5 Endringar i straffeprosessen og fellesprosessen
5.1 Vitneplikta si geografiske utstrekning
Både i straffesaker og i sivile saker har vitne plikt til å møte for herads- og byretten når reiseavstanden ikkje er lenger enn 300 km med rutegåande transportmiddel, eller 50 km på annen måte. For lagmannsretten gjeld dei doble avstandane. Utover dette kan retten påleggje vitne som har lengre reiseavstand, å møte. Då tvistemålslova vart vedteken i 1915 var avstandane for herads- og byretten 300 km med jernbane, 150 km med dampskip eller 50 km på annan måte.
I høyringsnotat 6 mars 1996 tok departementet opp spørsmålet om utviding eller oppheving av desse grensene. Det vart vist til fråsegner i Ot prp nr 35 (1978-79) om ny straffeprosesslov og i Ot prp nr 61 (1978-79) om endringar i mellom anna vitnepliktreglane i tvistemålslova. Departementet hadde der halde fram at ordninga med faste avstandsgrenser for vitneplikta burde revurderast. I Ot prp nr 35 (1978-79) på s 139 uttalte departementet såleis at «[m]an vil ta opp til vurdering om dette er et rasjonelt system etter vår tids forhold.» I høyringsfråsegn frå det dåverande Domstolsutvalget til endringa i tvistemålslova ved lov 1 juni 1979 nr 24, jf Ot prp nr 61 (1978-79) på s 11, heitte det:
«Hovedbegrunnelsen for ordningen antas å være kostnadshensynet samt det at folk bør spares for de lange reiser. Som antydet foran kan det være at kostnadshensynet ikke likevel er så tungtveiende når man regner totalomkostningene (og besparelsene) ved å oppheve avstandsgrensene. Belastningen ved de lange reiser føles ikke så sterkt med moderne kommunikasjonsmidler. Viktigere for vitnet er full økonomisk kompensasjon.
Domstolsutvalget mener etter dette at det nå er gode grunner for å la foreta en utredning av spørsmålet om avstandsgrensene i tvml. og strpl. med sikte på å foreslå at møteplikten innenlands for vitner og parter blir gjort uavhengig av reiselengder. Man kan da tenke seg generell møteplikt som lovens hovedregel, med mulighet for dispensasjon i form av stedlig bevisopptak i tilfelle hvor konkrete omstendigheter taler sterkt for dette.»
Utviklinga innan samferdslesektoren har gjort spørsmålet endå meir aktuelt no enn på slutten av 1970-talet. Etter lovendring 24 august 1990 nr 54 kan lagmannsrettane og herads- og byrettane dessutan avhøyre vitne ved fjernavhøyr. For straffesaker har i tillegg to-instansreforma ved lov 11 juni 1993 nr 80 medført at vitneplikta sin geografiske utstrekning vart halvert for dei straffesaker som tidlegare vart handsama av lagmannsretten som første instans.
I høyringsbrevet sette departementet opp tre ulike alternativ til lovendringar i tvistemålslova og straffeprosesslova. Etter alternativ 1 skulle avstandsgrensene utvidast til 800 km med rutegåande kommunikasjonsmiddel eller 125 km på annan måte, og dei same grensene skulle gjelde både for herads- og byretten og for lagmannsretten. Etter alternativ 2 og 3 skulle den geografiske avgrensinga av vitneplikta opphevast og retten ha høve til å frita vitnet etter ei nærare vurdering av ulempene og kostnadene. Skilnaden mellom alternativ 2 og 3 var at fritak etter alternativ 2 kunne gjevast i alle høve, medan fritak etter alternativ 3 berre skulle kunne gjevast dersom reiseavstanden var lenger enn 800 km med rutegåande kommunikasjonsmiddel eller 125 km på annan måte.
Alle høyringsinstansane som uttaler seg er samde i at reglane om vitneplikta si geografiske rekkevidda bør endrast, men har noko ulike oppfatningar med omsyn til kva alternativ som bør veljast. Finansieringsselskapenes Forening stør framlegget, utan å ta stilling til kva alternativ som bør veljast.
Alternativ nr 1 (utviding av avstandsgrensene) vert føretrekt av Stavanger byrett, Oslo byrett og under tvil Landsorganisasjonen i Norge. Stavanger byrett og Landsorganisasjonen i Norge legg til grunn at ei slik utviding av avstandsgrensene vil vere tilstrekkeleg. For Landsorganisasjonen i Norge er alternativ 2 og 3 berre akseptable dersom staten med endeleg verknad dekkjer vitneutgiftene i sivile saker som er viktige for partane sin velferd, mellom anna oppseiingssaker. Oslo byrett fryktar at ei oppheving av avstandsgrensene vil føre til at vitna må stemnast lang tid i førevegen (2-3 månader) for at det skal vere tid til halde bevisopptak dersom fritak vert gjeve. Denne høyringsinstansen ønsker at avstandsgrensa skal vere 600 og 100 km.
Alternativ nr 2 vert støtta av Næringslivets Hovedorganisasjon, Den norske Dommerforening, Hålogaland lagmannsrett, Trondheim byrett, Indre Follo heradsrett, Hedmark og Oppland statsadvokaterog Statsadvokatane i Rogaland.Dette alternativet er òg andrevalet til Stavanger byrett. ØKOKRIM går imot alternativ nr 2 då det lett vil føre til meirarbeid for domstolane. Dommerforeningen uttaler:
«Med moderne kommunikasjonsmidler er fremmøte vesentlig et spørsmål om dekning av utgifter. ... Justisdepartementet er redd for at fritaksadgangen etter [andre alternativ] kan føre til ekstrabelastning for domstolene og usikkerhet for partene. Etter Straffeprosessutvalgets oppfatning er disse problemer overdrevet. De samme problemer vil forøvrig langt på vei oppstå etter tredje alternativ.»
