Tilråing
Justis- og politidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp i samsvar med eit vedlagt forslag.