1 Bakgrunn
1.1 Innleiing
Den nye vallova vart vedteken i 2002. Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 var såleis første gong eit val vart halde etter den nye lova. Den nye vallova er mindre detaljert når det gjeld praktiske forhold enn det den gamle var. Sentrale endringar var
etablering av ny registreringsordning for dei politiske partia
endra krav til kor mange underskrifter det må vere på listeforslag som blir sette fram frå andre enn registrerte politiske parti og registrerte politiske parti som ikkje oppnådde ei nærmare fastsett oppslutning ved siste stortingsval
endringar i reglane om personval som gjer det lettare for veljarane å påverke rekkjefølgja på dei kandidatane partia har sett opp
kortare periode for førehandsrøysting innanriks
ikkje bruk av røystesetelkonvoluttar på valtinget
enklare reglar for prøving av røystegivingar og røystesetlar
ordninga med utjamningsmandat ved fylkestingsval vart ikkje ført vidare
ny oppgjersmetode ved kommunestyrevalet
kommunestyra og fylkestinga skal sjølv vurdere om valet er gjennomført i samsvar med regelverket, og om det kan godkjennast
Departementet har evaluert gjennomføringa av valet, med særleg vekt på den praktiske gjennomføringa. Det har vore viktig for departementet å få fram årsakene til eventuelle manglar eller feil ved gjennomføringa av valet. Spørsmålet er om det er regelverket som ikkje er godt nok, eller om det først og fremst er spørsmål om å hauste erfaringar og lære av eventuelle feil.
Eit velfungerande demokrati har som føresetnad at det blir lagt til rette for brei folkeleg deltaking gjennom tenlege institusjonelle og praktiske ordningar. I denne proposisjonen blir ulike tiltak vurderte, og det blir fremma forslag som kan vere med på å få til dette. Proposisjonen inneheld forslag til endringar i vallova, der departementet meiner evalueringa og den etterfølgjande høyringsrunden har vist at det er behov for presiseringar og tillegg. Proposisjonen inneheld også ei drøfting av problemstillingar i samband med innføring av lokale bindande folkerøystingar. I Makt- og demokratiutgreiinga, jamfør NOU 2003: 19, har ein drøfta korleis folkestyret har utvikla seg i Noreg, mellom anna når det gjeld frammøte ved val og andre former for deltaking i demokratiske prosessar. Regjeringa vil seinare i vår følgje opp denne utgreiinga og fremme ei melding som gir ei brei vurdering av demokratisk deltaking i Noreg.
1.2 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet
Høyringsnotatet frå 4. juni 2004 inneheldt ei evaluering av den praktiske gjennomføringa av kommunestyre- og fylkestingsvalet 2003 og ein omtale av ein del forslag til lovendringar.
Evalueringsdelen inneheldt for det første ei utgreiing om korleis evalueringa gjekk føre seg. Det viktigaste grepet som vart gjort, var at departementet sette ned ei arbeidsgruppe med erfarne valmedarbeidarar frå kommunane og fylkeskommunane. Gruppa vart bedt om å vurdere ulike problemstillingar. Vidare inneheldt evalueringa ein del statistikk om valdeltaking og forkastingar og ei utgreiing om dei prinsippa departementet la til grunn for si vurdering av behov for endringar i vallova. Endeleg inneheldt denne delen av høyringsnotatet ein omtale av visse problemstillingar der departementet har komme fram til at det ikkje er behov for lovendringar.
Stortinget har vedteke at veljarar som på valdagen har alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, skal følgje særlege prosedyrereglar ved røystegivinga. På bakgrunn av dette vart det fremma forslag i høyringsnotatet om at tilsvarande reglar skal gjelde ved førehandsrøystegivinga, og at det blir lovfest at slike røystegivingar skal forkastast.
Det vart vidare føreslått presisert at veljarar som har møtt fram ved eit vallokale før det fastsette stengjetidspunktet, skal få røyste (det vil seie både veljarar som har komme inn i lokalet, og veljarar som står i kø utanfor lokalet). Vallova er i dag utydeleg på dette området, men forslaget er i tråd med praksis og med måten departementet tolkar lova på.
