4 Omtale av forslag til endringar i vallova
4.1 Registrerte politiske parti
4.1.1 Gjeldande rett
Etter vallova § 5-2 andre ledd bokstav b er det ein føresetnad for registrering av eit politisk parti i Partiregisteret at partiet melder frå om kva personar som er medlemmer av hovudstyret i partiet med rett til å representere partiet sentralt i saker etter vallova. Det sentrale målet har vore at ikkje berre partinamnet, men også opplysningar om kven som har rett til å disponere over partinamnet, nemleg hovudstyret i partiet, skal stå i Partiregisteret. I Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) er det understreka at dette organet ikkje er pålagt andre oppgåver enn å opptre på vegner av partiet i saker etter vallova. Av omsyn til det å ha ryddige forhold før listeforslaga skal leverast inn 31. mars i valåret, er det fastsett at partia må melde frå om endringar i personsamansetjinga i hovudstyret i partiet innan 2. januar i valåret.
4.1.2 Høyringsnotatet
I samband med utarbeidinga av ny vallov var departementet i dialog med Brønnøysundregistera, som ønskte at Partiregisteret skulle knytast opp mot Einingsregisteret for å få til ein eintydig identifikasjon av juridiske personar. Det vart derfor lagt ned som ein føresetnad at partiet - før det vart registrert i Partiregisteret - skulle registrerast i Einingsregisteret og få tildelt eit eige organisasjonsnummer. For at systemet skulle vere enkelt og for å leggje til rette for mest mogleg gjenbruk av opplysningar, var det i vallova § 5-5 andre ledd dessutan ein føresetnad at opplysningar om kven som sit i hovudstyret i eit registrert politisk parti, også skulle registrerast i Einingsregisteret. Det vart lagt til grunn at hovudstyret skulle registrerast som «styret» i eininga i tråd med einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav c.
I ettertid har det vist seg at ei slik samkøyring likevel ikkje var formålstenleg. Årsaka er at omgrepet «styre» slik det er tolka i samanslutningsretten og einingsregisterlova, ikkje kan ha det same meiningsinnhaldet som omgrepet «hovedstyre» etter vallova.
Eit styre etter samanslutningsretten er nemninga på det organet som har den høgaste avgjerdsmakta i ei eining mellom generalforsamlingane eller årsmøta. Styret må mellom anna som utgangspunkt vurderast som det rette organet til å representere den juridiske personen utetter i alle typar saker. Etter vallova er derimot funksjonane til hovudstyret avgrensa til berre å gjelde saker som er knytte til vallova. Dette er funksjonar partiet gjerne kan leggje til eit anna organ enn det som er registrert som «styre» i Einingsregisteret.
Departementet ønskte i samband med den nye vallova å leggje så få band på partia som råd med omsyn til korleis dei skal organisere seg. Ei samkøyring av styreopplysningane i Einingsregisteret med hovudstyreopplysningane i Partiregisteret viser seg å verke i motsett lei. Ei samordning vil dessutan avgrense retten partiet har til å disponere over sitt styre slik det står i einingsregisterlova, sidan vallova legg til grunn at det i utgangspunktet ikkje skal endrast noko i samansetjinga av hovudstyret etter 2. januar i valåret. Denne konsekvensen har ikkje vore tilsikta.
Brønnøysundregistera peiker også på at det ikkje er uproblematisk å ta inn i Einingsregisteret opplysningar om hovudstyret i partia, sidan denne typen opplysningar ikkje er omfatta av det som skal eller kan registrerast på einingar med heimel i einingsregisterlova.
Ønsket om å samordne opplysningar i Partiregisteret med opplysningar i Einingsregisteret har utelukkande vore basert på praktiske omsyn. Hovudpoenget er likevel at ein kan finne opplysningar om hovudstyret i partia saman med partinamnet i Partiregisteret. Brønnøysundregistera opplyser at det ikkje vil vere noko praktisk problem å ta opplysningar om hovudstyre direkte inn i Partiregisteret.
Ut frå dette føreslo departementet i høyringsnotatet ei justering i vallova § 5-5 andre ledd, slik at tilvisinga til Einingsregisteret i § 5-5 andre ledd blir erstatta med ei tilvising til Partiregisteret. Dette fører ikkje til noka realitetsendring i høve til det som har vore formålet med det vedtekne regelverket, nemleg at opplysningar om hovudstyret skal vere å finne i Partiregisteret. Ei justering vil berre innebere å fjerne ei hindring av lovteknisk art.
Vallova nyttar nemninga «hovedstyre» om det organet i partiet som har fullmakt til å representere partiet sentralt i saker etter vallova, jamfør vallova § 5-2 andre ledd bokstav b. Mange set av den grunn likskapsteikn mellom det vallova kallar hovudstyre, og det ein del parti også kallar hovudstyre eller sentralstyre. Men dette kan vere to ulike organ og kan derfor skape forvirring. Hovudstyret etter vallova har berre éi oppgåve, nemleg å representere partiet sentralt i saker etter vallova.
