Ot.prp. nr. 41 (1997-98)

Om lov om endring i lov av 25 september 1992 nr 107 om kommuner og fylkeskommuner

Til innholdsfortegnelse

5 ØKONOMISKE OG ADMINISTRATIVE KONSEKVENSAR

Departementet sitt forslag til justering av § 50 i kommunelova vil ikkje medføre endringar i utgifter eller inntekter for kommunar og fylkeskommunar. Forslaget til justering vil likevel medføre at kommunar og fylkeskommunar kan velje å finansiere utbetalingar til livsforsikringsselskap knytt til underdekning mv gjennom å oppta lån, medan dei i dag må finansiere slike gjennom dei løpande inntektene.

Departementet skal godkjenne alle vedtak om opptak av lån, jf. § 50, nr 6 i kommunelova. For vedtak gjort av kommunar er departementet sin myndigheit delegert til fylkesmannen, jf. kgl. res. av 25 november 1992. Departementet sitt forslag til justering vil innebere ei mindre auke i talet på vedtak om låneopptak, og dermed i talet på saker der det er krevd godkjenning frå departementet (fylkesmannen). Departementet går likevel ut frå at belastinga vil vere svært liten.