Hålogaland lagmannsrett var kjend med fråsegna til Dommerforeningen sitt straffeprosessutval og slutta seg til den. Dommerforeningen sitt sivilprossessutval stør også alternativ 2 og legg mellom anna vekt på at den tida som går med nok er viktigare for det einskilde vitnet enn avstanden. Indre Follo heradsrett meiner at alternativ 2 vil gje den mest fleksible løysinga og at det venteleg vil kome få krav om fritak. Statsadvokatane i Rogaland uttaler at det ikkje synes å vere nokon grunn til at fritaksregelen skal kunne praktiserast ulikt etter kva avstand vitnet har til rettsstaden. Hedmark og Oppland statsadvokatembeter held fram at ein bør ha ei ordning der vitne i prinsippet har plikt til å møte uansett reiseavstand. Denne høyringsinstansen held fram at det er uheldig at eit vitne frå Tromsø ikkje vil ha plikt til å møte til hovudforhandling i Oslo, medan eit vitne frå Snåsa pliktar å møte. Òg Stavanger byrett gjev uttrykk for at høvet til fritak ikkje bør vere avhengig av reiselengda og uttaler:
«Kommunikasjonene en del steder i Norge er fortsatt slik at det ikke alltid er selve lengden i km som gjør en reise tungvinn, og et eventuelt fritak bør gis ut fra en totalvurdering av hele situasjonen. Etter vår oppfatning har de innvendinger departementet anfører mot alternativ 2 neppe så stor vekt, og det vil trolig ikke være fare for at domstolene blir overrent av begjæringer fra vitner som ber om å bli fritatt p.g.a. forhold ved reisen.»
Endeleg vert alternativ nr 3 støtta av Den Norske Advokatforening, Borgarting lagmannsrett, ØKOKRIM, Statsadvokatene i Hordaland, og under tvil Riksadvokaten. Den Norske Advokatforening uttaler at det ein føremon ved bevisopptak før hovudforhandling, er at ein får oversikt over delar av bevisstoffet under saksførebuinga. Denne høyringsinstansen skriv:
«Når man ikke lenger kan påberope vitnepliktens stedlige begrensning for å få avhørt et vitne ved bevisopptak under saksforberedelsen, står man igjen med tvml. § 220 nr. 1 som har en nokså restriktiv formulering.»
Statsadvokatane i Hordaland, ØKOKRIM og Riksadvokaten peikar på at det er fare for meirarbeid for domstolane dersom vitne kan søkje om fritak uansett reiseavstand. ØKOKRIM uttaler at alternativ nr 2 dessutan kan opne for krav om fritak på heilt anna grunnlag enn reiseavstand. Statsadvokatane i Hordaland gjev uttrykk for at 600 km/100 km er langt nok, medan ØKOKRIM og Riksadvokaten meiner at grensa bør setjast til 850 km sidan reiseavstanden mellom fleire større byar er like over 800 km.
Departementet gjer framlegg om å oppheve avstandsgrensene for vitneplikta og innføre ein geografisk avgrensa fritaksregel i straffeprosesslova § 109 og tvistemålslova § 199 (alternativ nr 3 ovanfor). Utviklinga innan samferdslesektoren har ført til at reiseavstanden i seg sjølv ikkje gjev nokon god indikasjon på kor tyngande det vil vere for eit vitne å møte i høve til kor viktig vitneprovet vil vere for å få saka opplyst. Av denne grunn går departementet inn for ein hovudregel om generell frammøteplikt. P g a av høvet som retten alt i dag har til å påleggje møteplikt uavhengig av reiseavstand, til å nytte fjernavhøyr og få teke i mot forklaring frå vitnet i rettsmøte under saksførebuinga (bevisopptak) vil nok ikkje endringa få så store praktiske utslag.
Departementet meiner det er viktig å understreke innhaldet i vitneplikta ved å knytte vurderinga av om fritak skal gjevast, til ein viss minste reiseavstand og ikkje til ein generell fritaksregel. Ei grense på 800 km med rutegåande kommunikasjonsmiddel dekker avstanden mellom større byer i dei ulike landsdelane og pålegg vitnet å utføre ei slik reise for å gje sitt vitneprov i retten. For reiser på ein annan måte er minsteavstanden sett til 125 km. For lengre kan retten frita eit vitne frå å møte når tidsbruken eller ulempa for vitnet vil vere stor i høve til kor viktig det er å få høyre vitnet under hovudførehavinga. Samstundes vert straffeprosesslova § 270 og tvistemålslova § 220 endra. For sivile saker vil det av samanhengen gå fram at eit vitne med mindre reiseavstand enn fastsett i fritaksheimelen i § 199, i særlege tilfelle kan bli fritatt etter tvistemålslova § 220 nr 5. Til dømes vil denne reglen kunne nyttast i tilfelle der sjølv ei kort reise vil påføre vitnet særleg ulempe på grunn av handikap eller sjukdom. For straffesaker må slike spørsmål avgjerast etter straffeprosesslova § 296 første ledd.
Som ein følgje av at avstandsgrensene for vitneplikta vert oppheva, må det gjerast dei nødvendige tilpassingar i tvistemålslova §§ 115 og 220, og straffeprosesslova § 270. Særregelen i barnelova § 20 om utviding av møteplikta vil ikkje lenger ha nokon funksjon og bør opphevast.
