2 Bakgrunn og høyring
2.1 Bakgrunn
Bakgrunnen for forslaget om å endre konkurranselova § 21 første ledd er eit ynskje om å effektivisere og forenkle klagehandsaminga i saker om føretakssamanslutningar etter konkurranselova kapittel 4. I tillegg vert det fremja nokre andre materielle og redaksjonelle/språklege endringar i konkurranselova som Konkurransetilsynet og departementet, sidan lova vart vedteken i 2004, har erfart at det kan vere trong for. Forslaga er omhandla nærmare i kapitel 3 og 4 i proposisjonen.
2.2 Høyringa
Departementet sitt forslag til endringar i konkurranselova vart sendt på høyring ved notat av 8. oktober 2007. Forslaget vart sendt til i alt 159 høyringsinstansar. Frist for høyringsinstansane til å uttale seg vart sett til 30. november 2007. Departementet har motteke 37 svar. Merknadene som er knytte til endringsforslaga, vert omtala i kapitel 3 og 4 i proposisjonen.