8 Endringar i nokre av rettergangsreglane for Høgsterett
8.1 Reglane om prøveadvokatar for Høgsterett
For å få løyve til å vere advokat for Høgsterett må ein advokat mellom anna ha vist seg skikka til å føre saker for Høgsterett gjennom to prøvesaker.
I same sak kan det i dag berre vere ein prøveadvokat, jf domstollova § 221 andre leddet siste punktum. Dersom det er fleire av prosessfullmektigane i ei sak som ikkje har løyve til å føre saker for Høgsterett og dermed ønsker å vere prøveadvokat, vert det avgjort etter reglar som Den Norske Advokatforening handhevar, kven av advokatane som skal prioriterast. Høgsterett har likevel tillate at det i same sak kan vere fleire prøveadvokatar, men aldri både for den ankande parten og for den som er motpart. Høgsterett gjorde i brev til Justisdepartementet 27 januar 1995 framlegg om følgjande unntaksføresegn:
«Likevel kan Høyesteretts formann etter søknad gi tillatelse til at en advokat kan utføre saken som prøvesak selv om det møter prøveadvokat på den annen side. Slik tillatelse kan gis dersom advokaten har vært prosessfullmektig i en tidligere instans og det på grunn av et særlig omfattende saksforhold eller andre særlige omstendigheter bør unngås at parten må skifte prosessfullmektig.»
Bakgrunnen for framlegget gjekk fram av eit vedlagt notat utarbeidd av høgsterettsdommar Gunnar Aasland, der det m a heitte:
«At det i hver sakopptrer iallfall én advokat som tidligere har vist seg skikket for prosedyre i Høyesterett, gir økt trygghet for at saken vil bli forelagt Høyesterett på en tilfredsstillende måte. I denne forbindelse er det også av betydning at denne advokat gjennom sin praktiske erfaring og sitt kjennskap til Høyesteretts arbeidsmåte vil kunne bidra til at saken forberedes og tilrettelegges på en slik måte som praksis ved Høyesterett tilsier. Den erfarne advokat vil også kunne gi veiledning og - iallfall ideelt sett - kunne tjene som mønster for sin kollega som ikke har erfaring i prosedyre for Høyesterett.
...
Selv om lovens hovedregel er - og fortsatt må være - at det bare kan møte én prøveadvokat i hver sak, er det neppe avgjørende betenkeligheter ved å gjøre unntak i særlige tilfelle for advokater som har prosedert saken i tidligere instanser. Riktignok kan det by på visse problemer når det på begge sider møter advokater uten erfaring i prosedyre for Høyesterett, men med det krav til praksis som stilles til prøveadvokater i domstollovens § 220 første ledd nr 1 [nr 2 etter endringer ved lov 4 juli 1991 nr 44], vil en prøveadvokat iallfall vanligvis ha en viss erfaring i prosedyre fra lavere instanser. Ellers er jo poenget ved en unntaksregel at den manglende erfaring i prosedyre for Høyesterett må antas å bli oppveid av fordelene ved advokatens særlige kjennskap til saken.
Hvis det etableres en unntaksregel, vil den først og fremst være aktuell i saker hvor det er av særlig betydning at prøveadvokaten kjenner sakens faktiske sider. Men det kan nok tenkes andre tilfelle hvor den advokat som har hatt saken i tidligere instanser, bør kunne få anledning til å prosedere den for Høyesterett. Det kan således forekomme enkelte særegne saker hvor det er av vesentlig betydning at en part får beholde den advokat som han har etablert et tillitsforhold til. I noen saker kan nok også praktiske hensyn - for eksempel hensynet til tidsforbruk - eller økonomiske hensyn tale med særlig tyngde for at det ikke bør skje advokatskifte for Høyesterett. Men selv om et skifte av advokat vanligvis vil medføre økte omkostninger, må det nok være den store hovedregel at dette ikke gir tilstrekkelig grunnlag for å tillate to prøveadvokater i samme sak.
Jeg skulle anta at det beste ville være å ha en noenlunde elastisk regel, som ikke er strengt begrenset til tilfelle hvor advokatens kjennskap til sakens faktiske sider er det avgjørende hensyn. Dette vil også gi muligheter for en forsiktig oppmykning av praksis, dersom erfaringene skulle tilsi det.»
Departementet gav i høyringsbrev 6 mars 1996 uttrykk for at ein slik unntaksføresegn «synes ubetenkelig» og gjekk inn for at regelen i tilfelle kunne formulerast som ein noko meir elastisk regel, slik at det i same sak berre skal vere ein prøveadvokat, med mindre Høgsterett av særlege grunnar gjev løyve til anna. Av høyringsinstansane er det berre Den Norske Advokatforening og Den norske Dommerforening som uttaler seg, og begge stør framlegget.
Departementet gjer såleis framlegg om at det skal vere høve til å tillate fleire prøveadvokatar i same sak og viser til den grunngjevinga som er omtalt ovanfor. Departementet finn det mest naturleg at avgjerda blir teken av Høgsteretts kjæremålsutval, som kan kjenne saka gjennom si førebels handsaming etter tvistemålslova § 373. Dette bør gå beinveges fram av lova.
I eit brev seinare, dagsett 21 mai 1999, har Høgsterett gjort framlegg om ei anna endring i reglane for prøveadvokatar. Det gjeld vilkåret om at minst ei av prøvesakene lyt vere ei sivil sak for den ankande parten, jf domstollova § 221 andre leddet andre punktum. Høgsterett gjorde sitt framlegg etter eit initiativ frå advokat Ole Jakob Bae, som andsynes Høgsterett hadde teke til orde for i særskilde høve å opne for at advokatprøva vert avlagd ved utføring av to straffesaker for Høgsterett. Han synte til at dei gjeldande prøvereglane somme tider kan tvinge fram eit forsvararskifte jamvel om omsynet til rettstryggleiken for tiltalte taler imot. Advokat Bae hadde mellom anna i tankane omfattande eller kompliserte straffesaker der det vil vere ein føremon for tiltalte å ha den same forsvararen for Høgsterett som for dei lågare instansane.
