Ot.prp. nr. 34 (1997-98)

Om lov om endring i lov 30. juni 1955 nr 20 om når norsk tenestemakt kan halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg

Til innholdsfortegnelse

2 BAKGRUNNEN FOR PROPOSISJONEN

Det er ei kjensgjerning at det frå tid til anna skjer irregulære vigslar i Noreg; det vil seie vigslar som er i strid med dei formelle reglane som gjeld for giftarmål. Når det gjeld vigslar i samsvar med norsk ekteskapslovgiving, er det mogeleg å få vigselen godkjend etterpå etter ekteskapslova, lov 4. juli 1991 nr 47 § 16 andre ledd. Men når det gjeld vigslar haldne av ei utanlandsk tenestemakt i Noreg, er dette ikkje mogeleg, fordi det ikkje finst nokon lovheimel for ei etterfølgjande godkjenning. Paret får da melding frå styresmaktene om at vigselen blir rekna som ugyldig, og dei blir oppmoda til å vie seg etter gjeldande norsk rett.

I visse tilfelle blir det likevel ikkje registrert av norske styresmakter at vigselen har skjedd på irregulær måte før lenge etter tidspunktet for vigselen. Paret kan ha levd saman i mange år i god tru om at dei er rette ektefolk, og dei kan også ha barn saman. I slike tilfelle ser departementet det som formålstenleg at det kan givast ei etterfølgjande godkjenning av vigselen etter det same prinsippet som gjeld for vigslar haldne etter norske reglar.