Nytt val av hovudstyre etter vallova skal i utgangspunktet meldast til Partiregisteret innan 2. januar i valåret. I dei tilfella der eit parti vel nytt hovudstyre eller sentralstyre på nyåret i valåret og dette også skal representere partiet etter vallova, kan dette føre til at det er det gamle hovudstyret og sentralstyret som skal reknast som å representere partiet i medhald av vallova. Det er fordi nyvalet kan komme for seint til at dei nye opplysningane kan leggjast til grunn ved valet, jamfør valforskrifta § 8. Dette kan vere uheldig.
For å gjere det tydeleg at hovudstyret etter vallova ikkje er noko anna enn eit organ som skal stå for kontakten mellom styresmaktene og partiet sentralt, signaliserte departementet i høyringsnotatet at det vurderte å føreslå eit anna namn enn hovudstyre på det organet i partiet som har fullmakt til å representere partiet sentralt etter vallova.
4.1.3 Høyringsfråsegnene
Ingen av høyringsinstansane har gått imot den føreslåtte lovendringa eller signala frå departementet om at det ville vere formålstenleg å finne fram til eit anna namn enn hovudstyre på det organet i partiet som har fullmakt til å representere partiet sentralt etter vallova.
Brønnøysundregistera, som er ansvarleg for føringa av Partiregisteret, sluttar seg til forslaget frå departementet.
Fagforbundet føreslår at «Partiregisterutvalget» blir den nye nemninga på det tidlegare hovudstyret.
4.1.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Høyringsinstansane har slutta opp om vurderinga og forslaget til departementet i høyringsnotatet. På bakgrunn av dette blir det fremma forslag om å endre vallova § 5-5 andre ledd slik at tilvisinga til Einingsregisteret blir erstatta med ei tilvising til Partiregisteret.
Departementet meiner også at nemninga «hovedstyre» bør endrast. Departementet synest at Fagforbundets forslag til nytt namn, nemleg «Partiregisterutvalget», vil vere ei presis nemning på organet. Det blir derfor fremma forslag om endringar i tråd med dette i vallova § 5-2 andre ledd bokstavane b og c og § 5-5 andre ledd.
4.2 Røyster frå veljarar med sjeleleg svekking eller nedsett medvit
4.2.1 Gjeldande rett
Stortinget vedtok 26. mai 2003 i samband med behandlinga av grunnlovsforslag fremma i Dok. nr. 12:07 (1999-2000) å vidareføre regelen i Grunnlova § 50 tredje ledd om at det kan fastsetjast særskilde reglar for røysterett for personar som lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, jamfør merknadene frå komiteen i Innst. S. nr. 209 (2002-2003). Dette vart følgt opp ved at slike reglar vart tekne inn i vallova § 9-5 ved eit nytt femte ledd, jamfør Innst. O. nr. 102 (2002-2003) og Besl. O. nr. 101 (2002-2003). Regelen tok til å gjelde 1. januar 2004.
Grunnlova § 50 tredje ledd lyder:
«Regler om Stemmeret for ellers stemmeberettigede Personer som paa Valgdagen aabenbart lide av alvorlig sjælelig Svekkelse eller nedsat Bevidsthet, kunne fastsættes ved Lov.»
Vallova § 9-5 femte ledd lyder:
«(5) Finner stemmestyret grunn til å anta at velgeren lider av alvorlig sjelelig svekkelse eller nedsatt bevissthet, skal en forholde seg som beskrevet i fjerde ledd. I tillegg skal stemmestyret påføre omslagskonvolutten en begrunnelse for hvorfor stemmegivningen er lagt til side, og om avgjørelsen er enstemmig. Valgstyret avgjør om stemmegivningen skal godkjennes.»
Vallova gir her reglar for korleis røyster frå veljarar som røystestyret meiner lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, skal handterast. Slike veljarar skal på valdagen ikkje leggje røysta i urna, men i ein røystesetelkonvolutt. Røystestyret legg denne konvolutten i ein omslagskonvolutt og skriv på han ei grunngiving for kvifor røysta vart lagd til sides, og om vedtaket om dette var samrøystes. Valstyret skal vurdere røystegivingane. Verken Grunnlova eller vallova seier noko om kva som skal vere grunnlag for forkasting av slike røyster.
Opphavleg inneheldt Grunnlova ein regel om tap av røysterett ved umyndiggjering. Denne regelen vart oppheva i 1980 og erstatta med regelen i § 50 tredje ledd. I medhald av vanleg lære i statsrettsleg teori og i praksis har det vore vanleg at personar det her gjeld, kan avskjerast frå å vere med i valet etter kriterium for tilrekneleg sinnstilstand. Ein har bygd på vanlege rettsgrunnsetningar om rettsleg handleevne i offentlege saker. Regelen i § 50 har likevel vore tolka slik at han ikkje gav påbod om å innføre reglar om røysterett i vallova for denne gruppa.