Veljarar som treng assistanse ved røystegivinga, skulle etter forslaget i høyringsnotatet ikkje lenger sjølv kunne bestemme kven dei ønskjer hjelp av. Det vart føreslått at hjelparane skulle vere røystemottakarar, valfunksjonærar eller medlemmer av røystestyret. Men veljarar med alvorlege psykiske eller fysiske funksjonshemmingar skulle framleis kunne peike ut sine eigne hjelparar.
Dei andre lovendringane i høyringsnotatet var av teknisk karakter, som endringane og tillegga i reglane for a) registrerte politiske parti, b) fordeling av mandata på valdistrikta ved stortingsval, c) fordeling av utjamningsmandata på partia og valdistrikta ved stortingsval og d) vilkår for å erklære eit val for ugyldig.
1.3 Høyringa
Høyringsnotatet frå Kommunal- og regionaldepartementet vart sendt på ekstern høyring 4. juni 2004, med frist for å komme med fråsegner 6. september 2004.
Notatet vart sendt på høyring til desse instansane:
Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Departementa
Dei politiske partia
Kommunenes Sentralforbund
Skattedirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Riksarkivet
Sivilombodsmannen
Utlendingsdirektoratet
Sametinget
Kompetansesenter for likestilling
Postens Sentralledelse
Den norske dommerforening
Den norske advokatforening
Norsk rådmannsforum
NKK/ Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Norges kommunerevisorforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon
Norsk arbeidsgiverforening for virksomheter med offentlig tilknytning (NAVO)
Landsorganisasjonen i Norge
Fagforbundet
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund
Kommunalansattes fellesorganisasjon
Akademikerne
Utdanningsforbundet
Norsk Journalistlag
Norsk presseforbund
Norsk redaktørforening
By- og bygdelagsforbundet/By- og bygdelisteorganisasjonen
Ungdommenes Demokratiforum
Elevorganisasjonen i Norge
Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Norges handikapforbund
Statens råd for funksjonshemmede
SAFO - Samarbeidsorganet for funksjonshemmedes organisasjoner
Norges døveforbund
Norges blindeforbund
Mental helse Norge
Norsk pensjonistforbund
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
NTNU - Universitetet i Trondheim
Universitetet i Tromsø
Handelshøyskolen BI
Institutt for samfunnsforskning
Norges forskningsråd
Brønnøysundregistera Partiregisteret
ErgoEphorma
Wang Global
Sem og Stenersen Prokom AS
Norsik A/S
Norsk Markedsanalyse Forening
Universitets- og Høyskoleutdannedes forbund
Kommunedata AL
Det har komme inn i alt 89 høyringsfråsegner. Dei fordeler seg slik:
Departement | 11 |
Kommunar | 48 |
Fylkeskommunar | 6 |
Fylkesmenn | 7 |
Andre instansar | 17 |
Det er gjennomgåande få kommentarar frå høyringsinstansane til dei føreslåtte endringane i vallova som departementet har komme med. Dei høyringsinstansane som har merknader, sluttar seg stort sett til vurderingane og forslaga til departementet.
1.4 Samandrag av proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld få endringar i høve til forslaga i høyringsnotatet. I proposisjonen føreslår ein likevel å oppheve reglane for behandling av røyster frå veljarar med alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, i motsetning til det som vart føreslått i høyringsnotatet. Det er i tillegg gjort visse mindre justeringar i lovteksten på nokre av forslaga.
Proposisjonen inneheld vidare eit heilt nytt forslag om at Riksvalstyret skal vere klageinstans ved stortingsval. Dette er ei oppfølging av Innst. S. nr. 33 (2004-2005) Om oppfølging av anmodningsvedtak nr. 519 (2002-2003) - klager ved stortingsvalg, jamfør St.meld. nr. 40 (2003-2004).
Departementet gjer også nærmare greie for nokre evalueringar og utgreiingar i samband med oppmodingsvedtak som berre vart kort nemnde i høyringsnotatet.