1 BAKGRUNNEN FOR LOVFRAMLEGGET
Proposisjonen inneheld framlegg til nytt kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse i ny lov om folketrygd. Som ei følgje av omlegginga i regelverket for dagpengar og ny forenkla folketrygdlov, er det naudsynt med nokre endringar i folketrygdlova kapittel 4 i høve til gjeldande kapittel og i sysselsettingslova.
Ved lov 28 juni 1996 nr 56, endra Stortinget føresegnene i folketrygdlova kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse på fleire punkt. M.a. blei føresegnene om kor lenge stønaden kan vare og om vilkåra for å få dagpengar endra. Ny forenkla folketrygdlov 28 februar 1997 nr 19 blei vedteke på bakgrunn av innstilling til Odelstinget nr 46. Endringa bygde på Trygdelovutvalet sitt framlegg til forenkla folketrygdlov (NOU 1990: 20). Vedtaket inneber ein total teknisk revisjon av folketrygdlova 17 juni 1966 nr 12. Folketrygdlova 17 juni 1966 nr 12 blei med unntak av kapittel 4 oppheva ved den nye lova. Dette kapitlet må no og bli oppheva, og folketrygdlova kapittel 4, slik det blei vedteke i lov 28 juni 1996 nr 56, må bli vedteke på nytt som ein del av den nye folketrygdlova.
Lovvedtaket frå 28. juni 1996 om nye føresegner om dagpengar blei i stor grad bygd på dei framlegga og på den systematikken som ligg i NOU 1990: 20 om forenkla folketrygdlov. Likevel gjer ny forenkla folketrygdlov det naudsynt med nokre mindre endringar i kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse for at kapitlet skal bli samordna med dei andre kapitla i lova. Av same grunn er det og naudsynt med nokre mindre endringar i lov om anke til Trygderetten og i lov om ferie.
Departementet vil i tillegg gjere framlegg om nokre mindre endringar i reglane om dagpengar. Mellom anna fordi då endringane i folketrygdlova kapittel 4 blei fremma, fall einskilde av elementa frå det tidlegare kapittel 4 ut, utan at det var intendert. Departementet ynskjer vidare å nytte høvet til å fremme forslag om å ta inn i lova einskilde nye føresegner.
Forslaga inneber berre mindre materielle endringar som berre vil gje marginale utslag i den einskilde arbeidsledige sine rettar. Forslaga inneber vidare at føresegn som fall ut ved revisjonen av kapittel 4 utan at det var intendert, takast inn i lova igjen og ein lovfesting av gjeldande praksis. Departementet har difor funne det forsvarleg å fremme desse forslaga utan alminneleg høring.