5 Økonomiske og administrative konsekvenser
Eigendelane blir no førte som inntekt på kapittel 3470 Fri rettshjelp. Utgiftene til fri rettshjelp blir ført under kapittel 470 Fri rettshjelp. Ei omlegging av systemet for inndriving av eigendelane vil frigjere offentlege ressursar, utan at advokatane blir pålagt store belastninger. Hos domstolane, Statens innkrevjingssentral og fylkesmennene vil det samla bli innsparingar i storleik 5 til 6 millionar kroner på årsbasis med den fordelinga som er nemnt under punkt 3.
Budsjettmessig vil omlegginga såleis føre til at inntektene frå eigendelane i kapittel 3470 fell bort i staten sitt budsjett og regnskap. På den andre sida blir utgiftene til fri rettshjelp i kapittel 470 redusert. Dersom nivået på eigendelane blir som skissert under punkt 4, vil reduksjonen på kapittel 470 dekkje bortfallet av kapittel 3470.