Departementet viser elles til forslaget til endringar i tvistemålslova §§ 115, 199 og 220, straffeprosesslova §§ 109 og 270 og barnelova § 20 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
5.2 Fjerning av tittelen «rettsskrivar»
Domstollova §§ 9, 17 og 24 har føresegner om «rettsskrivarar» ved h h v Høgsterett, lagmannsrettane og herads- og byrettane. I tillegg er «rettsskrivarane» nemnde i ei rekkje andre lovføresegner, flest gonger i domstollova og tvistemålslova, men òg i mellom anna industrikonsesjonslova, rettsutdraglova, skiftelova, riksrettergangslova og lov om ikraftsetjing av rettergangsordninga. I dag er det ingen rettsskrivarar ved lagmannsrettane og herads- og byrettane. I Høgsterett er det derimot rettskrivarar, men dei har i dag titlane direktør og protokollsekretær. I tillegg er det i Høgsterett tilsett utgreiarar, men desse er ikkje nemnde i lovverket. I høyringsnotat 6 mars 1996 tok departementet opp spørsmålet om fjerning av den forelda stillingstittelen «rettsskrivar» frå lovverket og foreslo nye føresegner om administrasjonen i Høgsterett i domstollova §§ 61 og 62. Fjerning av stillingstittelen «rettskrivar» medfører i nokre tilfelle at føresegner kan opphevast, t d domstollova §§ 17 og 24, men i dei fleste føresegnene er det berre mindre omredigeringar som må gjerast.
Av høyringsinstansane er det berre Høgsterett og Den norske Dommerforening som har merknader og dei stør dei endringar som departementet skisserte i høyringsnotatet. Den norske Dommerforening ga såleis uttrykk for at endringane vil innebere ei nødvendig opprydding.
Departementet gjer framlegg om å fjerne stillingstittelen «rettskrivar» frå lovverket og gje eigne reglar om administrasjonen i Høgsterett. I nokre tilfelle reiser fjerning av stillingstittelen «rettskrivar» spørsmål om arbeidsfordelinga ved domstolane. Ei slik problemstilling kan vere om «rettsskrivar» skal erstattast med t d andre tenestemenn eller rettens kontor. Desse spørsmåla vil bli omhandla under merknadene til dei einskilde paragrafane.
Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova §§ 9, 17, 24, 61, 62, 66, 91, 106, 110, 113, 138, 162, 179 og 229, tvistemålslova §§ 125, 133, 134, 140, 333 og 407, lov om umyndiggjering § 2, industrikonsesjonslova § 2, rettsutdraglova §§ 5, 6 og 10, rettergangsordninga si ikraftsetjingslov § 7, svalbardlova § 7, arbeidstvistlova §§ 24 og 46, skiftelova § 5 og riksrettergangslova §§ 5, 6 og 26 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
5.3 Varadommar i herads- og byretten i omfattande straffesaker
Etter to-instansreforma kan samansetjinga av herads- og byrettens styrkjast i saker om brotsverk som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år og som er «særlig omfattende eller hvor andre særlige grunner foreligger», jf straffeprosesslova § 276 andre leddet. Styrkinga går føre seg ved at det skal vere to fagdommarar og tre meddommarar i staden for ein fagdommar og to meddommarar. I alle vidløftige straffesaker kan dessutan rettens formann fastsetje etter straffeprosesslova § 276 femte leddet at ein eller to varamedlemmer for meddommarane skal følgje forhandlingane og tre inn i tilfelle nokon av dei får forfall. For lagmannsrettane kan førstelagmannen dessutan fastsetje at eit varamedlem for fagdommarane skal følgje forhandlingane i vidløftige saker, jf domstollova § 12 andre leddet.
Dersom ein av dommarane i den forsterka retten skulle få forfall etter at hovudforhandlinga har teke til, anten dette er ein fagdommar eller meddommar, følgjer det av domstollova § 15 at forhandlingane likevel kan halde fram. Den andre fagdommaren vil då kunne gjere teneste som rettens formann. I andre høve lyt saka utsetjast, eller starte på nytt med ny dommar.
Ved gjennomføringa av to-instansreforma vart det vurdert å styrkje rettens samansetjing jamvel i andre saker. Slike saker vart alt før to-instansreforma handsama av herads- og byretten i første instans, og det vart ikkje større trong for endringar som følgje av denne reforma. I Ot prp nr 78 (1992-93) på s 19 uttalte departementet at ei generell ordning kunne bli ressurskrevjande og at ein burde sjå korleis ordninga fungerer for dei alvorlegaste straffesakene før ordninga eventuelt vert utvida.
Departementet tok i høyringsbrev 6 mars 1996 opp spørsmålet om innføring av ei noko meir avgrensa ordning som kunne ivareta behovet for styrking av herads- og byretten i til dømes særleg kompliserte og langvarige straffesaker om økonomiske brotsverk. Departementet la opp til at ein slik regel kunne innarbeidast i domstollova § 20 tredje leddet. Dette er ein regel som i dag gjev Kongen (delegert til Justisdepartementet) høve til å oppnemne eit varamedlem som i visse typar av saker, mellom anna skjønn og oreigningssaker, skal følgje forhandlingane og tre inn om rettens formann skulle få forfall. Etter framlegget skulle Kongen kunne oppnemne eit varamedlem for rettens formann i andre vidløftige straffesaker enn dei som kan setjast ved forsterka rett etter straffeprosesslova § 276 andre leddet dersom rettens formann har avgjort at det skal vere varameddommar etter straffeprosesslova § 276 femte leddet. At det er Kongen som oppnemner varamedlemet, skulle gjere det lettare å halde fast ved at slik oppnemning skal vere ein snever tryggingsventil og gjere det lettare å gjennomføre ein einsarta praksis.