Høgsterett uttalte i brevet 21 mai 1999 mellom anna:
«Etter Høyesteretts syn bør forslaget følges opp med en endring av domstolloven § 221 annet ledd, likevel slik at adgangen til å gjøre unntak fra kravet om minst en sivil sak for den ankende part, bør gjelde både for sivile saker for ankemotparten og for straffesaker. De hensyn som taler for at det bør innføres en mulighet for å gjøre unntak i straffesaker, kan gjøre seg minst like sterkt gjeldende for ankemotparten i en sivil sak. For eksempel kan bevistilbudenes art og omfang i særlig omfattende saker gjøre det vanskelig for en ny advokat å få den samme oversikt over saksforholdet som den tidligere prosessfullmektig. Prosessøkonomiske hensyn vil dessuten spille sterkere inn i sivile saker ettersom et advokatskifte normalt vil medføre økte saksomkostninger.
Høyesterett viser for øvrig til departementets forslag til endring av domstolloven § 221 annet ledd siste punktum for så vidt gjelder adgangen til å tillate mer enn en prøveadvokat i samme sak. Selv om det her er tale om en annen side av prøveadvokatordningen, vil de bærende rettssikkerhetsmessige og prosessøkonomiske hensyn som taler for innføring av en unntaksbestemmelse i betydelig grad være sammenfallende.
Høyesterett foreslår at domstolloven § 221 annet ledd annet punktum erstattes med følgende lovtekst:
«Prøven omfatter utføringen av to muntlige saker. Minst en av disse må være en sivil sak for den ankende part med mindre Høyesterett av særlige grunner gir tillatelse til annet.»
Nåværende tredje punktum blir nytt fjerde punktum osv.
Endringsforslaget er utformet med tanke på å gi Høyesterett adgang til å vurdere om forholdene i den enkelte sak tilsier at man bør bruke unntaket. Ut fra begrunnelsen for forslaget bør det imidlertid være et vilkår at vedkommende advokat har prosedert saken for lagmannsretten, eventuelt herreds- eller byretten ved direkte anke til Høyesterett.»
Departementet ser for sin del at det kan vere gode grunnar som taler for framlegget frå Høgsterett. Utgangspunktet må likevel vere at advokatane - og partane deira - rettar seg etter dei reglane som gjeld for bruken av prøveadvokatar når ein har prøveadvokatordninga for Høgsterett. Men reint unntaksvis kan det vere så sterke grunnar som taler for å la ein advokat (utan møterett for Høgsterett) som har ført saka i tidlegare instansar, halde fram i Høgsterett jamvel om dei vanlege krava for å prosedere som prøveadvokat for Høgsterett ikkje er oppfylde. Departementet har merka seg at Høgsterett sjølv går god for ein slik unntaksheimel, og går ut frå at han berre vil verte nytta når det er ein klår føremon både for rettstryggleiken og reint prosessøkonomisk. Departementet er òg samd med Høgsterett i at det lyt vere eit vilkår at vedkommande advokat har ført saka i instansen før Høgsterett. Men det vil sjølvsagt ikkje åleine vere nok til å gjere unntak. Departementet ser ikkje grunn ta dette eller andre vilkår inn i lova, men meiner at den nærare bruken av unntaksheimelen får vere opp til Høgsterett sin eigen praksis.
Det har ikkje vore råd å sende framlegget frå Høgsterett ut på ei vanleg høyring. Departementet har likevel ikkje grunn til å tru at det vil vere avgjerande motsegner mot framlegget når Høgsterett går inn for det. Når departementet tar det med i proposisjonen her utan høyring, kjem det av at det i grunngjevinga heng nært saman med framlegget til endring i § 221 andre leddet siste punktum, som Høgsterett viser til i brevet sitt. Som det går fram ovanfor, har dette framlegget fått støtte frå dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet.
Departementet meiner at det bør vere kjæremålsutvalet i Høgsterett som tar avgjerd om unntak frå kravet om at minst ei av prøvesakene lyt vere ei sivil sak for den ankande parten. Departementet meiner det bør gjelde same ordninga her som etter § 221 andre leddet siste punktum, og viser til grunngjevinga ovanfor.
Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova § 221 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
8.2 Kjæremålsutvalet si handsaming av kjæremål i straffesaker
Ved lovendring 11 juni 1993 nr 83 vart det etter initiativ frå Høgsterett opna for summarisk handsaming av visse sivile kjæremål i kjæremålsutvalet, jf tvistemålslova §§ 403 a og § 404 nytt andre ledd. Endringane vart gjorde for å lette kjæremålsutvalet si arbeidsbyrde og gjekk ut på at kjæremålet i visse høve kunne avvisast eller forkastast utan annan grunngjeving enn at det vart vist til anten § 403 a eller § 404 andre leddet. Vilkåret etter § 403 a er at kjæremålsutvalet samrøystes finn det klart at kjæremålet ikkje kan føre fram. For vidare kjæremål er høvet til «siling» endå meir omfattande i og med at eit vidare kjæremål kan avvisast utan realitetshandsaming dersom kjæremålsutvalet samrøystes finn at ei avgjerd ikkje vil ha noko å seie for andre saker og heller ikkje andre sider ved saka tilseier at kjæremålsutvalet bør handsame saka, jf § 404 andre leddet.
I brev 26 januar 1995 til Justisdepartementet gjer Høgsterett framlegg om tilsvarande endringar i straffeprosesslova, samt ei lita eindring i tvistemålslova § 403 a. I brevet går det fram at arbeidsbyrda til kjæremålsutvalet ikkje er like stor ved straffekjæremål som ved sivile kjæremål, og at det dermed ikkje er like mykje å vinne ved å innføre heimel til summarisk handsaming. Høgsterett peikar derimot på at omsynet til samanheng mellom kjæremålsreglane i straffeprosesslova og tvistemålslova, og ikkje minst omsynet til samanheng mellom reglane om handsaming av anker og reglane om handsaming av kjæremål, tilseier at det vert opna for summarisk handsaming av straffekjæremål. Høgsterett viser i den samheng til at straffeprosesslova § 321 som gjev lagmannsretten høve til å samrøystes nekte anker fremma utan grunngjeving, og at anker til Høgsterett etter straffeprosesslova § 323 berre skal tillatast fremma dersom spørsmålet vil kunne ha noko å seie for andre saker eller det av andre grunnar er særleg viktig at saka vert prøvd for Høgsterett. Avgjerd som avviser slik anke kan gjerast samrøystes utan grunngjeving og Høgsterett framhevar i sitt brev at det då verkar inkonsekvent at eit kvart kjæremål skal måtte handsamast fullt ut.
