3 Framlegg om lovendringar om innkrevjing av eigendel
Reglane om fri rettshjelp blei gitt i lov 13. juni 1980 nr. 35. Fri rettshjelp kan ein få som fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr. Grensa mellom fritt rettsråd og fri sakførsel følgjer i hovudsak grensa mellom saker i og utafor rettargang. Rettshjelpslova gjev borgarane krav på fri rettshjelp utan omsyn til inntekt eller formue i nokre sakstypar. I slike saker dekkjer det offentlege alle kostnadene ved saka. I andre saker stiller lova opp økonomiske vilkår for å få fri rettshjelp. Då skal mottakarane betale ein eigendel. Eigendelen er sett saman av ein grunndel på 300 kroner som alle må betale utan omsyn til inntekt og formue og uavhengig av omfanget av rettshjelpa. Personar som har bruttoinntekt over 70 000-90 000 kroner pr. år (avhengig av forsørgingsbyrde) skal dessutan betale ein tilleggsdel på 25 % av det offentlege sine kostnader til rettshjelpa. Det er høve til å søkje om fråfall av tilleggsdelen.
Ordninga med eigendel slik den gjeld i dag, har virka frå 1. januar 1997 og er heimla i rettshjelpslova § 9 med tilhøyrande forskrift av 22. oktober 1996 nr. 1001 kapittel 2. Det er den myndigheit som har innvilga rettshjelpa som reknar ut eigendelen. I fri sakførselssaker er det domstolane og i fritt rettsrådssaker fylkesmannen som gjer dette. Kravet om eigendel blir sendt til mottakaren av fri rettshjelp saman med ein klagefrist. Dersom vedtaket ikkje blir klaga inn, blir kravet sendt til Statens innkrevjingssentral. Om ein ikkje betaler, blir kravet driven inn med tvang.
Etter den noverande ordninga får advokaten som har ytt bistand i saka fullt oppgjer frå det offentlege og har ikkje noko å gjere med innkrevjing av eigendelen.
I samsvar med justiskomiteen sine utsegn i Innst. S. nr. 181 (1999-2000), meiner departementet at ein framleis treng ei ordning med eigendelar. Brukarane bør òg vere med å betale for ordninga, sjølv om inntektene frå eigendelane likevel berre utgjer ein liten del av dei samla offentlege utgiftene til fri rettshjelp, sjå om dette nedafor under punkt 4.
Departementet trur at eigendelane har ein viss preventiv effekt. Eigendelane kan virke som ein terskel som kan hindre unødig gjentatt bruk av ordninga med fri rettshjelp og hindre at saker blir meir omfattande enn naudsynt. Eigendelen kan òg oppfordre personar til å vurdere alternative løysingar av det problemet ein har framfor å bruke advokat. Også i andre sosiale støtteordningar - til dømes i helsevesenet - er det vanleg med eigendelar. Det er tradisjon for å nytte eigendelar i andre land som har liknande ordningar med offentleg fri rettshjelp. Både Sverige, Danmark og Storbritannia til dømes har eigendelar.
Systemet med eigendelar som gjeld i dag er vanskeleg og ressurskrevjande og involverer fleire offentlege instansar i ei og same sak. Ordninga er òg komplisert for dei som får rettshjelpa, mellom anna fordi det er vanskeleg på førehand å sjå kor stor eigendelen blir. Det tar òg lang tid frå rettshjelpa blir innvilga til eigendelen blir kravd inn, noko som kan føre til at mottakaren mistar noko av motivasjonen eller evna til å betale.
Kostnadene ved utrekning og innkrevjing av eigendelane er store. Sist ein rekna på kostnadene var i 1998. Då utgjorde dei om lag 5,6 millionar kroner. Kostnadene til arbeidet hos fylkesmennene utgjorde om lag halvparten av dette. Domstolane si handsaming av eigendelar blei rekna ut til å koste om lag 600 000 kroner og hos Statens innkrevjingssentral gjekk det med om lag 2 millionar kroner. I 1998 gjekk over 60 % av inntektene av eigendelane til administrasjon og innkrevjing. Seinare har inntektene auka noko (sjå nedafor), slik at denne delen truleg er mindre i dag. Likevel kostar ordninga det offentlege mykje pengar. Det er naudsynt med eit enklare system.
I rettshjelpsmeldinga blei det gjort framlegg om at advokatane bør stå for utrekninga og innkrevjinga av eigendelane. Justiskomiteen støtta framlegget og departementet la det fram i høyringsbrevet av 06.09.2001.
Fylkesmennene, Høgsterett, Agder lagmannsrett, Gulating lagmannsrett, Hologaland lagmannsrett, Borgarting, Oslo tingrett, Nord-Troms tingrett, Trondheim tingrett, Trygderetten, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Barne- og familiedepartementet og Rikstrygdeverket er positive til framlegget om inndriving av eigendelane.