Spørsmålet om materielle reglar vart vurdert av vallovutvalet frå 1980 i utgreiinga deira (NOU 1982: 6) som låg til grunn for vallova frå 1985. Utvalet heldt fast ved at det ikkje burde vere materielle reglar om røysterett for denne gruppa, men at ein i staden burde gi prosedyrereglar for korleis røystestyra skulle gå fram dersom ein veljar ikkje kunne vurderast som tilrekneleg. Utvalet uttaler at ein bør»unngå å ta inn i loven bestemte kriterier som skulle medføre tap av stemmerett.» Dette vart følgt opp av departementet og Stortinget. Vallova frå 1985 inneheldt ein regel om at røystegivingar frå veljarar i denne gruppa skulle leggjast i såkalla særskilt omslag med påteikning av grunnen for at røystegivinga vart lagd til sides. I praksis vart slike røyster forkasta.
I samband med behandlinga i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Innst. S. nr. 209 (2002-2003) av Dok. nr. 12:07 (1999-2000) viser komiteen til forslaget frå vallovutvalet frå 1980 og at forslaget deira hadde vorte følgt opp i vallova frå 1985. Komiteen uttaler at ein ikkje finn grunn til å endre ordninga ein har i dag.
4.2.2 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet peikte departementet på at i medhald av dei prinsippa som er lagde til grunn i vallova, bør både røysterett og grunnlag for forkasting av røyster gå fram av lova. I praksis må røyster frå veljarar med sjeleleg svekking og nedsett medvit forkastast.
Når det i vallova no er innført ein regel om særskilde prosedyrereglar for behandling av røyster frå personar som ein reknar lir av sjeleleg svekking eller nedsett medvit, bør denne regelen følgjast opp med ein tilsvarande regel for forkasting av røyster frå desse personane. Etter systemet i vallova for godkjenning av røystegivingar og røystesetlar bør det derfor takast inn ein regel i kapittelet om godkjenning i lova om at slike røystegivingar ikkje kan godkjennast.
Regelen i vallova § 9-5 femte ledd gjeld berre ved valtingsrøystegivinga. Men departementet fann ikkje nokon grunn til at det skal skiljast mellom førehands- og valtingsrøyster når det gjeld mottak av røyster frå den gruppa personar det her er tale om. Dette var også regelen i vallova frå 1985. Røystemottakaren ved førehandsrøystegivinga skulle ved mottak av røyster frå denne gruppa skrive dette på omslagskonvolutten eller valkortet.
Departementet meinte at det var nødvendig med ein tilsvarande regel ved førehandsrøystegivinga også i gjeldande vallov. Ein slik regel kan takast inn i kapittelet om framgangsmåten ved røystegiving på førehand. Det bør også føyast til eit nytt vilkår for godkjenning i kapittel 10 i vallova.
4.2.3 Høyringsfråsegnene
Det store fleirtalet av høyringsinstansane har ingen merknader til forslaga i høyringsnotatet.
Sosialdepartementet understrekar at vurderinga til Kommunal- og regionaldepartementet i høyringsnotatet av korleis ein skal praktisere regelen om at røyster frå denne gruppa av veljarar skal leggjast til sides, må gjerast like tydeleg i proposisjonen.
Trondheim kommune rår til at regelen blir avskaffa. Fylkesmannen i Rogaland peiker på at
«mulighetene for at akkurat en slik stemmegivning skal ha betydning for mandatfordelingen eller personvalget er så mikroskopiske, veid i forhold til fare for sosial stigmatisering, at prosedyrer for å sikre rettssikkerheten bør være ekstra grundige».
Statens råd for funksjonshemmede kommenterer i si høyringsfråsegn ikkje innhaldet i den føreslåtte regelen. Men rådet gir uttrykk for at ein bør unngå formuleringar som «alvorlig sjelelig svekkelse». Å bruke dette omgrepet slik er etter deira meining uheldig, uforståeleg og gammaldags.
4.2.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Departementet føreslo i høyringsnotatet at det som ein konsekvens av at det blir innført prosedyrereglar for behandling av røyster frå veljarar som ein reknar lir av alvorleg sjeleleg svekking og nedsett medvit, også vart teke inn reglar i vallova om at røyster frå denne gruppa må forkastast.
Men departementet har mellom anna på bakgrunn av høyringsrunden teke opp til ny vurdering spørsmålet om underkjenning av røyster frå veljarar som lir av alvorleg sjeleleg svekking og nedsett medvit. Departementet har komme til at ein ikkje bør lage prosedyrereglar eller reglar for forkasting av røystegivingar frå denne gruppa av veljarar.
