4 HØYRING
Framlegget til endring har vore lagt fram for desse instansane:
Utanriksdepartementet
Justisdepartementet
Utlendingsdirektoratet
Juridisk fakultet i Oslo
Sentralkontoret for folkeregistrering
Den norske dommerforening
Den norske advokatforening
Høyringsfristen var 5. september 1997, og følgjande instansar har uttalt seg til framlegget:
Utanriksdepartementet, Justisdepartementet, Den norske advokatforening, Utlendingsdirektoratet og Sentralkontoret for folkeregistrering.
Ingen av høyringsinstansane går imot framlegget. Utlendingsdirektoratet viser til at ein utanlandsk statsborgar må ha lovleg opphald i Noreg for å kunne gifte seg her, jf ekteskapslova § 5 a. Direktoratet meiner at det er viktig at ekteskap inngått i strid med denne regelen ikkje blir godkjent, da ei slik godkjenning ville undergrave føremålet med denne lovregelen. Sentralkontoret uttaler at når departementet vil godkjenne ein ugyldig vigsel som er utført av utanlandsk tenestemakt, må departementet underrette det aktuelle folkeregisteret om det.
På bakgrunn av at ingen av høyringsinstansane hadde nokon innvendingar til lovframlegget, foreslår departementet at framlegget til Ot prp blir framsett utan endringar.