Høgsterett gjorde samstundes framlegg om å presisere i tvistemålslova § 403 a at kjæremålsutvalget kan stadfest avgjerder som er påkjærde, ikkje berre avvise eller forkaste kjæremålet. Når kjæremålet i ei sak der utvalet har full kompetanse ikkje fører fram, følgjer det av allmenn rettergangspraksis at utvalget skal stadfeste den påkjærte avgjerda. Med støtte i førearbeida til § 403 a har kjæremålsutvalget gått fram slik i praksis, men Høgsterett tilrådde at denne praksisen bør kome til uttrykk i lovteksten.
Ved høyringsbrev 6 mars 1996 vart framlegga sende på høyring. Ingen av høyringsinstansane går mot framlegga. Riksadvokaten og Den Norske Advokatforening har ingen merknader. Den norske Dommerforening uttaler at framlegget er:
«... et ledd i arbeidet med å effektivisere saksbehandlingen i Høyesterett og [Straffeprosessutvalget] mener at Høyesterett best kan bedømme hva som er nødvendig.»
Departementet er samd i framlegga frå Høgsterett. Sjølve framlegget til endringar i straffeprosesslova byggjer på tilsvarande endringar i tvistemålslova ved lov 11 juni 1993 nr 80 og medfører ei harmonisering av reglane om kjæremål i sivile saker og i straffesaker.
Departementet viser elles til forslaget til ny § 387 a i straffeprosesslova, endringane i straffeprosesslova § 388 og tvistemålslova § 403 a samt merknadene til forslaga i pkt 11 nedanfor.
8.3 Fjerning av kravet om advokat med møterett for Høgsterett i sivile skriftlege ankesaker
I brev frå Høgsterett 24 mars 1997 er det uttrykt følgjande om endringa av kravet til advokat med møterett for Høgsterett:
«Det følger av tvistemålsloven § 44 første ledd at det må brukes advokat med møterett for Høyesterett i ankesaker som er undergitt skriftlig behandling. Dette gjelder for advokater på begge sider. Et skifte av advokat vil ofte føre til forsinket fremdrift og vil i de fleste tilfeller være omkostningsøkende. Etter Høyesteretts oppfatning er det ikke behov for noen slik bestemmelse i skriftlige saker, og det foreslås at partene kan la seg representere av advokater som ikke har møterett.»
Den Norske Advokatforening uttaler at det ikkje er noko å merke til framlegget, og at det er på tide at dette kravet vert oppheva. Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til endringa.
Departementet meiner at framlegget bør følgjast opp. Omsyna som generelt tilseier at advokatar må ha møterett for Høgsterett gjer seg ikkje like sterkt gjeldande ved skriftleg handsaming av ankesaker for Høgsterett. Departementet legg til grunn at endringa vil gjere det at ein raskare vil få ei endeleg avgjerd i somme skriftlege ankesaker, og at det vert billegare for partane. Departementet viser elles til framlegget til endring av tvistemålslova § 44 og merknader til dette i punkt 11 nedanfor.
8.4 Bør høvet til å kome med ny omstende og prov i sivile ankesaker avgrensast?
I brevet frå Høgsterett 23 mai 1997 vart det uttrykt følgjande om krava til anke og anketilsvar:
«Tvistemålsloven § 365 angir kravene til ankeerklæringer. Bestemmelsen gjelder både for anker til lagmannsrettene og anker til Høyesterett, og kravene til innholdet av ankeerklæringen er de samme uten hensyn til hvilken instans det ankes til. Bestemmelsen skiller mellom det som «må nevnes» og det som «bør nevnes». Generelt kan det sies at kravene til det som skal være med, er relativt små ... .
Reglene om anketilsvaret, som også er felles for anker til lagmannsrettene og anker til Høyesterett, finnes i § 371 jf §§ 121 og 122. Det er ingen plikt til å inngi anketilsvar, og inngis anketilsvar, gir § 371 kun en «bør-regel» med hensyn til hva det skal inneholde.
Helhetsinntrykket av de ankeerklæringer og anketilsvar som inngis til Høyesterett, er at det legges atskillig arbeid i dem. Advokatene vet at nåløyet for å få saker inn for Høyesterett er trangt. Ankeerklæringen utformes med det for øye å få anken henvist, og anketilsvaret utformes gjennomgående med henblikk på å få anken nektet fremmet. ... Men selv om det vanligvis legges arbeid i ankeerklæringen og anketilsvaret, og disse også oftest er tilfredsstillende i forhold til de någjeldende lovbestemte krav, er det grunn til å reise spørsmålet om ikke kravene bør være større og andre. Særlig to forhold kan tilsi dette:
Rammen for en ankesak til Høyesterett bør være trukket opp når saken henvises. Det medfører at ankeerklæringen og anketilsvaret må - eventuelt ved henvisning til lagmannsrettens dom - angi de rettsfakta som påberopes og de bevisfakta som vil bli gjort gjeldende.
Et slikt krav til fullstendighet i ankeerklæringen og anketilsvaret må være overkommelig for partene. ...
I ikke helt få tilfeller endrer ankesaker omfang og karakter etter henvisning. Det bringes f eks inn en rekke nye bevis eller påberopes anførsler som ikke har vært fremme tidligere. Utgangspunktet etter § 375 er jo også at nye bevis og anførsler kan fremsettes inntil fristen etter bestemmelsen er utløpt. For anker til Høyesterett kan denne ordningen iallfall sies å stå i dårlig sammenheng med § 373 tredje ledd, hvor f eks vurderingen etter nr 2 må skje på bakgrunn av de bevis det ved henvisningstidspunktet er sannsynlig at Høyesterett må vurdere.
Rent unntaksvis kan det nok tenkes tilfeller hvor det vil være urimelig etter henvisning å nekte en part å ta opp nye retts- eller bevisfakta. Slike unntakstilfeller bør man kunne ta høyde for ved en regel om at kjæremålsutvalget i særlige tilfeller kan gi parten tillatelse til å påberope nye retts- eller bevisfakta.
Videre foreslås reglene om ankeerklæringen og anketilsvaret utformet slik at partene må uttale seg om forhold som eventuelt kan tale for at anken nektes fremmet ... .»
