3 Endringar i skattebetalingslova §§ 11 og 33 i samband med at reglane om rehabiliterings- og attføringspengar blir endra
3.1 Bakgrunn
Ved lov 30. juni 2000 nr. 57 vedtok Stortinget å endre reglane for rehabiliteringspengar etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) kapittel 10 og attføringspengar etter folketrygdlova kapittel 11. Endringane trer i kraft 1. januar 2002, jf. kgl.res. 31. august 2001. Endringane er mellom anna omtalt i St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak under kapittel 2.2.12:
«Som en oppfølging av innstillingen fra Stortingets sosialkomite i forbindelse med behandlingen av Velferdsmeldingen (St.meld. nr. 35 (1994-95)), vedtok Stortinget i 2000 bl.a. å endre beregningsreglene for rehabiliterings- og attføringspenger. Etter gjeldende regler beregnes rehabiliterings- og attføringspenger på samme måte som uførepensjon. For å gjøre det klarere at rehabiliterings- og attføringspenger er midlertidigeytelser og ikke en «stasjon» på veien mot uførepensjon, vil beregningen av ytelsene følge de samme prinsipper som for dagpenger under arbeidsløshet. Vedtaket innebærer også at ytelsene skattlegges på samme måte som dagpenger. Ytelsene vil bli regnet som pensjonsgivende inntekt, slik at mottakerne tjener opp pensjonspoeng. Det betyr at mottakerne mister retten til lav trygdeavgift på ytelsene og det halve særfradraget i alminnelig inntekt. Samtidig øker ytelsene og minste årlige ytelse for rehabiliterings- og attføringspenger heves fra 1G til 1,6G.»
I lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt (skattebetalingslova) §§ 11 nr. 1 og 33 nr. 2 er det særreglar for trekk i dagpengar under arbeidsløyse og andre korttidsytingar frå folketrygden. Når rehabiliterings- og attføringspengar blir likestilt med dagpengar under arbeidsløyse i lovgjevinga elles, bør likestillinga og gjelde på skattebetalingslova sitt område. Departementet foreslår derfor visse endringar i skattebetalingslova § 11 nr. 1.
Utbetaling av attføringspengar og dagpengar under arbeidsløyse vil i løpet av 2002 bli overført frå trygdeetaten til Aetat. Denne endringa gjer det og nødvendig med enkelte endringar i skattebetalingslova §§ 11 nr. 1 og 33 nr. 2.
3.2 Skattebetalingslova § 11 nr. 1 andre punktum - forskotstrekk når den skattepliktige ikkje legg fram skattekort mm.
Etter skattebetalingslova § 11 nr. 1 første punktum skal forskotstrekket vere 50 pst. når den skattepliktige ikkje legg fram skattekort og arbeidsgjevaren heller ikkje på annan måte har fått dei opplysningane som går fram av skattekortet. Etter andre punktum gjeld det same for trygdekontoret når det skal gjennomføre forskotstrekk i ytingar etter folketrygdlova kapittel 4 (dagpengar under arbeidsløyse), kapittel 8 (sjukepengar), kapittel 9 (stønad ved barn eller andre pårørande sin sjukdom) og kapittel 14 (ytingar ved fødsel og adopsjon). Forskotstrekk i andre ytingar som nemnt i skattebetalingslova § 5 bokstav e blir gjennomført med 30 pst. Rehabiliterings- og attføringspengar fell inn under opprekninga i skattebetalingslova § 5 bokstav e.
Departementet foreslår at skattebetalingslova § 11 nr. 1 andre punktum blir endra slik at hovudregelen om 50 pst. forskotstrekk når den skattepliktige ikkje legg fram skattekort, og den som skal gjennomføre trekket heller ikkje har fått dei opplysningane som går fram av skattekortet, omfattar rehabiliteringspengar etter folketrygdlova kap. 10 og attføringspengar etter folketrygdlova kap. 11. Dette inneber at rehabiliterings- og attføringspengar blir likestilt med mellom anna dagpengar.
Når Aetat overtek ansvaret for å utbetale dagpengar under arbeidsløyse og attføringspengar, bør trekkplikta etter første punktum og gjelde for Aetat. Departementet foreslår at § 11 nr. 1 andre punktum blir endra slik at det går fram at trekkplikta gjeld utan omsyn til kven som utbetalar ytingar som nemnt der.
Forslaget om å likestille rehabiliterings- og attføringspengar med dagpengar under arbeidsløyse i skattebetalingslova § 11 nr. 1 er ei oppfølging av tidlegare lovendringar. Framlegget er derfor ikkje sendt på høyring.
Departementet viser til forslag til endring av skattebetalingslova § 11 nr. 1 andre punktum. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
3.3 Skattebetalingslova § 33 nr. 2 - gjennomføring av skattetrekk når skatt ikkje blir betalt i rett tid
Etter skattebetalingslova § 33 nr. 1 kan skatteoppkrevjaren drive inn forskotsskatt, restskatt, etterskotsskatt eller anna utligna skatt som ikkje blir betalt i rett tid ved trekk i løn eller andre liknande ytingar etter reglane i dekningslova § 2-7. Etter § 33 nr. 2 første punktum blir skattetrekk etter § 33 sett i verk ved at det i rekommandert brev eller på annan påviseleg måte blir gitt pålegg til arbeidsgivaren eller den som tek hand om utbetalinga på vegne av arbeidsgivaren om å halde trekkbeløpet tilbake. Etter tredje punktum gjeld trekkpålegget og for trygdekontoret når dette utbetalar dagpengar under arbeidsløyse etter kap. 4 i folketrygdlova.
Trekkpålegget bør og gjelde Aetat når etaten overtek ansvaret for å utbetale dagpengar under arbeidsløyse. Departementet foreslår at regelen blir endra slik at det går fram at trekkpålegget gjeld det organet som utbetalar ytingane som nemnt i andre og tredje punktum. Departementet foreslår samtidig at reglane som i dag er gitt i andre og tredje punktum blir samla i eit nytt andre punktum. Den sistnemnte endringa inneber inga realitetsendring.
Departementet viser til forslag til endring av skattebetalingslova § 33 nr. 2 andre og tredje punktum. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.