Alle høyringsinstansane som uttaler seg, stør hovudtrekka i framlegget. Desse er Hålogaland lagmannsrett, Oslo byrett, Indre Follo heradsrett, Den norske Dommerforening, Riksadvokaten, ØKOKRIM, Hordaland statsadvokatembeterog Den Norske Advokatforening. ØKOKRIMuttaler:
«Det finnes en god del eksempler på økonomiske straffesaker der hovedforhandlingen for herreds- og byrett har vart i flere måneder. Det sier seg selv at prosessøkonomisk vil det være uheldig om en slik sak må gjennomføres på nytt fordi fagdommeren får forfall. Slik reassumering vil medføre en betydelig merbelastning for domstolene og for parter og vitner tilsvarende merkostnader.»
Hålogaland lagmannsrett og Oslo byrett er likevel ikkje samde i at det er Kongen som skal avgjere om varadommar skal oppnemnast. Hålogaland lagmannsrett uttaler:
«Det er prinsipielt uheldig Justisdepartementet gis adgang til å treffe bestemmelse om rettens sammensetning i den enkelte sak ved beslutning om oppnevnelse av dommer ad hoc. Domstolloven § 20 tredje ledd har som nevnt i høringsnotatet vært en unntaksregel med begrenset anvendelse i praksis, og ordningen bør iallefall ikke utvides. Avgjørelsen om å sette retten med varadommer bør legges til embetslederen, slik som for lagmannsretten i medhold av domstolloven § 12 annet ledd. Det er også nærliggende å trekke parallellen til straffeprosessloven § 276 annet ledd, hvoretter domstolens leder treffer avgjørelse om forsterket rett. ...
Endringen kan gjennomføres ved at straffeprosessloven § 276 siste ledd gis følgende tilføyelse:
«Domstolens leder kan bestemme at også et varamedlem for rettens formann skal følge forhandlingen. Tredje ledd gjelder tilsvarende.»»
Oslo byrett går inn for at dommar nr 2 ikkje skal vere varamedlem, men fullverdig medlem av retten på same måte som ved forsterka rett etter straffeprosesslova § 276 andre leddet og uttaler:
«Etter byrettens mening kan det være liten tvil om at den styrking av retten departementet forslår, bør skje ved utvidelse av området for § 276. Det kan ikke være noen fornuftig grunn til at den ekstra dommer ikke skal være et fullverdig medlem av retten fra første dag. Det må foreligge sterke grunner før man innfører ytterligere en særordning for behandling av straffesaker i første instans.»
Fleire av høyringsinstansane går dessutan inn på spørsmålet om kor vidt dommarfullmektigar skal kunne vere varadommar. Dommerforeningen går ut frå at dommarfullmektigar ikkje gjer teneste saman med sin prinsipal. Hordaland statsadvokatembeter meiner at dommarfullmektigar i det heile ikkje bør kunne gjere teneste i slike saker, medan Riksadvokaten uttaler at det neppe er nokon grunn til dommarfullmektigar ikkje skal kunne gjere teneste, og uttaler at dette både vil vere ei praktisk løysing og lærerikt for vedkommande. Ordninga med individuell oppnemning vil i alle tilfelle sikre at vedkommande har tilstrekkeleg erfaring.
Departementet held fast ved at det i særs vidløftige straffesaker bør vere mogeleg å oppnemne ein varadommar ikkje berre for meddommarane, men òg for rettens formann. Departementet vil halde fram at det det her gjeld, er å skipe til ei ordning som gjer at saka kan gå vidare som planlagd jamvel om rettens formann får forfall. Framlegget byggjer ikkje på det syn at det er for lite med ein fagdommar til å avgjere desse sakene i herads- eller byretten. Ei utviding av ordninga med forsterka rett etter straffeprosesslova § 276 andre leddet er foreslått av Strukturutvalget for herreds- og byrettene i NOU 1999: 22 Domstolene i første instans. Dette framlegget vil bli vurdert i samband med oppfølginga av denne utreiinga. Departementet vil førebels ikkje gjere framlegg om endringar i straffeprosesslova § 276 som går ut over det som lå til grunn i høyringsbrevet 6 mars 1996. Det vil seie ei ordning med varadommar. Dersom ein etter høyringa av Strukturutvalet si utreiing finn at ei ordning med forsterka rett er betre, vil § 276 femte leddet kunne endrast på ny. Ei ordning med varadommar vil ikkje vere like ressurskrevjande i og med at vedkommande kan dimitterast når saka vert teken opp til doms. Forhandlingane kan dessutan gå som dei var planlagde, sjølv om varadommaren skulle få varig eller kortvarig forfall. Men dersom det unntaksvis skulle verte nødvendig at varadommaren må tre inn som dommar, må sjølvsagt dei delar av forhandlingane som vedkommande ikkje var med på, takast opp att.
Departementet er samd i at det kan reisast prinsipielle innvendingar mot at forvaltninga skal oppnemne dommar i den einskilde saka, sjølv om det berre gjeld få saker og varadommaren berre unntaksvis må gå inn i staden for rettens formann. Det beste tykkjest då vere at domstolleiaren skal avgjere om det er trong for varadommar. Departementet føreset at høvet til å oppnemne varadommar for rettens formann berre vert nytta som ein snever unntaksregel.
