Ot.prp. nr. 40 (1997-98)

Om lov om endringar i lov 28 februar 1997 nr 19 om folketrygd, lov 27 juni 1947 nr 9 om tiltak for å fremme sysselsetting og visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

5 IKRAFTSETJING OG OVERGANGSORDNINGAR

Det er ei føresetnad at endringane skal taka til å gjelde straks råd er. Departementet foreslår at Kongen får fullmakt til å fastsette tidspunktet.

Departementet legg til grunn at ålmenne prinsipp om overgangsreglar gjer at dei som mottar ei løpande yting frå folketrygda kapittel 4 i lov 17 juni 1966 nr 12, vil behalde denne ytinga dersom ho er høgare enn det vedkommande har rett til etter denne lova. Departementet bør likevel få fullmakt til å gje overgangsreglar, dersom det syner seg å vere naudsynt.