Vallovutvalet gav i NOU 2001: 3 uttrykk for at det ikkje burde gjelde spesialreglar for veljarar som nokså opplagt lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit. Det vart uttalt at slike reglar er uheldige reint prinsipielt og ut frå eit rettstryggleikssynspunkt. Dei kriteria som ein har prøvt å setje opp for praktiseringa av reglane, gjer at det blir sett store krav til røystestyra. Utvalet gjekk ut frå at Grunnlova § 50 tredje ledd vart oppheva da det låg føre forslag om dette i Stortinget. Utvalet føreslo at ein ikkje skulle føre vidare tilsvarande reglar på dette området i den nye vallova.
Departementet slutta seg i Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) til forslaget frå vallovutvalet. På bakgrunn av den klare innstillinga frå vallovutvalet, høyringsrunden og det faktum at det låg føre eit grunnlovsforslag om å oppheve Grunnlova § 50 tredje ledd, gjorde departementet ikkje nærmare greie for kvifor regelen burde opphevast. Slik departementet ser det, kan ein derfor spørje om alle relevante forhold var godt nok klarlagde før Stortinget gjorde vedtak om å føre vidare regelen om særskild behandling av røyster frå veljarar som nokså opplagt lir av sjelelig svekking eller nedsett medvit.
Fram til 1980 inneheldt Grunnlova som nemnt ovanfor ein regel om tap av røysterett ved umyndiggjering. Denne regelen vart erstatta av noverande § 50 tredje ledd. Bakgrunnen for å oppheve regelen om tap av røysterett ved umyndiggjering var at det ikkje kunne seiast å vere nokon direkte samanheng mellom lovreglane om umyndiggjering slik dei vart praktiserte, og evna hos ein person til å forstå kva det inneber å røyste.
Grunnlova § 50 tredje ledd seier ikkje spesifikt at ein skal forkaste røyster frå personar som utan tvil lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, berre at det kan fastsetjast reglar om røysterett for denne typen veljarar. I praksis har dette vore det same som at det har vorte fastsett prosedyrereglar for behandling av slike røyster, ikkje reglar om røysterett for denne gruppa. Det har aldri vore uttalt klart i lov at røyster frå denne gruppa skal forkastast. Dette må ein likevel gå ut frå har vore ein føresetnad.
Når det galdt spørsmålet om å ta inn utfyllande reglar om røysterett i vallova, sa vallovutvalet frå 1980 dette i innstillinga si (NOU 1982: 6):
«Utvalget vil peke på at en her har å gjøre med et saksfelt hvor det er vanskelig å gi lovregler. For det første er det vanskelig å gi lovregler som på en hensiktsmessig måte kan regulere hvilke velgergrupper som bør falle inn under Grunnlovens bestemmelse. For det andre bør en unngå å ta inn i loven bestemte kriterier som skulle medføre tap av stemmerett. Utvalget vil poengtere at det fra Stortingets side er uttalt at en bør unngå begrepet «sinnssyk» i denne sammenhengen. Dette er etter utvalgets oppfatning en gruppe personer som måtte med i en definering av dem som ikke har stemmerett på grunn av manglende tilregnelighet. Utvalget holder fast ved at det ikke bør gis materielle regler om stemmerett for disse grupper. I stedet bør [en] konsentrere seg om å gi prosedyreregler for hvordan stemmestyret bør gå fram dersom de mener velgeren lider av manglende tilregnelighet.»
Sjølv om det ikkje kjem til uttrykk i lova, må grunngivinga for å ha reglar av denne typen vere at ein ønskjer å hindre at personar som ikkje har ei normal forståing av kva valet går ut på, får høve til å gi ei gyldig røyst. Men det er svært vanskeleg å lage reglar som i praksis gjer det mogleg å identifisere desse veljarane. Dette var også noko som kom fram i dei arbeida som låg til grunn for grunnlovsendringa i 1980, jamfør til dømes dei ulike forslaga som det blir gjort greie for i St.meld. nr. 65 (1975 - 76) Stemmerett for umyndiggjorte mv.
I dag er det den oppfatninga medlemmene av røystestyret har av veljaren når vedkommande kjem for å røyste, som er avgjerande for om røystegivinga skal leggjast til sides for særskild behandling eller ikkje. Dette er lite tilfredsstillande ut frå eit rettstryggleikssynspunkt. Det røystestyret kan vurdere, er om veljaren viser ei så påfallande åtferd at det er grunn til å tru at vedkommande heilt klart lir av ei alvorleg sjeleleg svekking eller av nedsett medvit. Det at det er grunn til å tru at veljaren er i ein slik tilstand, treng likevel ikkje å vere det same som at vedkommande ikkje er klar over kva han eller ho gjer. Men det å skulle vurdere slik er ei heilt anna og mykje vanskelegare oppgåve, som medlemmene av røystestyret ikkje har føresetnader for å kunne ta seg av. Når ein berre ser på åtferda til veljaren, står ein i fare for ikkje berre å forkaste røyster frå veljarar som ikkje veit kva dei gjer, men også frå veljarar som faktisk har dei nødvendige føresetnadene for å kunne røyste. Dette må seiast å vere eit svært alvorleg inngrep i ein grunnleggjande demokratisk rett som det å få røyste er. Slik departementet ser det, er det å få forkasta røysta si med den grunngivinga at røystestyret reknar med at vedkommande lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, svært krenkjande for ein veljar som har dei nødvendige føresetnadene for å kunne velje. Derfor bør ein heller akseptere risikoen for at røysta til somme veljarar som ikkje veit kva dei gjer, blir godkjend. Det er også grunn til å tru at dei fleste veljarar som manglar dei nødvendige føresetnadene for å ta eit grunngitt val, ikkje vil nytte røysteretten sin. Slik departementet ser det, er det heller ikkje grunnlag for å tru at røyster frå denne veljargruppa vil fordele seg annleis på partia og kandidatane enn røyster frå andre veljarar.