Dersom varadommaren ikkje frå før gjer teneste som dommar ved vedkomande domstol, vil vedkomande måtte kallast inn etter domstollova § 19 andre leddet. Dersom leiaren av domstolen ønsker at ein person som ikkje er i stilling som dommar, t d ein advokat, må vedkomande konstituerast som dommar. Departementet ser ikkje nokon grunn til utelukke dommarfullmektigar frå å vere varadommar så lenge det ikkje ville vere noko formelt i vegen for at dommarfullmektigen sjølv kunne ha administrert saka frå byrjinga. Det er sjølvsagt ein føresetnad at dommarfullmektigen må vere skikka til å administrere slike vidløftige saker. På den andre sida bør ikkje det forhold at meir røynde dommarar etter den vanlege arbeidsdelinga ved embetet plar administrere denne typen saker, føre til at bruk av dommarfullmektigen som varadommar skal vere heilt utelukka. Departementet kan heller ikkje sjå at det er noko i vegen for at dommarfullmektigen gjer teneste som vara for sin prinsipal. Vedkomande vil likevel aldri vere dommar i saka samstundes som sin prinsipal.
Departementet viser elles til forslaget til endringar i straffeprosesslova § 276 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
5.4 Trekking av meddommarar og lagrettemedlemmer
I høyringsnotat 6 mars 1996 forslo departementet å endre domstollova § 92 slik at utfallet av loddtrekking og avgjerder etter § 91, dvs uttrekking og forbigåing av meddommarar og lagrettemedlemmer, ikkje lenger skulle førast inn i ei særskilt bok, men skrivast ned og oppbevarast saman med dokumenta i saka. Bakgrunnen for dette framlegget var at det i dag er upraktisk å skrive ned og oppbevare opplysningane på ein slik måte, skilt ut frå dokumenta i saka. Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot dette framlegget og Den norske Dommerforeningog Borgarting lagmannsrettuttalar at dei stør framlegget. Departementet gjer med den grunngjevinga som er nemnd ovanfor framlegg om endring av domstollova § 92, og viser til sjølve lovforslaget nedanfor og merknader til dette i pkt 11.
Domstollova § 86 regulerer trekking av meddommarar. Hovudregelen er at det skal trekkjast ut nye meddommarar av dei allmenne meddommarutvala til kvar einskild sak, og dette gjeld både for by- og heradsretten og for lagmannsretten. I § 86 første ledd sjette punktum er det likevel gjort eit unntak for straffesaker i lagmannsretten ved at meddommarane kan trekkast «blant lagrettemedlemmer som er trukket ut til andre saker som skal behandles i umiddelbar rekkefølge på samme rettsted». Denne regelen har vorte meir praktisk etter to-instansreforma i og med at lagmannsretten som meddomsrett, skal handsame fleire saker enn tidlegare. Det er likevel uklart om meddommarane skal trekkjast mellom dei 10 som gjer teneste i lagretten etter utskyting, eller mellom alle dei 16 inkludert varamedlemmar som er trekte ut. Departementet tok i høyringsbrevet 6 mars 1996 til orde for at føresegna burde klargjerast og at det ville være meir praktisk å trekkje ut meddommarane mellom dei 10 som faktisk gjer teneste, og dermed oppheld seg på rettsstaden.
Den norske Dommerforening uttaler at den ordninga som er foreslått generelt sett vil være den mest naturlege, men nemner og at ein ved ein av lagmannsrettane.
...et par ganger når jurysaken har tatt lengre tid enn forutsatt, har fått en annen dommer ved lagmannsretten til å ta den berammede meddomsrettsak istedet for å utsette denne, og da med meddommere som var innkalt til jurysaken, men som ikke ble tatt ut til å tjenestegjøre under denne.»
Agder lagmannsrett går inn for at meddommarane bør trekkjast mellom alle som er trekte ut og uttaler:
«For de av lagrettemedlemmene som trekkes ut til tjeneste i tilstøtende meddomsrettssaker, er det naturligvis en fordel å få vite om dette på forhånd. Uttrekningen må da foretas blant de 16. Uttrekning blant de 10 som skal tjenestegjøre i lagretten vil klarligvis først kunne foretas etter at det er klart hvilke 10 dette er, og det vet man først ved innledningen av hovedforhandlingen i lagrettesaken. Det kan for øvrig like gjerne være slik at meddomsrettsaken behandles før lagrettesaken. Domstollovens § 86 første ledd sjette punktum gjelder også i et slikt tilfelle. Med sikte på slike saker er det utelukket å foreta uttrekning blant de 10.»
Departementet ser det som ønskeleg at det i somme situasjonar er høve til å la lagrettemedlemmer gjere teneste òg i ei eller fleire meddomsrettsaker som vert handsama rett før eller rett etter lagrettesaka. Dette vil ein kunne spare både tid og pengar på. Det vil likevel kunne verte urimeleg tyngande for vedkommande lekdommar å gjere teneste i fleire saker etter kvarandre, og domstolen bør difor ikkje nytte dette høvet dersom ei av sakene ser ut til å kunne verte tidkrevjande. Det vil dessutan vere vanskelegare å oppretthalde den same kjønnsmessige fordelinga som når meddommarane blir trekt frå eit utval med menn og eit utval med kvinner.