I høyringsbrevet 12 november 1998 vart framlegg om å endre tvistemålslova §§ 365 og 371 samt ny § 375 a sendt på høyring. Framlegget inneber:
«[k]rav om at ankefråsegna og anketilsvaret tar med dei omstenda og prova(rettsfakta og bevisfakta) som parten vil gjere gjeldande ved ankeførehavinga. I samanheng med dette blir ankemotparten skuldig å gje anketilsvar.Etter at Kjæremålsutvalet har vist anken til handsaming i Høgsterett, vil partane ikkje lenger ha høve til å kome med nye omstende og provutan at utvalet unntaksvis gjev samtykke. Endringane vil gje meir rasjonell munnleg førehaving i Høgsterett når det på førehand er klårt kva for spørsmål som kjem opp.»
Borgarting lagmannsretthar i hovudsak berre språklege merknader til forslaga. Borgarting lagmannsrett uttrykker at:
«... retts- og bevisfakta (omstendigheter og bevis)» er nye uttrykk. «Det bør ... vurderes nærmere om det er hensiktsmessig å introdusere også disse betegnelsene i loven, som for rettsfaktas vedkommende allerede benytter uttrykkene «omstændigheter» (§ 300 nr 2) og «anførsler» (§ 355) om de grunnlag som blir påberopt fra partene. Selv om «rettsfakta» og «omstendigheter» har det samme meningsinnhold, gjelder ikke dette uten videre for «bevisfakta» og «bevis». Rent terminologisk kan forslaget derfor synes mindre heldig. Grensedragningen mellom rettsfakta og bevisfakta kan også by på problemer i praksis, jf Aasland i TfR 1967 s 157 flg, særlig s 187-88.»
Regjeringsadvokatengår i utgangspunktet inn for å fremje forslaga som effektiviserer sakshandsaminga av sivile saker i Høgsterett og sluttar seg difor stort sett til dei forslaga til endring av tvistemålslova som er omtalt i høyringsbrevet. Regjeringsadvokaten er likevel kritisk til framlegget om ny § 375 a fordi framlegget inneber at «preklusjonstidspunktet skyves frem i tid». Regjeringsadvokaten uttaler såleis:
«Det kan være rimelig og relativt hyppig forekommende grunner til at bevis og anførsler ikke er endelig klarlagt på henvisningstidspunktet. For det første gjør møterettsordningen at parter relativt ofte bytter advokat for Høyesterett. Praktisk og økonomisk er det lite ønskelig å foreta reelt advokatbytte før det er avgjort at anken henvises. Samtidig tilsier erfaring at når ny advokat kommer inn i bildet, vil faglige vurderinger og prioritering kunne endres og behov for nye anførsler eller bevis oppstå, i partens interesse. For det andre finner bevisopptak sted først etter henvisningen. Under bevisopptak kan det tenkes å fremkomme opplysninger som må betegnes som «nye» bevis som er prekludert etter § 375 a. Dette vil kunne avstedkomme tid- og ressurskrevende formalprosedyre rundt protokollering av bevisopptak - spesielt av vitner som er nye for Høyesterett - avdekker behov for fremleggelse av ytterligere bevis, eller grunnlag for en ny anførsel.
Til en viss grad vil slike problemer kunne løses gjennom den sikkerhetsventilen som foreslås inntatt i bestemmelsen. Det forutsettes imidlertid at kjæremålsutvalget kun skal gjør unntak når «sterke grunner» taler for det. Det betyr at partene risikerer å bli stående i skranken i Høyesterett med problemstillinger som er mer av akademisk enn praktisk interesse for dem. Det bør være et viktig hensyn i sivilprosessen for alle instanser at prosessreglene legger til rette for å løse det partene oppfatter som den egentlige rettslige konflikten.
Alternativt kan unntaksordningen praktiseres mer lemfeldig. Da forsvinner på den annen side langt på vei begrunnelsen for å innføre bestemmelsen. ...
Det kan tenkes alternative måter å forhindre at saker på feilaktig grunnlag henvises til Høyesterett. Eksempelvis kan vurderes å gi kjæremålsutvalget kompetanse til på ethvert stadium av saksforberedelsen å revurderer sin beslutning om å fremme saken, som følge av nye anførsler eller bevis.»
Den Norske Advokatforeninger tilsvarande skeptisk til framlegget om preklusjon av høve til å fremje nye «omstendigheter og bevis». Advokatforeningen uttaler:
«Det viktigste, for å hindre en uønsket utvidelse og/eller vidløftiggjøring av saken, må vel være å legge en begrensning på adgangen til å gjøre gjeldende nye anførsler. ... På den annen side bør det vises forsiktighet med å avskjære nye anførsler som er sterkt beslektet med de anførslene som allerede er gjort i gjeldende i saken, og som derfor ikke krever noe nytt bevisstoff, samt nye anførsler som er foranlediget av nye opplysninger som måtte fremkomme under bevisopptakene. ... For domstolen vil det selvsagt være hyggelig om saken er mest mulig fullstendig opplyst allerede under behandlingen i kjæremålsutvalget. Men for partene kan det fremstå som et nær sagt bortkastet arbeid så lenge man ikke vet om anken vil slippe inn eller ikke. ... Forslaget om hvordan man i tilfelle må innhente samtykke fra domstolen til å legge frem et nytt dokument i en sak som faktisk har sluppet inn for Høyesterett, synes også å være noe upraktisk. ... Hva angår parter og vitner ... er det tale om bevistilbud som på mange måter står i en særstilling. For det første er slike bevisopptak ressurskrevende å gjennomføre, og de er også kostnadskrevende for partene.
For det annet kan det være greit at det i forbindelse med ankeerklæring og anketilsvar blir angitt hvor mange personer som må avhøres ved bevisopptak, og helst også hvor mange bevisopptak som må gjennomføres, ettersom ressursbruken har kan være et moment av betydning ved avgjørelsen om anken skal henvises til behandling eller ikke. Normalt vil det heller ikke være spesielt vanskelig for prosessfullmektigene å ha rimelig god oversikt over hvilke vitnebevis som er aktuelle i saken. Det vil derfor være mindre betenkelig å innføre en begrensing her.»
Advokatforeningen foreslår etter dette ein ny regel om avgrensa høve til å gjere nye rettsfakta gjeldande og avgrensa høve til å krevje andre bevisopptak enn dei som er teke med i ankeerklæringa eller anketilsvaret.
