6 Merknader til føresegnene i lovforslaget
6.1 Til endringar i konkurranselova § 21 første ledd
Siste punktum i § 21 første ledd vert stroke. I motsetning til gjeldande rett skal det ikkje vere naudsynt å vente på klagehandsaminga i departementet. Det fører til at den politiske overprøvinga kan skje etter at Konkurransetilsynet har fatta sitt vedtak, men før departementet har fatta vedtak i klagesaka. Ordninga gir ein valfridom når det gjeld når omgjering skal kunne skje. Det vil såleis ikkje vere noko i vegen for å avvente departementet si endelege avgjerd i klagesaka. Dette vil til dømes vere aktuelt i saker der tilsynet sitt vedtak reiser vanskelege konkurransefaglege problemstillingar som det er viktig å få kasta lys over, og saka ikkje av andre grunnar krev ei rask avklaring.
6.2 Andre endringar i konkurranselova
6.2.1 Til endringar i konkurranselova § 18 første ledd
I § 18 første ledd er kravet til at Konkurransetilsynet skal informerast i alminneleg melding, seinast når det føreligg endeleg avtale eller når kontroll er overteken, fjerna. Årsaka er at det i § 19 første ledd vert innført eit automatisk gjennomføringsforbod for alle meldepliktige føretakssamanslutningar, og ei slik plikt vert derfor overflødig. Dersom føretakssamanslutninga ikkje vert meldt, vil det vere ulovleg å gjennomføre den, jf. § 19 første ledd. Om endringane til § 19 viser departementet til merknadene i punkt 6.2.3.
6.2.2 Til endringar i konkurranselova § 18 andre ledd
Det er gjort ei presisering og ei utviding av kravet til innhald i den alminnelege meldeplikta, for at Konkurransetilsynet skal få inn naudsynt informasjon med den alminnelege meldinga.
I bokstav c er det uttrykkeleg presisert at det skal opplysast om «foretakenes virksomhetsområder». Det går fram av teksten til punkt 4 i skjema for alminneleg melding og Konkurransetilsynet sine «Retningslinjer for alminnelig melding av foretakssammenslutninger, Del 3 - Meldingens innhold» side 5 punkt c) at dette kravet òg vert praktisert etter lova i dag.
I bokstav e er tilknytinga til bokstav d fjerna. Medan gjeldande konkurranselov berre fordrar at det vert gitt namn på dei fem viktigaste kundane, konkurrentane og leverandørane i marknader der partane har ein samla marknadsdel på over 20 prosent, må desse opplysningane nå leggjast fram utan omsyn til marknadsdel, så lenge partane har «overlappende virksomhet». Med overlappande verksemd meines at dei involverte før samanslutninga var konkurrentar i ein marknad.
Det er ikkje naudsynt med ei avgrensing av dei relevante marknadene i samanheng med levering av desse opplysningane. Det er nok å gi namnet på varen/tenesta dersom dette er tilstrekkeleg presist, saman med opplysing om kva for geografiske område som varene/tenestene vert seld i, jf. skjema for alminneleg melding andre avsnittet i teksten til punkt 6.
I og med at bindinga til marknadene som vert omtalde i bokstav d er fjerna, er det presisert at kravet i bokstav e òg gjeld geografiske område i Noreg eller som Noreg er ein del av.
6.2.3 Til endringar i konkurranselova § 19 første ledd
Konkurranselova § 19 første ledd er endra slik at det for meldepliktige føretakssamanslutningar, jf. konkurranselova § 18 første ledd og meldepliktforskrifta § 2, vil vere forbod mot å gjennomføre føretakssamanslutninga i inntil 15 verkedagar etter at Konkurransetilsynet har motteke alminneleg melding. For føretakssamanslutningar som vert pålagde fullstendig meldeplikt, jf. konkurranselova § 18 tredje ledd, vil gjennomføringsforbodet tre i kraft når partane har motteke pålegg om melding. For frivillige meldingar, jf. konkurranselova § 18 fjerde ledd, vil gjennomføringsforbodet tre i kraft når den frivillige meldinga er gitt.
6.2.4 Til endringar i konkurranselova § 20 tredje ledd
Konkurranselova § 20 tredje ledd fjerde punktum er endra slik at Konkurransetilsynet, når det vert fremja avhjelpande tiltak, ikkje er avhengig av krav frå partane for å forlengje fristen med 25 dagar for å treffe vedtak.
6.2.5 Til nytt andre ledd i konkurranselova § 26
Føresegna er ein omarbeidd versjon av tidlegare § 27 andre ledd som er flytta til konkurranselova § 26 som nytt andre ledd. På denne måten vert det klårare at det som faktisk vert regulert er spørsmålet om innsyn i opplysningar med teieplikt for alle med «rettslig interesse», og at spørsmål om innsyn ut over dette i ei avslutta sak om overtreding, vert regulert av offentleglova. Dette er berre ei teknisk og redaksjonell endring og inneber inga realitetsendring. Dei spesielle merknadene til tidlegare § 27 andre ledd er derfor framleis relevante. For å sikre best mogleg samsvar mellom tittel og innhald i føresegna og understreke når den kjem til bruk, skal § 26 heite «Forholdet til offentlighetsloven og innsyn i dokumenter i avsluttede overtredelsessaker».
6.2.6 Til ny konkurranselova § 27
Tidlegare andre ledd er omarbeidd og flytta til konkurranselova § 26 som nytt andre ledd. Ny § 27 gjeld etter denne tekniske endringa berre innsyn i dokumenter i saka medan saka vert etterforska for overtreding av konkurranselova. Departementet har òg endra tittel på § 27 i samsvar med dette til «Innsyn i overtredelsessaker under behandlingen».