4 ADMINISTRATIVE OG ØKONOMISKE KONSEKVENSAR
Når det gjeld endringane som er av reint lovteknisk karakter, inneber endringane inga endring av dagens rett og vil difor heller ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar. Endringane som inneber at gjeldande praksis blir regelfesta, vil heller ikkje innebere økonomiske eller administrative konsekvensar. Dei endringane som inneber ei endring av gjeldande rett, er berre heilt marginale og vil ha tilsvarande marginale økonomiske og administrative konsekvensar.