Departementet legg vekt på at Høgsterett lyt prioritere kva for ankesaker som skal sleppe fram til førehaving i retten. Denne prioriteringa skjer gjennom kjæremålsutvalet si handsaming og siling av ankar etter tvistemålslova § 373, og det er om å gjere at ho kan gå føre seg på eit realistisk grunnlag. Eitt viktig kriterium for prioriteringa er kva for verknad for framtidige saker det kan ha å få Høgesterett si avgjerd av den aktuelle saka, jf § 373 tredje leddet nr 4. Dersom ei ankesak vert fremma på dette grunnlaget, vil det vere mindre heldig om ho under ankeførebuinga endrar karakter, til dømes til å bli heilt avhengig av konkret provsvurdering. Når ei sak alt er prosedert i to instansar, lyt partane og advokatane deira kjenne henne så vel at ei ankefråsegn til Høgsterett kan få greitt fram kva for prinsippspørsmål saka gjeld.
Departementet meiner at prosessreglane bør leggje til rette for at Høgsterett på beste vis kan fylle den serlege funksjonen som Høgsterett har i rettslivet. Det må skje i eit samspel med dei prosederande advokatene. Med dei røynslene som Høgsterett har gjort, finn departementet det rettast å gjere framlegg om lovendringar som skjerpar krava til ankefråsegn og anketilsvar, og som innsnevrar høvet til å endre ankesaka si karakter etter at kjæremålsutvalet har vist henne til handsaming i Høgsterett. Departementet peikar elles på at den røynsla som ein får med endringane her, kjem til nytte ved den ålmenne revisjonen av tvistemålslova som Tvistemålsutvalet førebur.
Departementet tek difor i hovudsak opp dei framlegga som vart sende på høyring. Men departementet finn det rettast ikkje å legge om terminologien no, jf motsegnene frå Borgarting lagmannsrett. Ei slik terminologisk omlegging får heller bli vurdert av Tvistemålsutvalet. Departementet viser ellers til framlegget til endring av tvistemålslova §§ 365, 371 og 375 og merknader til endringane i pkt 11 nedanfor.
8.5 Partane sin uttalerett før ei sivil ankesak vert nekta fremma
Departementet gjorde i høyringsbrevet 12 november 1998 framlegg om at kjæremålsutvalet fritt kan avgjere om ankeparten skal få uttale seg før anken vert nekta fremma etter § 373 tredje leddet. I høyringsbrevet heitte det:
«Etter gjeldande rett har ankeparten krav på å få uttale seg om dette først. Ein lyt sjå endringsframlegget i samanheng med framlegget til endringar i §§ 365 og 371, som vil gjere at partane bør seie frå i ankefråsegna og anketilsvaret om tilhøve som kan ha noko å seie for vurderinga etter § 373 tredje ledd. Ankeparten vil dessutan ha høve til å gje særskilt fråsegn av eige tiltak om synspunkt som ankemotparten har sett fram i anketilsvaret, og som kan påverke denne vurderinga.»
Høgsterett uttalte i brevet 23 mai 1997:
«Etter Høyesteretts mening bør slik utskriving ikke lenger være en obligatorisk ordning. I ganske mange saker vil det allerede når anken kommer inn til kjæremålsutvalget fremstå som helt klart for samtlige medlemmer at utvalget at anken vil bli nektet fremmet. Utskriving bør i slike tilfeller kunne sløyfes. Den ankende part blir ved den nåværende ordning påført et unødvendig arbeid og også unødvendige utgifter. For ankemotparten vil utskrivingen medføre at dommen blir rettskraftig noen uker senere enn den ellers ville blitt. Kjæremålsutvalget og Høyesteretts administrasjon påføres også arbeid ved denne ordningen.
Høyesterett vil foreslå at uttrykket «efter å ha gitt den ankende part adgang til å uttale sig» går ut av lovteksten. Det blir da opp til kjæremålsutvalget å ta stilling til om den ankende part skal gis et varsel. Det er ikke grunn til å fastsette bestemte vilkår for når utskriving kan sløyfes. Det forutsettes at det fortsatt vil bli «skrevet ut» når kjæremålsutvalget mener at dette vil kunne medføre at henvisningsspørsmålet blir bedre belyst.»
Av høyringsinstansane er det berre Den Norske Advokatforening som har konkrete merknader til framlegget. Advokatforeningen uttaler såleis: «Hva derimot angår forslaget til nytt fjerde ledd i tvml. § 373, mener utvalget at det snarere bør lyde slik:
«Kjæremålsutvalget bestemmer hvorvidt uttalelse bør innhentes fra den ankende part før det treffes avgjørelse etter tredje ledd nr. 2, 3 og 4.»
Det ligger i denne formuleringen at den obligatoriske ordningen med at det først innhentes uttalelse fra den ankende part før det treffes avgjørelse etter tvml. § 373 tredje ledd nr. 1, etter lovutvalgets skjønn ikkebør oppheves. Dette har sammenheng med at når en anke blir nektet fremmet etter tvml. § 373 tredje ledd nr. 1, har det funnet sted en realitetsvurdering av anken i motsetning til avgjørelser etter de øvrige nummer etter tredje ledd, hvor det nettopp ikke finner sted noen realitetsvurdering. Og den realitetsvurdering som foretas etter tvml. § 373 tredje ledd nr. 1, vil i praksis nesten alltid gå på spørsmålet som har med rettsanvendelse å gjøre.
Dette betyr at en avgjørelse om å nekte en anke fremmet etter tvml. § 373 tredje ledd nr 1 kommer i en særstilling. Ettersom disse avgjørelser er så mye viktigere enn de øvrige avgjørelser som treffes av kjæremålsutvalget etter tvml. § 373 tredje ledd, kan det være grunn til å fremholde følgende:
Den ankende part bør fortsatt, som nå, få anledning til å uttale seg før kjæremålsutvalget treffer sin avgjørelse.
Det varsel som sendes til den ankende part, bør inneholde en nærmere beskrivelse av hvilket forhold kjæremålsutvalget finner det ønskelig at den ankende part bør uttale seg om.
Dersom den uttalelsen som den ankende part gir, foranlediger nærmere kommentarer fra kjæremålsutvalgets side, f.eks. vedr. spørsmål som ikke ble nevnt i den første henvendelsen fra kjæremålsutvalget, bør det i prinsippet ikke være noe til hinder for at det blir bedt om en ny uttalelse. Det bør også være adgang til å gå over til en mer ordinær form for skriftlig saksforberedelse, og muligheten til å nekte anken fremmet etter bestemmelsen i tredje ledd nr. 4 bør fortsatt stå åpen.