Departementet finn også grunn til å understreke at det norske regelverket ikkje er i samsvar med retningslinjene i «Code of good practice in electoral matters» som Venezia-kommisjonen, eit demokratiorgan for Europarådet, har utarbeidd. Det blir slått fast i kapittel I, punkt 1.1 d i retningslinjene at å nekte ein person rett til å røyste fordi vedkommande ikkje blir vurdert som tilrekneleg («mental incapacity»), for det første må gå fram av lova, og for det andre må det å fastslå at ein person er i ein slik tilstand, skje gjennom ei uttrykkjeleg domstolsavgjerd.
Sjølv om dei norske reglane formelt ikkje tek røysteretten frå veljarar som lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, er det dette som reelt skjer. Tapet av røysteretten er berre skjult som prosessuelle reglar som skal følgjast. Skal det vere noko poeng med dei prosessuelle reglane, må røystene forkastast. Det ein har gjort, er å kamuflere materielle røysterettsreglar som prosessuelle reglar. For veljarane er resultatet det same: Røysta deira blir forkasta.
På bakgrunn av dette meiner departementet at dei beste grunnane taler for å oppheve reglane om særskild behandling av røyster frå veljarar som ein reknar med lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit. Ein føreslår derfor at vallova § 9-5 blir oppheva.
Oppfølging av regelen i vallova § 9-5 femte ledd
I dette avsnittet gjer vi greie for kva lovendringar som kan vedtakast dersom ein likevel ønskjer å følgje opp regelen i vallova § 9-5 femte ledd.
Når det i vallova er innført ein regel om særskilde prosedyrereglar for behandling av røyster frå personar som ein på valdagen reknar med lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, bør denne regelen følgjast opp med ein tilsvarande regel for forkasting av røyster frå desse personane. Det er ikkje nok at retningslinjer for forkasting blir tekne inn i skriv frå departementet e.l. Etter systemet i vallova for godkjenning av røystegivingar og røystesetlar bør det derfor takast inn ein regel i lova om at slike røystegivingar ikkje kan godkjennast. Dette kan gjerast ved at det blir føydd til eit nytt vilkår for godkjenning av valtingsrøystegivingar i § 10-2 første ledd ny bokstav d.
Regelen i vallova § 9-5 femte ledd gjeld berre ved valtingsrøystegivinga. Departementet kan likevel ikkje sjå nokon grunn til at det skal skiljast mellom førehands- og valtingsrøyster når det gjeld mottak av røyster frå den gruppa personar vi her snakkar om. Dette var også regelen i vallova frå 1985. Røystemottakaren ved førehandsrøystegivinga skulle ved mottak av røyster frå denne gruppa skrive dette på omslagskonvolutten eller valkortet. Ein tilsvarande regel kan takast inn i kapittelet om framgangsmåten ved førehandsrøystegivinga. Dette kan gjerast ved at § 8-4 får eit nytt fjerde ledd. Noverande fjerde ledd blir da nytt femte ledd. Også når det gjeld røystegiving på førehand, bør det føyast til eit nytt vilkår for godkjenning i § 10-1 første ledd ny bokstav h.
Grunnlova § 50 seier at det kan fastsetjast nærmare reglar i tilfelle det er «aabenbart» at ein veljar lir av sjeleleg svekking eller nedsett medvit. Eit tilsvarande krav er ikkje teke inn i regelen i vallova. For å markere kor viktig dette kravet er, og for å få ein betre samanheng mellom reglane meiner departementet at dette kravet også bør takast inn i § 9-5 femte ledd og i § 8-4 nytt fjerde ledd.
