2 Bakgrunnen for lovframlegget
2.1 Historikk
Forbod mot omsetting m.v. av film og videogram der det med sikte på underhaldning er gjort utilbørleg bruk av grove valdsskildringar og mot bruk av slike valdsskildringar i fjernsynssendingar, vart første gong teke inni straffelova § 382 ved lov 11. juni 1982 nr. 50. Anna offentleg framsyning av film med slikt innhald var ikkje omfatta slik føresegna lydde då ho vart vedteke i 1982. I førearbeida til lova, jf. Ot.prp. nr. 54 (1981-82) side 11 og 38, er det i samband med dette vist til at det etter den då gjeldande kinolova (lov 25. juli 1913 nr. 4) gjaldt eit krav om førehandskontroll ved all offentleg framsyning av film.
Kinolova av 1913 vart avløyst av lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram (filmloven). Etter filmlova § 4, jf. § 1, gjeld kravet om førehandskontroll berre for filmar som skal synast fram i næring. Frå den nye filmlova tredde i kraft 1. januar 1988 og fram til straffelova § 382 fekk sitt noverande innhald ved lov 28. mai 1998 nr. 33, gjaldt det difor ikkje nokon grense for kva slags valdsskildringar ein kunne syne fram offentleg, så lenge framsyninga ikkje skjedde i næring.
I samband med endringa i straffelova § 382 i 1998 sa kulturkomiteen i Stortinget m.a. (Innst. O. nr. 40 (1997-98) side 3):
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber, som ikke viser filmer i næring, må unntas fra denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn til dette ved utforming av forskriftene. Filmklubbvirksomhet, slik den i dag drives av Norsk filmklubbforbunds medlemsklubber, er etter disse medlemmers oppfatning ikke av næringsmessig karakter. Det presiseres at bakgrunnen for dette unntaket er at filmklubber driver en kunst- og kulturvirksomhet og er uavhengige kritikk- og debattforum.»
Av Ot.prp. nr. 55 (1998-99) side 9 går det fram at Kulturdepartementet ikkje fann det mogleg å følgje opp merknadene frå komiteen, fordi det ikkje var heimel for slike forskrifter med unntak frå lova. Kulturdepartementet ville heller ikkje tilrå at lova vart endra slik at det vart teke inn eit særleg unntak frå forbodet for framsyningar i filmklubbar. Kulturdepartementet viste til at det ikkje ville vere mogleg å utforme ein slik unntaksregel på ein teknisk tilfredsstillande måte. Departementet peika vidare på at det av prinsipielle grunnar ikkje var aktuelt å utforme ein unntaksregel som berre omfatta medlemsklubbane i Norsk filmklubbforbund.
Ved den påfølgjande handsaminga i Stortinget heldt fleirtalet i kulturkomiteen fast ved det som vart sagt i Innst. O. nr. 40 (1997-98) side 3, og sette fram slikt framlegg til oppmodingsvedtak (Innst. O. nr. 14 (1999-2000) side 8):
«Stortinget pålegger Regjeringen å utarbeide forslag til regler for visning av filmer som omfattes av straffelova § 382, slik at disse kan fremføres som et åndsverk når dette ikke skjer i næring.»
Framlegget til oppmodingsvedtak vart vedteke av Stortinget som vedtak nr. 106 13. desember 1999.
2.2 Høyring
Departementet sende 29. januar 2001 eit framlegg til endring i straffelova § 382 på høyring til følgjande instansar:
Departementa
Høyesterett
Lagmannsrettene
Riksadvokaten
Statsadvokatane
ØKOKRIM
Regjeringsadvokaten
Alternativ til vold
Art House
Allmennkringkastingsrådet
Barneombodet
Den Norske Advokatforeining
Den norske Domarforeining
Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Fellesaksjonen mot pornografi og prostitusjon
Forbrukarombodet
Hammerfest kommune
Handels- og Servicenæringens hovedorganisasjon
Institutt for kunst- og medievitskap, NTNU
Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo
Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen
Institutt for rettsvitskap, Universitetet i Tromsø
International Video Federation
Kommunale kinomatografers landsforbund
Kommunenes filmcentral A/S
Kommunanes sentralforbund
Konkurransetilsynet
Krisesentersekretariatet
Kristeleg kringkastingslag
Kvinne og familieforbundet
Likestillingssenteret
LO
Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar
Lærarforbundet
Mental barnehjelp
NHO
Nordisk forum for barn og medier
Noregs ungdomslag
Norges dagligvarehandels forbund
Norges Juristforbund
Noregs kunstnarråd
Norsk filmforbund
Norsk filmindustri
Norsk filmklubbforbund
Norsk filmkritikarlag
Norsk journalistlag
Norsk kino- og filmforbund
Norsk kinoforbund
Norsk kulturråd
Norsk lærarlag
Norsk medieforskarlag
Norsk Redaktørforening
Norsk videogramforening
Norske filmbyråers forening
Norske Fjernsynsselskapers Landsforbund
Norske Film- og Videoprodusenters Forening, Norsk Film AS
Norske kvinners sanitetsforening
Norske kinosjefers forbund
Norske Videogramhandleres Forbund
Norske videoutleieres forbund
NRK
Oslo kommune
Redd Barna
Sametinget
Samisk utdanningsråd
Skolenes landsforbund
Statens filmtilsyn
Statenes medieforvaltning
Statens studiesenter for film
Straffelovkommisjonen
Straffelovrådet
Telenor
TV2
TVNorge
Høyingsfristen var 2. mai 2001. Følgjande instansar har kome med høyringsfråsegn:
Oslo statsadvokatembete
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Allmennkringkastingsrådet
Hammerfest kommune
Institutt for kunst og medievitskap, NTNU
Kommunale kinomatografers landsforbund
Kommunenes filmcentral A/S
Kristeleg kringkastingslag
Norsk filmklubbforbund
Norsk medieforskarlag
Norske filmbyråers forening
Norske videohandleres forbund og Norsk videogramforening (Videobransjens felleskontor)
Oslo kommune
Statens filmtilsyn
Følgjande instansar uttalte at dei ikkje hadde merknader:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Fiskeridepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og sosialdepartementet
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Høgsterett
Borgarting lagmannsrett
Barneombodet
Forbrukarombodet
Den Norske Advokatforening
Kommunanes sentralforbund
Noregs kunstnarråd
Statens medieforvaltning
Eit fleirtal av instansane som har uttalt seg i saka, stør hovudpunkta i lovframlegget. Høyingsfråsegnene vert handsama nærare i punkt 3.3.