Det bør lovfestes hvilken adgang den ankende part skal ha til å kreve forlengelse av en frist for å gi uttalelse.
Det bør overveies om ikke de avgjørelsene som treffes etter tvml. § 373 tredje ledd bør begrunnes, slik at premissene for avgjørelsene kan bli gjort tilgjengelige for almenheten via Lovdata, publisering i Retstidende eller publisering i Rettens Gang sammen med den dommen som ble påanket. Behovet for en slik offentliggjøring ligger i den reelle prejudikatsvirkningen som disse avgjørelsene har.»
Departementet gjer framlegg om at kjæremålsutvalet fritt får avgjere om ankeparten skal få uttale seg før anken vert nekta fremma. Departementet finn ikkje at dette framlegget inneber nokon trussel mot ankeparten sin rettstryggleik. Departementet legg til grunn at ein anke bør vere så godt grunngjeven at den i seg sjølv kan gje grunnlag for å sleppe anken inn for Høgsterett utan ytterlegare utgreiing frå ankeparten. Departementet meiner at kjæremålsutvalet skal gje ankeparten høve til å uttale seg der utvalget finn det naudsynt eller ønskeleg, men at det ikkje er grunn til å ha ein regel som pålegg kjæremålsutvalet ei plikt til å innhente slike synspunkt i alle saker. Dei endringana som Advokatforeningen gjer framlegg om, vil etter departementet sitt syn verke til å gjere handsaminga i kjæremålsutvalet etter tvistemålslova § 373 meir tidkrevjande og komplisert, til skade for viktigare oppgåver i Høgsterett. Departementet legg vekt på at det er gunstig både for sakshandsamingstida og ankeparten sjølv om anken er så fullstendig som råd. Departementet viser òg til at dette vil kunne spare ankemotparten for både tid og kostnader. Departementet gjer etter dette framlegg om å endre § 373 tredje leddet slik at kjæremålsutvalet sjølv avgjer om ankeparten skal få uttale seg før anken vert nekta fremma, i samsvar med fråsegna i det nye fjerde leddet. I tillegg foreslår departementet å endre § 365 og § 371 slik at desse paragrafane spesielt gjer partane merksame på at dei bør uttale seg om forhold som kan ha noko å seie for spørsmålet om å avvise anken etter § 373. Departementet viser elles til forslaget til endringar i tvistemålslova §§ 365, 371 og 373 og merknadene til forslaga i pkt 11 nedanfor.
8.6 Stans i handsaminga av saker der prinsipielle spørsmål står for retten i ei anna sak
Departementet gjorde i høyringsbrevet 12 november 1998 framlegg om at kjæremålsutvalet får høve til å stanse handsaminga av ei ankesak når eit sentralt spørsmål i saka allereie står for Høgsterett i ei anna sak. Denne endringa vil gje kjæremålsutvalet fridom til å vurdere kva som er den mest tenlege handsaminga av ei ankesak som reiser spørsmål som er sams med ei anna sak. Vert det dom i den andre saka i mellomtida, vil det gje partane nytt grunnlag for å forlike saka og kunne påverke vurderinga etter § 373 tredje leddet.
Det er berre Den Norske Advokatforening som har kommentert dette framlegget: Advokatforeningen uttaler:
«Dette forslaget synes det ikke å være noen særlige merknader til. Det kan likevel være grunn til å reise spørsmål om partene i tilfelle bør ha krav på å bli underrettet om hva den andre saken går ut på og hvem som er involvert i den, eller i det minste navnene på prosessfullmektigene på begge sider. Hvis saksforholdene er svært like, kan det jo være aktuelt med hjelpeintervensjon eller i hvert fall med en eller annen form for samarbeid med prosessfullmektigene i den andre saken.»
Departementet gjer framlegg om at kjæremålsutvalet skal få høve til å stanse ei ankesak når eit sentralt spørsmål i saka allereie står for Høgsterett i ei anna sak. Departementet finn at dette kan spare både partane og retten for kostnader. Når det gjeld framlegget frå Advokatforeningen om at parten skal informerast om kven som er prosessfullmektigar i den andre saka, finn departementet at dette kan det ikkje vere nødvendig å lovfeste av di partane sjølv kan få desse opplysningane frå Høgsterett sitt kontor. Departementet viser elles til framlegget til nytt femte ledd i tvistemålslova § 373 samt merknaden til framlegget i pkt 11 nedanfor.
8.7 Krav om at ankeparten skal gje ei skriftleg utgreiing om dei faktiske tilhøva i saka
På bakgrunn av framlegg frå Høgsterett gjorde departementet i høyringsbrevet 12 november 1998 framlegg om at ankeparten skal gje ei samla skriftleg utgreiing av dei faktiske tilhøva i ankesaka. Høgsterett skreiv i brev til departementet 23 mai 1997:
«Det er viktig at gjennomgåelsen av sakens faktum under ankeforhandlingen i saker for Høyesterett konsentreres så mye som praktisk mulig. Vanligvis vil enten byretten/herredsrettens eller lagmannsrettens dom ha en ryddig og relativt utførlig beskrivelse av faktum som den ankende parts prosessfullmektig kan ta utgangspunkt i ved sin deduksjon av saken. Dokumentasjon fra de enkelte dokumentbevis, skriftlige forklaringer eller protokollerte forklaringer fra bevisopptak vil da kunne begrenses til sider ved det faktiske saksforhold som er omtvistet.
I enkelte tilfeller er imidlertid forholdet at ingen av de tidligere dommene har noen god redegjørelse for sakens faktum. I slike situasjoner vil det kunne lette saksfremstillingen i Høyesterett om det av den ankende part, eventuelt av partene i fellesskap, utarbeides en skriftlig fremstilling av faktum til bruk under deduksjonen. Det er hensiktsmessig om Høyesterett får adgang til å kreve en slik fremstilling av den ankende part. Det vil neppe være aktuelt å kreve en slik redegjørelse i mange saker, men i enkelte saker vil det som nevnt kunne være til vesentlig hjelp. ...
Det er tenkelig at dette forslaget vil bli møtt med den innvendig at man åpner for skriftlig prosedyre. En slik innvending er ikke særlig treffende. Hensikten med en skriftlig fremstilling av sakens faktiske sider er å rydde faktum før ankeforhandlingen, slik at man der ikke bruker tiden på å etablere et faktum det er enighet om. Forhandlingene kan da konsentreres om det som er omtvistet og tvilsomt, med andre ord det som fortjener en muntlig argumentasjon og en detaljert dokumentasjon.»