Kva som ligg i omgrepa «sjelelig svekkelse» og «nedsatt bevissthet», seier lova ikkje noko om. Litt rettleiing finst i tidlegare lovproposisjonar og praksis på området. Men regelen er svært vanskeleg å praktisere og kan gi til dels urimelege resultat. Dessutan aukar han faren for ulik behandling av veljarar. Departementet finn grunn til å presisere at tilstanden til veljaren, som kan grunngi at røysta blir lagd til sides, klart og direkte må komme til uttrykk i samband med sjølve valhandlinga. Ein sjukdomsdiagnose er ikkje tilstrekkeleg i seg sjølv til å leggje røysta til sides. At ein veljar er rusa av til dømes alkohol eller narkotika, er heller ikkje utan vidare grunnlag for å leggje røysta til sides. I realiteten er det berre i svært få tilfelle aktuelt å leggje ei røystegiving til sides etter regelen om at veljaren skal vere tilrekneleg. Slik departementet ser det, er det berre når veljaren - idet han eller ho skal til å røyste - ikkje på nokon måte kan gjere greie for seg, slik at det for medlemmene av røystestyret er heilt tydeleg at vedkommande utan tvil ikkje kan ha noka meining eller oppfatning når det gjeld å velje mellom fleire politiske alternativ, at røysta bør leggjast til sides. Sosialdepartementet understrekar i høyringsfråsegna si kor viktig det er at regelen blir praktisert slik.
Oppsummert inneber dette at eventuelle lovreglar kan formast slik:
§ 8-4 nytt fjerde ledd skal lyde:
«(4) Finner stemmemottaker at velgeren åpenbart lider av alvorlig sjelelig svekkelse eller nedsatt bevissthet, skal stemmemottakeren påføre en begrunnelse om dette på valgkortet dersom stemmegivningen foregår innenriks. Ved stemmegivning i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen skal stemmemottakeren påføre dette på omslagskonvolutten. Valgstyret avgjør om stemmegivningen skal godkjennes.»
Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.
§ 9-5 femte ledd skal lyde:
«(5)Finner stemmestyret atvelgeren åpenbartlider av alvorlig sjelelig svekkelse eller nedsatt bevissthet, skal en forholde seg som beskrevet i fjerde ledd. I tillegg skal stemmestyret påføre omslagskonvolutten en begrunnelse for hvorfor stemmegivningen er lagt til side, og om avgjørelsen er enstemmig. Valgstyret avgjør om stemmegivningen skal godkjennes.»
§ 10-1 første ledd skal lyde:
«(1) En forhåndsstemmegivning skal godkjennes dersom
velgeren er innført i manntalet i kommunen,
stemmegivningen inneholder tilstrekkelige opplysninger til å fastslå hvem velgeren er,
stemmegivningen er avgitt til rett tid,
stemmegivningen er levert til rett stemmemottaker med mindre den er avgitt som brevstemme,
omslagskonvolutten ikke er åpnet eller forsøkt åpnet,
velgeren ikke har avgitt godkjent stemmegivning,
stemmegivningen er kommet inn til valgstyret innen kl. 20 på valgdagen og
den ikke er avgitt av velger som åpenbart lider av alvorlig sjelelig svekkelse eller nedsatt bevissthet.»
§ 10-2 første ledd skal lyde:
«(1) En stemmegivning avgitt på valgtinget skal godkjennes dersom
velgeren er innført i manntalet i kommunen,
velgeren har fått anledning til å avgi stemme,
velgeren ikke allerede har avgitt godkjent stemmegivning og
den ikke er avgitt av velger som åpenbart lider av alvorlig sjelelig svekkelse eller nedsatt bevissthet.»
4.3 Assistert røystegiving
4.3.1 Gjeldande rett
Vallova § 9-5 sjette ledd fastset at
«Velger som har behov for det, kan selv be stemmestyret om å få nødvendig hjelp ved stemmegivningen. Velgeren peker selv ut en hjelper blant de personer som er tilstede i valglokalet. Stemmestyret skal gjøre hjelperen oppmerksom på at vedkommende har taushetsplikt.»
Denne regelen bryt klart med utgangspunktet i vallovgivinga om at valhandlinga skal skje i einerom og usett (vallova § 9-5 tredje ledd). Regelen har vore nytta der veljaren har ei fysisk eller psykisk funksjonshemming som gjer at vedkommande ikkje kan utføre handlinga sjølv. Det same gjeld veljarar som treng hjelp på grunn av språkproblem.
Vallova § 8-4 første ledd inneheld ein regel som svarer til § 9-5 sjette ledd, og som gjeld ved røystegiving på førehand.
4.3.2 Høyringsnotatet
Departementet tok ei prinsipiell drøfting av ordninga med assistert røystegiving i samband med forslaget om ny vallov og konkluderte med at ein ikkje burde føreslå lovreglar som avgrensa den frie retten veljaren har til å peike ut ein hjelpar. Vi viser til drøftinga i Ot.prp. nr. 45 (2001-2002), sidene 199-200.
