Ot.prp. nr. 41 (1997-98)

Om lov om endring i lov av 25 september 1992 nr 107 om kommuner og fylkeskommuner

Til innholdsfortegnelse

4 VURDERINGAR OG FORSLAG FRÅ DEPARTEMENTET

4.1 Om skilnaden mellom drifts- og kapitalformål

Etter departementet si vurdering er det gode grunnar til at kostnader knytt til den løpande drifta, inklusive kostnader knytt til bruk av varige driftsmidlar, fullt og heilt blir finansiert gjennom dei løpande inntektene. Kostnader knytt til den løpande drifta vil då - som i dag - ikkje kunne bli finansiert gjennom å ta opp langsiktige lån. Grunnen er at kommunar og fylkeskommunar ikkje bør kunne leggje seg på eit aktivitetsnivå som ikkje kan forsvarast gjennom inntektene til kommunen/fylkeskommunen.

4.2 Særskilt om underdekning i kommunale/fylkeskommunale pensjonskasser

Etter departementet si vurdering reiser spørsmålet knytt til finansiering av underdekning i kommunale/fylkeskommunale pensjonskasser, behov for særskilte vurderingar. Det har vore lagt til grunn at kommunar/fylkeskommunar skal ha tilført pensjonskassa/livselskapet årlege premiar ut frå auke i pensjonsforpliktingar, uavhengig av korleis kommunen/fylkeskommunen har valt å organisere si pensjonsordning. Når underdekninga har oppstått har det i hovudsak samanheng med at dei årlege premieinnbetalingane har vore lågare enn det pensjonsforpliktingane tilsa. Altså at dei løpande kostnadene gjennom lang tid har vore undervurderte. Dette tilseier i utgangspunktet at det ikkje bør bli opna for lånefinansiering av underdekning i pensjonskasser, då dette vil gi ei forskjellsbehandling i forhold til kommunar som har innbetalt årlege premiar ut frå auke i pensjonsforpliktingane, og slik sett har dekt inn dei reelle kostnadene som har kome innafor dei årlege driftsrammene.

Mot dei prinsipielle omsyna talar forhold av meir praktisk karakter. Departementet vil her vise til omtalen under pkt 3.2. Departementet meiner det her bør leggjast avgjerande vekt på dei meir praktiske omsyna, slik at kommunar og fylkeskommunar får høve til å lånefinansiere underdekninga, dersom denne utgjer monalege beløp og anna finansiering ikkje er mogeleg, jf. forslaget.

Departementet vil i samband med dette peike på at Finansdepartementet har opna for å tillate at kommunale pensjonskasser som har underdekning, kan få fastsett ein plan for å oppnå full forsikringsteknisk dekning, jf. § 29 a) i «forskrift om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond» av 19 februar 1993. Det blir krevd at kommunane vedtek ein forpliktande plan, der inndekninga aukar med minst 1,5 pst årleg. Ein kommune der den forsikringstekniske dekninga utgjer til dømes 85 pst, vil ha maksimalt 10 år på seg til å oppnå full dekning. Den lengste planen som kan fastsetjast er 25 år.

At kommunar/fylkeskommunar får høve til å oppta lån for å dekkje opp for underdekning i eigen pensjonskasse når denne vert innlemma i eit livforsikringsselskap mv, sikrar óg at kommunen/fylkeskommunen kan oppfylle vilkåra som er satt til deltakarane i overføringsavtalen med Statens pensjonskasse. For kommunar/fylkeskommunar der pensjonsordninga allereie blir forvalta av eit livsforsikringsselskap finst det døme på at vilkåra i avtalen ikkje fullt ut er oppfylt. Dette har samanheng med ulike måtar å berekne full forsikringsteknisk dekning. Departementet foreslår derfor at kommunar/fylkeskommunar får høve til å oppta lån som er naudsynte for at kommunane/fylkeskommunane kan slutte seg til overføringsavtalen med Statens Pensjonskasse. Pkt 3 i lovforslaget har derfor berre praktisk betyding når pensjonsordninga allereie i utgangspunktet blir forvalta av eit livsforsikringsselskap.

Departementet foreslår ikkje å opne for lånefinansiering av underdekning i pensjonskasser som ønskjer å halde fram som sjølvstendige kasser. Det blir her vist til at regelverket for kommunale pensjonskasser allereie opnar for at kostnaden med å oppnå full forsikringsteknisk dekning blir fordelt over fleire år.