Departementet gjer framlegg om å klargjere føresegna i domstollova § 86 første leddet sjette punktum og foreslår at meddommarar til straffesaker i lagmannsretten etter denne føresegna skal kunne trekkjast anten mellom dei som er trekt ut etter domstollova § 85, eller dei som gjer teneste etter at talet på lagrettemedlemmer er redusert ved utskyting etter straffeprosesslova § 356. Det avgjerande vil då vere tidspunktet for trekkinga. Dei som er utskotne, reiser gjerne heim att og er ikkje lenger budde på å måtte gjere teneste i ei anna sak på kort varsel. Gruppa av personar som meddommarane blir trekt frå, vil då uansett vere minst 10 personar. Lovendringa gjer det klart at dei som er utskotne, og dermed ikkje gjer teneste i lagretten, heller ikkje skal vere med i ei trekking som skjer etter utskytinga. Den situasjonen som Dommerforeningen omtaler i si høyringsfråsegn, at dei utskotne går rett inn i teneste som meddommar, vil derimot ikkje vere tillateleg korkje før eller etter endringa som det vert gjort framlegg om her.
Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova §§ 86 og 92 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
5.5 Om når advokatar kan opptre ved fullmektig
Domstollova § 223 første leddet har føresegner om når ein advokat kan opptre ved autorisert fullmektig i rettergangen. Føresegna lyder slik:
«Enhver advokat har rett til å ha en autorisert fullmektig til å opptre for seg i rettergang. Fullmektigen kan ikke opptre for Høyesterett eller ved hovedforhandling for lagmannsrett med mindre vedkommende har tillatelse etter § 221 eller § 220 til å være advokat ved vedkommende rett».
Etter to-instansreformen vert òg dei alvorlegaste straffesakene handsama ved herads- og byretten som første instans. Dette har ført til at føresegna ikkje lenger er til hinder for at fullmektigar opptrer i hovudforhandling for herads- og byretten jamvel i dei alvorlegaste straffesakene. Den Norske Advokatforening rådde difor i brev 8 desember 1995 Justisdepartementet til å vurdere ei endring av dåverande § 225 slik at fullmektigar som ikkje sjølve har advokatløyve, ikkje skal kunne prosedere dei alvorlegaste straffesakene for herads- og byretten. Samstundes tok Den Norske Advokatforening opp spørsmålet om det burde opnast for at fullmektigar kan møte for lagmannsretten i enkle straffesaker.
I høyringsbrev 6 mars 1996 sendte departementet på høyring eit framlegg om endring av domstollova § 223 slik at fullmektigar som ikkje sjølve har advokatløyve, heller ikkje kan opptre under hovudforhandling ved herads- og byretten i saker som om straff for brotsverk som etter lova kan medføre fengsel i meir enn 6 år. Samstundes vart det gjort framlegg om at retten i den einskilde sak kan tillate at ein advokat møter ved fullmektig.
Høyringsinstansane stiller seg i hovudsak positive til endringsframlegga. Den Norske Advokatforening, Den norske Dommerforening, Borgarting lagmannsrett, Agder lagmannsrett, Riksadvokatenog Statsadvokatane i Hordaland stør såleis framlegget. Agder lagmannsrett gjev likevel uttrykk for at lovmotiva bør gje rettleiing om bruken av dispensasjonsheimelen. Statsadvokatane i Rogaland vil for straffesaker ikkje ha nokon dispensasjonsheimel for saker om brotsverk som kan føre til fengselsstraff i meir enn 6 år. Denne høyringsinstansen fryktar at det kan verte ein tilnærma automatisk oppnemning av fullmektigar som den sikta ønsker å ha som forsvarar og som har vore nytta tidlegare i saka, t d ved fengslingsmøter. Indre Follo heradsrett uttaler at oppnemning av forsvarar er personleg, og at det bør vurderast om ikkje den føreslegne endringa vil medføre ei uheldig endring i forsvararoppdraget sin karakter. Denne høyringsinstansen uttaler i såleis:
«Faste forsvarere antas etter søknad. Ved avgjørelsen av hvilken søker som skal antas, legges vekt på vedkommendes faglige kvalifikasjoner og personlige egnethet. Det vil være uheldig dersom en velkvalifisert advokat antas, hvoretter forsvareroppdragene i praksis blir utført av advokatfullmektig som er dårligere kvalifisert enn andre av søkerne.»
Departementetgjer framlegg om endring av domstollova § 223 slik at ein advokat, ved hovudforhandling i dei alvorlegaste straffesakene for herads- og byretten, ikkje har høve til å opptre ved fullmektig som ikkje sjølv har advokatløyve. Samstundes foreslår departementet at retten for den einskilde sak kan tillate at advokaten møter med fullmektig òg ved hovudforhandling i lagmannsretten i sivile saker og i saker om straff som ikkje gjeld brotsverk som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år. For straffesaker er endringane ein følgje av to-instansreformen. Dei sakene som før gjekk i lagmannsretten som første instans, går no i herads- og byretten, og saker som før fekk fornya handsaming i herads- og byretten, vert etter fullstendig anke no handsama av lagmannsretten.
Føresegna utgjer i alle høve berre ei ytre ramme for når ein advokat kan opptre ved fullmektig. For straffesaker vil straffeprosesslova § 95 andre leddet vere viktigare. Det er etter denne føresegna berre advokatar som kan vere forsvarar, og forsvararoppdraget er personleg. Dette set visse grenser for når advokaten kan la sin fullmektig opptre som forsvarar i saka på sine vegne, jamvel om vilkåra i domstollova § 223 første leddet er til stades. Til dømes å la ein annan møte for seg som forsvarar i hovudforhandling, vil ikkje kunne sameinast med forsvararoppdraget, utan at det var ein føresetnad allereie ved oppnemninga at advokaten skulle kunne utføre vervet som forsvarar ved fullmektig, eller den som er sikta og retten godtek ei slik endring i forsvararoppdraget. Ein situasjon der dette kan vere aktuelt, er der advokaten uventa får forfall. Eit alternativ vil vere å oppnemne fullmektigen som forsvarar, men det må i tilfelle skje etter straffeprosesslova § 95 andre leddet andre punktumet, jf «en annen skikket person». Då er det ikkje som fullmektig at vedkomande vert oppnemnd, og avgrensinga i domstollova § 223 vert følgjeleg ikkje aktuell.