Sjølv om det er slått fast i lova at veljarar som har behov for hjelp, sjølv skal peike ut hjelparen, har det i ein del tilfelle vist seg vanskeleg for røystestyret (eller mottakaren av førehandsrøyster) å vurdere om veljaren faktisk ønskjer assistanse av ein hjelpar. Særleg gjeld dette dersom veljaren har språkproblem. Det kan vere situasjonar der ein meir språkkunnig familiemedlem insisterer på å vere med veljaren inn i avlukket, utan at det er mogleg for røystestyret å kontrollere om det verkeleg er det veljaren ønskjer. Slike situasjonar vil opne for at hjelparen kan utsetje veljaren for utilbørleg påverknad, slik at det ikkje blir valet til veljaren som kjem til uttrykk gjennom røystesetelen, men det hjelparen røystar på. Dette blir ofte kalla «family voting». Det vart ein del diskusjon om dette fenomenet ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 - særleg i ein del røystekrinsar med stort innslag av framandspråklege veljarar.
Forholdet til dei sentrale prinsippa i valordninga gjorde at departementet i høyringsnotatet fann grunn til å ta problematikken rundt assistert røystegiving opp til ny vurdering. Det er viktig å sikre at ordninga med assistert røystegiving ikkje blir misbrukt eller kjem i miskreditt hos publikum.
«Family voting» er knapt noko stort problem på landsbasis. Men det har å gjere med sentrale prinsipp i valordninga vår. For det første kan det komme i konflikt med prinsippet om at veljaren sjølv skal avgjere kva for eit parti han eller ho vil røyste på, hemmeleg og utan utilbørleg påverknad av andre. Dette er knesett i § 1-1 i lova om formålet. For det andre gjeld det prinsippet «éin veljar - éi røyst», på den måten at dersom veljaren på grunn av utilbørleg påverknad ikkje røystar etter eige ønske, vil han eller ho i realiteten ikkje få noka røyst i det heile, mens hjelparen vil få ei ekstra røyst.
Grannelanda våre har ulike løysingar på problematikken rundt røystegivinga når veljaren treng assistanse.
I Danmark kan to såkalla «valgstyrere» (medlemmer av røystestyret) eller «tilforordnede vælgere» (personar som blir valde av kommunestyret til å hjelpe til med avviklinga av valet) hjelpe veljaren. Men ein veljar som er blind eller svaksynt, kan sjølv peike ut ein hjelpar.
I Sverige kjenner dei ikkje til prinsippet om assistanse i røystelokalet. Ein veljar som er sjuk, funksjonshemma eller av andre årsaker ikkje kan komme til vallokalet, kan røyste ved bod etter nærmare fastsette reglar i lova (dette bodet kan vere ektefellen, sambuaren eller ein nær familiemedlem av veljaren, eller ein person som gir veljaren omsorg eller hjelp i personlege saker).
Det kan tenkjast fleire løysingar når ein vil prøve å hindre at ordninga med assistert røystegiving blir utnytta på ein negativ måte.
Ein måte å gjere det på kan vere å krevje at veljaren erklærer skiftleg at han eller ho treng assistanse. Eit anna alternativ kan vere å vidareføre ordninga vi har i dag, men instruere røystestyre og valfunksjonærar om å vere spesielt merksame på eventuelle freistnader på misbruk av ordninga. Men desse alternativa vil ikkje løyse dei prinsipielle motførestellingane med å bruke hjelparar. Ei tredje løysing kan vere å setje krav om at hjelparen skal vere ein medlem av røystestyret eller ein valfunksjonær. Dette inneber at ein avgrensar retten veljaren har til fritt å kunne peike ut ein hjelpar, noko som ein del veljarar kan vurdere som negativt, nemleg som ein freistnad frå styresmaktene på å kontrollere korleis dei røystar.
Arbeidsgruppa som har evaluert valet, rår til at departementet vurderer å endre dette regelverket slik at veljaren ikkje sjølv kan peike ut hjelparen sin, men at eventuelle hjelparar må veljast blant valfunksjonærane eller røystestyret.
Etter ei samla vurdering kom departementet i høyringsnotatet til at prinsippa vallova byggjer på, ikkje er godt nok sikra i reglane om assistert røystegiving, slik dei lyder i dag. Departementet gav derfor uttrykk for at det i utgangspunktet bør setjast som krav at den som skal hjelpe veljaren, må vere medlem av røystestyret eller valfunksjonær (ved røystegiving på valdagen) eller røystemottakar (ved førehandsrøystegivinga). På denne måten kan ein sikre at røystegivinga blir gjennomført som ei sak for det offentlege, utan at uvedkommande får høve til å drive utilbørleg påverknad på veljaren inne i avlukket. Departementet meinte at det ikkje ville vere problematisk å leggje denne funksjonen til offentlege representantar, som ein må gå ut frå er nøytrale og upartiske når dei utfører pålagde plikter i samband med val.
Departementet gav likevel uttrykk for at det burde gjelde visse unntak for veljarar med alvorlege psykiske eller fysiske funksjonshemmingar. Desse veljarane bør kunne peike ut sine eigne hjelparar. Dette kan til dømes vere veljarar som på grunn av funksjonshemminga si har store vanskar med å kommunisere med andre personar enn dei som har nær kontakt med vedkommande. Ein slik regel bør gjelde også for blinde og svaksynte personar.