Berre Borgarting lagmannsrett har merknader til framlegget og uttaler:
«Forslaget til nytt tredje ledd i § 374 bør gjøres gjeldende også for lagmannsrettene. Ordlyden i denne bestemmelsen og i § 317 annet ledd bør harmoniseres. Lovfesting av sanksjoner mot unnlatelse av å oppfylle pålegg som nevnt er det neppe grunn til å overveie.»
Departementet gjer framlegg om endring av tvistemålslova § 374 tredje leddet slik at Høgsterett kan ta avgjerd om at ankeparten utarbeider ei samla skriftleg utgreiing av dei faktiske tilhøva i ankesaka. Departementet legg til grunn at dette vil gjere sjølve sakshandsaminga for Høgsterett enklare og ein vil etter alt å døme spare tid under rettsmøtet. Departementet meiner òg det er grunnlag for ein tilsvarande regel for lagmannsretten og viser til at ein slik regel allereie finnst for herads- og byrettane, jf tvistemålslova § 317 andre leddet. Departementet viser elles til forslaget til § 374 nytt tredje ledd og merknadene til forslaget i punkt 11 nedanfor.
8.8 Gjenopptaking av ankesaker
Departementet gjorde i høyringsbrevet 12 november 1998 framlegg om ei endring i tvistemålslova § 415 slik at krav om gjenopptaking av ankesaker der kjæremålsutvalet har avsagt orskurd etter § 373 tredje leddet om å nekte å fremma ein anke til Høgsterett, skal gå til lagmannsretten om ikkje grunnen for kravet om gjenopptaking gjeld sakshandsaminga i kjæremålsutvalet. Høgsterett uttrykte i brev til departementet 23 mai 1997:
«Etter tvistemålsloven § 409 skal begjæring om gjenopptakelse fremsettes for den rett som har avsagt den angrepne dom. Når en lagmannsrettsdom blir påanket til Høyesterett og anken blir nektet fremmet ved kjennelse i Høyesteretts kjæremålsutvalg, får også § 415 betydning. Det sies her at kjennelser avsagt av Høyesteretts kjæremålsutvalg kan kreves gjenopptatt etter reglene for dommer.
For kjennelser om å nekte en anke fremmet passer imidlertid § 415 meget dårlig. En nektelse av å fremme anken i medhold av tvistemålsloven § 373 tredje ledd nr 2 bygger på at det er vanskelig å fravike lagmannsrettens resultat uten umiddelbart å høre forklaringer fra parter og vitner, og uten å kunne foreta granskning. Fremleggelse av nye bevis vil - selv om de kan synes relevante - som regel ikke gi grunnlag for en endret vurdering fra utvalgets side av betydning av bevisumiddelbarhet. Dette innebærer at gjenopptakelsesbegjæringen bør rettes til lagmannsretten. Det samme gjelder når tredje ledd nr 4 er benyttet fordi saken ikke har generell interesse og heller ikke ellers har stor betydning. Mer adekvat kan det synes å rette gjenopptakelsesbegjæringen til kjæremålsutvalget når anken er blitt nektet fremmet etter nr 1, dvs fordi det er funnet klart at anken ikke vil føre fram. Et nytt bevis kan innebære at denne bedømmelsen ikke lenger er holdbar. Det kan likevel være at anken ikke naturlig bør behandles av Høyesterett fordi bevisumiddelbarhetsprinsippet kan komme inn selv om nr 2 ikke er brukt opprinnelig, eller fordi saken ikke har noen prinsipiell interesse og heller ikke har stor betydning for parten. Dette tilsier at gjenopptakelsesspørsmålet også i dette tilfelle bør behandles av lagmannsretten. Velger man denne løsningen, får man dessuten en toinstansbehandling av gjenopptakelsesbegjæringen, og dette må anses prinsipielt riktig. ...
Den generelle ordning bør etter dette være at begjæring om gjenopptakelse skal rettes til lagmannsretten. Foran er dette begrunnet for de tilfeller at det påberopes nytt bevis. Ordningen bør imidlertid være den samme for andre gjenopptakelsesgrunner, dog slik at begjæringen må rettes til Høyesteretts kjæremålsutvalg når den er begrunnet med feil ved saksbehandlingen i kjæremålsutvalget.
Når et nytt bevis er påberopt allerede i anken til Høyesterett, må spørsmålet om å kunne bruke beviset i en etterfølgende gjenopptakelsessak avgjøres på grunnlag av § 407 annet ledd annet punktum ... .»
Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til framlegget.
Departementet meiner at framlegget bør følgjast opp. Departementet legg til grunn at handsaminga av eit krav om gjenopptaking av ei ankesak der kjæremålsutvalet har gjeve orskurd etter § 373 tredje ledd om å ikkje tillate at ein anke vert fremma for Høgsterett, bør skje i lagmannsretten. Tore Schei uttrykkjer i Tvistemålsloven bind II, andre utgåva, Oslo 1998, s 1107:
«Er anken nektet fremmet etter § 373 tredje ledd nr 2, 3 eller 4, vil det som regel ikke ha noen hensikt å begjære utvalgets kjennelse gjenopptatt. Den nye kjensgjerning eller det nye bevis vil sjelden kunne ha hatt noen betydning for avgjørelsen om å nekte anken fremmet på et av disse grunnlagene. Begjæringen må derfor gjelde realitetsavgjørelsen av det krav som var omtvistet og rettes til lagmannsretten, eventuelt til herredsretten eller byretten hvor Høyesterett er ankeinstans over avgjørelsen herfra. Er anken nektet fremmet etter § 373 tredje ledd nr 1, har utvalget foretatt en realitetsprøving av saken. Kommer det her til en ny kjensgjerning eller et nytt bevis, jf § 407 nr 6, må kjennelsen om å nekte anken fremmet til Høyesterett kunne kreves gjenopptatt og begjæringen rettes da til Høyesteretts kjæremålsutvalg, jf Rt 1997 s 638, Rt 1995 s 578 og Rt 1963 s 56. Men parten må i dette tilfellet, om han ønsker det, i stede kunne begjære gjenopptatt saken for den domstol som traff realitetsavgjørelsen og fremsette krev om endring av denne, jf Hr kjm utv 255K/81.»
