3 Endringane i kapittel V regel 33 og 34 i SOLAS-konvensjonen og artikkel 2.1.1 i SAR-konvensjonen
3.1 Endringar i SOLAS-konvensjonen kapittel V regel 33 og 34
I SOLAS-konvensjonen kapittel V regel 33 nr. 1 er det for det første gjort nokre mindre presiseringar. I første punktum er ordet «signal» erstatta med «information». Det er vidare gitt eit nytt andre punktum som presiserer at plikta til å hjelpe gjeld utan omsyn til nasjonalitet, status mv. til personane i havsnaud:
«This obligation to provide assistance applies regardless of the nationality or status of such persons or the circumstances in which they are found.»
(Eit nytt nr. 1-1 som gjeld pliktene til styresmaktene, er sett inn etter nr. 1, men slike reglar om pliktane til styresmaktene gjer det ikkje naudsynt med lovendring og er derfor ikkje omtala nærmare i denne proposisjonen. Sjå St.prp. nr. 27 (2005-2006) for meir om dette.)
I eit nytt nr. 6 er det tatt inn ei plikt for kapteinen til å handsame personar i havsnaud på ein human måte. Regelen lyder:
«Masters of ships who have embarked persons in distress at sea shall treat them with humanity, within the capabilities and limitations of the ship.»
Regel 34 er endra ved at 34 nr. 3 er justert og flytta til ein ny regel 34-1, som lyder:
«Regulation 34-1 Master’s discretion
The owner, the charterer, the company operating the ship as defined in regulation IX/1, or any other person shall not prevent or restrict the master of the ship from taking or executing any decision which, in the master’s professional judgement, is necessary for safety of life at sea and protection of the marine environment.»
3.2 Endringar i SAR-konvensjonen artikkel 2.1.1
I SAR-konvensjonen artikkel 2.1.1 er det tatt inn eit nytt siste punktum med ei presisering av når ein person er i havsnaud:
«The notion of a person in distress at sea also includes persons in need of assistance who have found refuge on a coast in a remote location within an ocean area inaccessible to any rescue facility other than as provided for in the annex.»