Departementet har vurdert det slik at det ikkje vil vere praktisk å la ein fullmektig som ikkje sjølv er advokat opptre i Høgsterett eller i hovudforhandling i sak om straff for brotsverk som etter lova kan føre til fengsel i meir enn seks år. Av den grunn er heimelen avgrensa til hovudforhandling i lagmannsretten. Departementet finn derimot ikkje grunn til å skilje mellom sivile saker og straffesaker i domstollva § 223. I vurderinga av om advokaten kan opptre med fullmektig, bør lagmannsretten mellom anna leggje vekt på om saka er komplisert, om fullmektigen er tilstrekkeleg med erfaring, om fullmektigen tidlegare har opptrådt i saka og om saka vil verte unødig forseinka om advokaten må møte sjølv. Dersom det gjeld ei straffesak må retten dessutan vurdere om det ligg innanfor forsvararoppdraget til vedkomande advokat å møte med fullmektig, eller om det er grunnlag for å nytte straffeprosesslova § 95 andre leddet andre punktum slik at forsvararoppdraget går over på fullmektigen.
Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova § 223 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
5.6 Føring av aktorat ved lagmannsrettane og herads- eller byrettane
Etter straffeprosesslova § 76 andre leddet kan straffesaker for lagmannsrett og herads- eller byrett førast av statsadvokatar, polititenestemenn som høyrer til påtalemakta eller advokatar. Om saka gjeld «en forbrytelse som etter loven kan medføre fengsel i mer enn 6 år, skal den føres av en statsadvokat». Når «særlige grunner» ligg føre, kan likevel riksadvokaten overføre aktoratet til andre, t d til ein politijurist.
Før to-instansreforma (lov 11 juni 1993 nr 80) var reglane ulike for lagmannsrett og herads- eller byrett. Det var då berre saker ved lagmannsretten som måtte førast av statsadvokatar om ikkje riksadvokaten i den einskilde saka hadde overførd aktoratet til ein annan. Dette skiljet vart søkt halde oppe ved lovendringa i 1993, men det er likevel noko uklart om t d polititenestemenn som høyrer til påtalemakta utan særskild overdraging kan føre saker som tidlegare vart handsama av herads- og byretten uavhengig av strafferamme, dvs ved dom i forhøyrsrett. Justisdepartementet har i rundskriv G-67/95 lagt til grunn at særskilt overdraging frå riksadvokaten ikkje er nødvendig i vedgåingssaker som vert handsama i forhøyrsretten, sjølv om strafferamma er over 6 års fengsel. På bakgrunn av brev 17 august 1995 frå riksadvokaten, der det vart gjeve uttrykk for at ei presiserande lovendring ville vere ønskeleg, tok departementet i høyringsbrev 6 mars 1996 opp spørsmålet. Departementet gjorde der framlegg om at det berre skulle vere ved hovudforhandling at kravet om at saka skulle førast av statsadvokat skulle gjelde.
Den norske Dommerforening, Riksadvokaten, Oslo statsadvokatembeter, Statsadvokatane i Hordaland, Statsadvokatane i Rogalandsamt Hedmark og Oppland statsadvokatembeter stør framlegget. Statsadvokatane i Rogaland uttaler:
«I den grad dagens bestemmelse er uklar, skader det ikke med en presisering. Vi har dog ikke fått signaler om det i den tiden to-instansreformen har virket har vært noe problem. Det synes åpenbart at når påtalemyndigheten kan la være å møte, kan den også møte med en politijurist. I forhørsrettsaker er det ikke aktorering om skyldsspørsmålet, bare om straffeutmålingen hvor statsadvokaten i sin påtegning har gitt en bindende straffepåstand. Det er således ubetenkelig å la politijuristene møte i forhørsretten for å begrunne påtalemyndighetens straffepåstand.»
Ingen høyringsinstansar går i mot framlegget. Fleire av dei høyringsinstansane som stiller seg positive til framlegget, har likevel merknader til den nærare utforminga av regelen. Riksadvokaten og Oslo statsadvokatembeter tek til orde for ei meir omfattande endring av strprl § 76 enn departementet la opp til i høyringsbrevet. Bakgrunnen for dette er at før to-instansreforma gjekk det fram av strprl § 6 at vedgåingssaker, dvs der den som er sikta tilstår i retten og dette vert styrka av andre opplysningar i saka, skulle førast for herads- og byrett så lenge det ikkje gjaldt brotsverk som kunne føre til fengsel i meir enn 10 år. Auka maksimumsstraff grunna gjentaking, konkurrens eller straffelova § 232 skulle i denne samanheng ikkje ha noko å seie. Sidan desse sakene skulle handsamast i herads- og byretten var ikkje riksadvokatens avgjerd nødvendig for at andre enn statsadvokatane kunne vere aktor. Om dette uttaler Oslo statsadvokatembeter:
«Det er vanskelig å finne holdepunkter for at denne endring var tilsiktet, men loven er likevel klar på dette punkt. I praksis har dette medført at Statsadvokatene i Oslo nokså konsekvent ber Riksadvokaten oppnevne en politijurist som aktor for herreds/byretten i «tilståelsessakene». Etter hva vi har erfart har Riksadvokaten uten unntak innvilget statsadvokatens søknad.»
