1 HOVUDINNHALDET I PROPOSISJONEN
Barne- og familiedepartementet gjer med dette framlegg om endringar i lov 30. juni 1955 nr 20 om når norsk tenestemakt kan halde vigsel i utlandet og utanlandsk tenestemakt i Noreg (brudvigingslova). Framlegget går ut på å innføre ein heimel i § 11 tredje ledd som gir Kongen høve til å godkjenne ugyldige vigslar haldne av utanlandske tenestemenn i Noreg. Etter § 11 første ledd er ein vigsel som er halden av ein norsk tenestemann i utlandet eller av ein utanlandsk tenestemann i Noreg, utan rettsverknad i Noreg når vigslaren mangla rett løyve, eller når vigselen på annan måte er halden i strid med reglane om vigselsrett etter brudvigingslova.