Ot.prp. nr. 41 (1997-98)

Om lov om endring i lov av 25 september 1992 nr 107 om kommuner og fylkeskommuner

Til innholdsfortegnelse

1 INNLEIING

Lov om kommunar og fylkeskommunar blei sanksjonert 25 september 1992, og tredde i kraft 1 januar 1993. Lova innebar m.a. ei innskjerping av dei formåla kommunar og fylkeskommunar har høve til å finansiere gjennom langsiktige lån, sett i forhold til tilsvarande vedtak i kommunelova av 1954 og fylkeskommunelova av 1961.

Bakgrunnen for lovreguleringa av kommunale og fylkeskommunale låneopptak, er behovet for å hindre at kommunar/fylkeskommunar finansierer si løpande drift gjennom opptak av langsiktige lån, og dermed legg seg på eit aktivitetsnivå som ikkje kan forsvarast på sikt gjennom inntektene til kommunane/fylkeskommunane. Tilsvarande behov og regulering er nedfelt i den nasjonale lovgivinga i dei fleste europeiske land.

Innskjerpinga i 1992 innebar at fylkeskommunane og kommunane ikkje lenger fekk høve til å oppta langsiktige lån for å finansiere utgifter/utbetalingar av ekstraordinær karakter som ikkje gjaldt investeringar. Dette gjennom at lova avgrensar lovlege låneformål til «kapitalformål». Med «kapitalformål» meinte ein dei investeringane kommunen/fylkeskommunen foretok, jf. forarbeida til lova (Ot prp nr 42 (1991-92))

I perioden etter at lova tredde i kraft, har departementet registrert at dei materielle reglane ikkje fullt ut er formålstenlege. Departementet la fram forslag til enkelte justeringar i Ot prp nr 58 (1995-96), jf. Innst O nr 8 (1996-97). Departementet foreslår no ei ytterlegare justering av lova.