For å unngå desse problema som Schei peikar på og for å trygge handsaminga av slike krav om gjenopptaking, foreslår departementet å endre tvistemålslova § 415 slik at alle krav om gjenopptaking der kjæremålsutvalet har gjeve orskurd etter § 373 tredje leddet, skal gå til lagmannsretten. Unntaket gjeld der årsaka til kravet om gjenopptaking byggjer på feil ved sakshandsaminga av ankesaka i kjæremålsutvalet. I slike høve må kjæremålsutvalet sjølv handsame kravet om gjenopptaking.
Departementet viser elles til forslaget til endring av tvistemålslova § 415 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
8.9 Handsaming av søksmål mot lagdommarar
Departementet gjorde i høyringsbrevet 12 november 1998 framlegg om at søksmål mot ein lagdommar om ei dommarhandling skal reisast for ein sideordna lagmannsrett i staden for Høgsterett.
Høgsterett uttrykte følgjande i brev 24 mars 1997:
«Søksmål mot lagdommere etter tvistemålsloven kapittel 30 skal ifølge bestemmelsen i tvistemålsloven § 438 første ledd anlegges direkte for Høyesterett. Etter Høyesteretts oppfatning bør slike søksmål i stedet reises for en sideordnet lagmannsrett, og det foreslås en lovendring i samsvar med dette. ... Slike førsteinstanssaker anses å representere en unødig belastning for Høyesterett. Også rettssikkerhetshensyn kan tale for en lovendring som nevnt. I tilfellet en sideordnet lagmannsrett gis domsmyndighet istedenfor Høyesterett, vil Høyesterett bli rettsmiddelinstans.»
Berre Borgarting lagmannsrett hadde merknader til forslaget og uttaler:
«Når det gjelder forslaget til endring av § 348 første ledd er det mitt syn at det gir det beste inntrykket utad at saker mot dommere i lagmannsrettene behandles av dommere på overordnet nivå. Jeg tror derfor at den beste løsningen vil være at disse sakene fortsatt behandles av Høyesterett som første og eneste instans.
Ved en løsning overenstemmende med det fremsatte forslag, kan hensiktsmessigheten av å la saksøkeren velge lagmannsrett diskuteres. Jeg går imidlertid ut fra at også disse sakene skal kunne overføres etter domstolloven § 38 uten hensyn til saksøkerens forutgående valg, slik at eventuelle tungtveiende praktiske ulemper som følge av det foretatt valg, vil kunne elimineres ved bruk av denne bestemmelsen.»
Departementet legg til grunn at framlegget om å gje høve til å handsame søksmål mot lagdommarar i to instansar, vil styrkje rettstryggleiken i slike saker. Ei slik handsaming samsvarar òg best med prinsippet i internasjonale konvensjonar som Noreg er bunden av, om at søksmål skal handsamast i to instansar, jf FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter 16 desember 1966 artikkel 14 nr 5. Departementet meiner at dette veg opp ei ulempe med at søksmål mot lagdommarar vert handsama av dommarar på same nivå. Departementet gjer difor framlegg om at tvistemålslova § 438 vert endra slik at søksmål mot ein lagdommar om denne si dommarhandling skal reisast for ein sideordna lagmannsrett. Departementet legg vidare til grunn at det er saksøkjaren som vel den lagmannsretten som skal handsame saka, men at saka kan verte overførd til ein annan lagmannsrett etter reglane i domstollova § 38.
Departementet viser elles til forslaget om endring av tvistemålslova § 438 og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.
8.10 Førebuande dommar i straffesaksanker
Departementet gjorde i høyringsbrev 12 november 1998 framlegg om ei ordning med førebuande dommar i straffesaker, som då vil verte handsama av Høgsterett på same måte som sivile saker. Framlegget vart gjort etter opptak frå Høgsterett i brev 24 mars 1997:
«Høyesterett har besluttet å innføre en ordning med forberedende dommer i straffesaker på samme måte som i sivile saker. Ut fra ordningen i straffeprosessloven § 54 har man lagt til grunn at førstvoterende i det kjæremålsutvalg som henviste saken, som forberedende dommer, vil kunne treffe alle avgjørelser vedrørende saksforberedelsen, bortsett fra spørsmålet om bevisopptak som avgjøres av kjæremålsutvalget i henhold til straffeprosessloven § 338 annet ledd.
I en del saker kan det være hensiktsmessig at også andre avgjørelser enn spørsmål om bevisopptak kan tas av kjæremålsutvalget i stedet for av forberedende dommer. Dessuten kan det være ønskelig å gjøre lovgrunnlaget klarere når det gjelder bruk av forberedende dommer i straffesaker for Høyesterett. Det er fra Høyesteretts side derfor ønskelig med en lovendring slik at straffeprosessloven får en bestemmelse som svarer til tvistemålsloven § 374 fjerde ledd.»
Det er berre Riksadvokaten, Økokrimog Den Norske Advokatforeningsom har merknader til forslaget. Alle desse høyringsinstansane stør forslaget, men har ulikt syn på kvar denne regelen skal plasserast. Riksadvokaten og Den Norske Advokatforening meiner at den bør stå i straffeprosesslova § 327, medan Økokrim meiner at § 337 er den beste plassen. Advokatforeningen etterlyser òg eksempel på tilfelle der den nye paragrafen kan nyttast.
Departementet gjer framlegg om at ein førebuande dommar i Høgsterett får heimel til å treffe saksførebuande avgjerder. På bakgrunn av ordninga i straffeprosesslova § 54 kan den dommaren som er førstvoterande i kjæremålsutvalet, treffe avgjerder som gjeld saksførebuinga. Unntak gjeld for spørsmål om bevisopptak som etter straffeprosesslova § 338 andre leddet skal handsamast av kjæremålsutvalet. Saksførebuande avgjerder som ein dommar kan gjere åleine, kan til dømes vere avgjerd om oppreising der ankefristen er gått ut, jf straffeprosesslova § 318. Ordninga samsvarer med den praksis Høgsterett har følgd etter tvistemålslova § 166.
Departementet finn, i samsvar med dei merknader som departementet har teke i mot i høyringsrunden, at endring ikkje bør plasserast i § 338. Departementet legg til grunn at endringa passar betre i § 327.
Departementet viser elles til endringa i straffeprosesslova § 327 og merknadene til endringa i pkt 11 nedanfor.