Riksadvokaten har same syn som Oslo statsadvokatembeter på vedgåingssakene. Han gjev uttrykk for at det er upraktisk at Riksadvokaten i kvar einskild sak skal måtte avgjere om aktoratet skal overlatast til politiet. Riksadvokaten går i denne samanheng heller ikkje inn for at hovudregelen for herads- og byretten bør vere personleg oppnemning av ein av politiet sine tenestemenn som aktor. Riksadvokaten går vidare inn for å presisere i strprl § 76 at statsadvokaten skal føre sak om sikring. Etter påtaleinstruksen § 23-1 er det statsadvokaten som tek stilling til om sikringssak skal reisast, men desse sakene har i praksis likevel vorte aktorert av politiet. Riksadvokaten uttaler at det er:
«... vanskelig å se hvorfor f eks en drapssak mot en utilregnelig lovbryter - som det av hensyn til samfunnsbeskyttelsen er nødvendig å treffe tiltak overfor - jevnlig aktoreres av politiet, men av en statsadvokat i tilfeller der tiltalte er tilregnelig. Sakene reiser regelmessig vanskelige problemstillinger og aktoratet bør derfor i alle sikringssaker i alminnelighet føres en statsadvokat. Dette gjelder også sikringssaker etter det dobbeltsporede system (påstand om både straff og sikring) hvor det unntaksvis er aktuelt å reise sikringssak ved overtredelse av straffebestemmelser med strafferamme 6 år eller mindre. Riksadvokaten har vurdert om disse retningslinjene burde gis som instruks, men er kommet til at tillegg i straffeprosessloven § 76 er mer hensiktsmessig.»
Departementet er samd i at det i større grad enn departementet la opp til i høyringsbrevet kan vere tenleg å revidere reglane om kva saker statsadvokatane kan overlate til dømes til polititenestemenn innan påtalemakta å aktorere, og dei sakene berre riksadvokaten i særlege høve kan gjere dette. Departementet gjer såleis framlegg om at det skal vere opp til statsadvokatane å avgjere kven som skal aktorere vedgåingssaker som før to-instansreformen ville ha gått for herads- eller byrett. Departementet er òg samd i at statsadvokatane som hovudregel bør aktorere saker om sikring (etter at lov 17 januar 1997 nr 11 tek til å gjelde vil dette vere saker om overføring til tvunge helsevern etter straffelova § 39 eller forvaring). Sjølv om dette er ei innstramming i forhold til kva som elles ville ha gjelde, er spørsmålet av ein slik karakter at riksadvokaten kunne ha oppnådd det same ved bruk av instruks etter påtaleinstruksen § 24-1 ovanfor statsadvokatane, og ei endring vil bidra til å styrke rettstryggleiken til dei som er sikta. Spørsmålet har dermed ikkje vore sendt på høyring.
Departementet har elles nytta høvet til å gjere framlegg til ei omredigering av § 76 og viser elles til forslaget til endringane i straffeprosesslova § 76, lov 17 januar 1997 nr 11 og merknadene til forslaga i pkt 11 nedanfor.
5.7 Endringar i domstollova § 2
Domstollova § 2 inneheld ei opplisting av dei ulike særdomstolane. Denne opplistinga har over tid vorte forelda. Dei militære straffedomstolane (§ 2 nr 6) forsvann ved lov 24 juni 1994 nr 36 som tok til å gjelde 1 juli 1997. Fiskeridomstolane (§ 2 nr 4) vart ikkje førde vidare når noverande lov om saltvannfiske (lov 3 juni 1983 nr 40) vart vedteken. I domstollova § 2 nr 3 vert det vist til skjønnskommisjoner som er sett ned etter lov om bygningsvesenet i Kristiania av 26 mai 1899 § 12. Den korrekte tilvisinga skal no vere plan og bygningslova § 60. Departementet gjer framlegg om at domstollova § 2 vert oppdatert i samsvar med dette og viser til lovframlegget og merknaden til føresegna i pkt 11 nedanfor.
5.8 Protokollasjon ved saksførebuande møte
Straffeprosesslova § 20 inneheld reglar om protokollering av forklaringar som partar, vitne eller sakkunnige gjev i rettsmøte utanfor hovudforhandling. Hovudregelen er etter første leddet at slike forklaringar skal protokollerast. I tredje leddet er det gjort eit unntak for rettsmøte under saksførebuinga. I slike rettsmøte kan retten sjølv avgjere i kva grad forklaringar skal protokollerast eller ikkje. I denne unntaksføresegna vert det i ein parentes vist til straffeprosesslova § 272, og dette har reist tvil om unntaket berre knyter seg til dei særskilde saksførebuande rettsmøta etter § 272, og ikkje den generelle heimelen for saksførebuande møte som vart vedteken som § 274 andre leddet ved lov 24 august 1990 nr 54.
Departementet er av den oppfatning at tilvisinga til § 272 må reknast som eit hjelpemiddel til å finne fram til reglane om saksførebuande møter, som då regelen vart gjeve, utelukkande var § 272. At departementet i tilknyting til lovendringa i 1990 oversåg at tilvisinga burde fjernast eller endrast, får dermed ikkje den verknad at føresegna ikkje gjeld for saksførebuande møter etter § 274 andre leddet. For å unngå liknande tvilstilfelle i framtida finn departementet det mest tenleg at tilvisinga vert fjerna og viser til slikt framlegg om endring av straffeprosesslova § 20 og merknaden til framlegget i pkt 11 nedanfor.