort. Dette vil kunne medverke til at veljarane på valdagen unngår å røyste i ein annan kommune enn i den kommunen dei er manntalsførte i. I tillegg blir det føreslått å endre skjeringsdatoen, det vil seie datoen for når ein må vere registrert som busett i ein kommune for å komme med i manntalet i denne kommunen, frå 31. mai til 30. juni i valåret.
Det blir vidare fremma forslag om at veljarane må identifisere seg for å kunne røyste.
1.4 Forslag i høyringsnotatet der det ikkje blir fremma forslag til lovendring
Proposisjonen inneheld også omtale av ein del forhold som vart nemnde i høyringsnotatet, men der departementet ikkje fremmar noko lovendringsforslag. Dette gjeld tidspunktet for når førehandsrøystegivinga skal avsluttast innanriks, når førehandsrøystegivingane må ha komme inn til valstyret for å kunne godkjennast, og dessutan ein del spørsmål i samband med elektronisk teljing av røystesetlar.