Den Norske Advokatforening meiner prinsipalt at ordninga med eigendel bør bortfalle. Foreininga legg vekt på at rettshjelpslova allereie inneheld avgrensingar både med omsyn til sakstypar og søkjaren sine inntektsforhold, og at omsynet til å avgrense etterspurnaden etter rettshjelp gjennom eigenbetaling ikkje har nokon vekt. Foreininga er dessutan mot at advokatane skal drive inn eigendelane. Dei legg vekt på at advokatane vil få tap der klientane ikkje betalar eigendelen og at utrekning og innkrevjing av eigendelane vil gje meirarbeid. Advokatforeininga er redd for at advokatar av den grunn ikkje vil ta på seg arbeid med slike saker.
Forbrukarrådet meiner at innkrevjinga av eigendelar er ei offentleg oppgåve som ikkje bør bli lagt på advokatane.
Juss-Buss deler dette synet og argumenterer mellom anna med at advokatane må bruke ressursar på innkrevjinga, som betre kunne blitt nytta til å hjelpe andre klientar. Der klienten ikkje har økonomisk evne til å betale, ser Juss-Buss det som uheldig at advokatane må ta risikoen for eit eventuelt misleghald med betalinga. Det blir vidare peika på at ordninga kan føre til at advokatane berre tar oppdrag som inneber liten økonomisk risiko, og at rettshjelpstilbodet då blir svakare for personar med dei lågaste inntektene.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at endringane vil lette fylkesmennene sitt arbeid i rettshjelpssaker. Arbeids- og administrasjonsdepartementet peikar likevel på at innsparingane er usikre og spørsmålet om ein eventuell reduksjon i fylkesmennene sine ressursar må bli vurdert i samanheng med den årelange negative utviklinga dei har blitt til del når det gjeld balanse mellom oppgåver og tildelte ressursar.
Statens innkrevjingssentral (SI) finn ikkje å kunne frigjere dei ressursane dei fekk då dei overtok oppgåva med å krevje inn eigendelar. SI viser til endringar i straffeprosesslova frå 1. januar 2000 der høve til å tvangsinndrive straffekrav blei utvida. Innkrevjingssentralen har ikkje fått auka ressursar til dette arbeidet. SI viser vidare til at dei framleis skal ha ei rolle i ordninga med fri rettshjelp, mellom anna ved inndriving av refusjonskrav, og difor må ha ressursar til å handsame slike krav.
Ut frå det som er kome fram i høyringsrunden, held departementet fast ved framlegget i høyringsbrevet. Departementet viser til grunngjevinga i høyringsbrevet:
«I stortingsmeldingen ble det foreslått at advokatene bør stå for beregningen og innkrevingen av egenandeler. Justiskomiteen støttet forslaget. Som det fremgår ovenfor er utregning og innkreving av egenandelene svært ressurskrevende. Administrasjonen av innkrevingen kostet i 2000 rundt 550 kroner pr. krav. Behovet for et enklere innkrevingssystem er derfor stort. Departementet ser det derfor som mest hensiktsmessig at advokatene heretter beregner og krever inn egenandelene. Fri rettshjelp er en støtteordning til personer med behov for juridisk bistand. Advokater som påtar seg å utføre oppdrag for klienten er innforstått med at salæret helt eller delvis betales av det offentlige. Advokaten har valgt å påta seg oppdraget og dermed innlede et kontraktsforhold med klienten. Da synes det mest naturlig at advokaten står for innkreving av egenandelen. Egenandelen kan kreves betalt som forskudd. Etter at oppdraget er avsluttet, sender advokaten sitt salærkrav til det offentlige fratrukket egenandelen.»
Departementet legg vekt på at ordninga med eigendel må vere enkel for brukarane. Systemet i dag er lite oversiktleg og involverer fleire instansar i ei og same sak. Det er fleire ledd i sakshandsaminga og kvar enkelt tenestemann må setje seg inn i saka for å rekne ut storleiken på eigendelen og deretter organisere inndrivinga av beløpet. Det nye systemet med eigendelar som departementet tenkjer seg, sjå punkt 4, gjer det enkelt for advokaten å rekne ut storleiken på eigendelen og informere klienten om betalinga før rettshjelpa blir gitt. Med det nye systemet vil òg eigendelane i mange tilfelle bli lågare enn i dag, og i langt dei fleste sakene (fritt rettsråd) vil eigendelen berre bestå av ein fast sum som advokaten kan krevje betalt samstundes med at han/ho tek på seg oppdraget. Innkrevjing av salær er ein del av advokaten si løpande verksemd og departementet kan vanskeleg sjå at innkrevjinga av eigendelar med det systemet departementet tenkjer seg vil føre med seg meir omfattande merarbeid for advokaten enn det som følgjer av vanleg advokatverksemd. Departementet ser at det i nokre tilfelle kan vere ein viss risiko for at advokaten ikkje vil få inn eigendelen. Difor vil departementet at ein i forskrift skal opne for at eigendelen skal kunne bli kravd som forskudd.