4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegget inneber ei avkriminalisering og vil ikkje få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet legg til grunn at talet på meldingar til politiet om offentleg framsyning av grove valdsfilmar med heimel i lovendringa, vil verte heller moderat. Mottak og arkivering av meldingar kan difor vanskeleg gje særleg auke i arbeidsmengda for politiet. Departementet legg til grunn at politiets kontroll med slike framsyningar kan skje innafor gjeldande budsjettramme.