Andre veljarar må be om hjelp frå valpersonalet. For ein person som til dømes kan ha vanskar med å gjere seg forstått på grunn av manglande norskkunnskapar, vil den føreslåtte unntaksregelen ikkje gjelde. Ein rett til å plukke ut sin eigen hjelpar også for denne gruppa av veljarar vil undergrave grunngivinga for den føreslåtte endringa, nemleg å unngå tilfelle der veljaren får hjelp og kanskje blir utsett for utilbørleg påverknad, utan at vedkommande ønskjer det sjølv. Det er fordi det i praksis vil vere uråd å kontrollere i kor stor grad ein veljar har behov for hjelp på grunn av språkproblem. I røystekrinsar med stort innslag av framandspråklege veljarar kan det vere fornuftig å ha nokre valfunksjonærar med framandspråkleg bakgrunn, både for at dei skal kunne hjelpe veljarar som eventuelt treng særskilt rettleiing, men også for at samansetjinga av staben av valfunksjonærar skal spegle samansetjinga av veljarane i krinsen.
4.3.3 Høyringsfråsegnene
Nesten alle høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget, støttar forslaget frå departementet. Tre høyringsinstansar (Akershus fylkeskommune, Ålesund kommune og Trondheim kommune)ønskjer å vidareføre dei gjeldande reglane. Kristiansand kommuneønskjer på si side ein strengare regel:
«Velgere som trenger hjelp til å stemme, kan lett bli et bytte for misbruk. Vi er av den bestemte oppfatning at bare stemmestyremedlemmer, valgfunksjonærer eller stemmemottakere skal kunne være hjelpere, ikke familiemedlemmer og venner og bekjente ...»
Somme høyringsinstansar gir uttrykk for at det er vanskeleg å avgjere spørsmålet om kven som skal kunne yte assistanse. Bømlo kommuneuttaler mellom anna dette:
«Det er vanskeleg å akseptera ei ordning som gjev røystestyre og valfunksjonærar monopol på å yte slik hjelp. Dette m.a. av di det kan gje eit fåtal personar altfor stor innsikt i korleis mange veljarar har røysta. Det kan og vera med på å svekka tiltrua til valorgana som objektive og frittståande organ. [...] Skal eg likevel koma med ein konklusjon, trur eg at eg trass alt vil landa på departementet sitt framlegg. «Family voting» er eit så pass alvorleg problem at det må aksepterast tiltak som ein elles ikkje vil akseptera.»
Bærum kommune uttaler at for å unngå rom for utilbørleg påverknad frå hjelparar og for å få til konsekvente reglar for røystegiving bør regelen for assistert røystegiving vere at hjelparane til veljaren må vere to medlemmer av røystestyret eller to valfunksjonærar (ved røystegiving på valdagen) eller to røystemottakarar (ved røystegiving på førehand). Slik kommunen ser det, bør unntaket for veljarar med psykiske eller fysiske funksjonshemmingar vere at desse veljarane kan peike ut ein hjelpar i tillegg.
Sveio og eit par andre kommunar stiller spørsmål ved korleis ein skal avgjere om ein veljar kjem inn under unntaksregelen (alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming).
Sosialdepartementet peiker på at det i høyringsnotatet ikkje er sannsynleggjort at dei som hjelper personar med alvorlege funksjonshemmingar, kan reknast for å vere mindre tilbøyelege til å drive utilbørleg påverknad enn andre hjelparar.
4.3.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Forslaget til departementet i høyringsnotatet får brei tilslutning blant høyringsinstansane. Departementet er likevel samd med dei av høyringsinstansane som seier at dette er eit vanskeleg spørsmål å ta stilling til.
Utgangspunktet når ein skal røyste, er at røystegivinga skal skje i einerom og utan at andre ser kva ein røystar. Dette skal sikre at røysta til veljaren blir verande hemmeleg, og at vedkommande ikkje blir utsett for utilbørleg påverknad frå andre. Dette er prinsipp som er heilt grunnleggjande i vallovgivinga. Vallovgivinga inneheld derfor krav om at røystegivinga skal leggjast slik til rette at også veljarar med ulike typar funksjonshemmingar (til dømes blinde) skal kunne røyste på eiga hand. Det er likevel ikkje alle veljarar som greier å utnytte desse ordningane. Til dømes er blinde veljarar som ikkje kan lese blindeskrift, avhengig av hjelp for å kunne røyste. For veljarar som må ha hjelp til å røyste, må det lagast ordningar som gjer at også denne gruppa av veljarar får høve til å delta i valet. Men ved utforminga av slike reglar må dei prinsippa vallova byggjer på, leggje sterke føringar på korleis reglane om assistert røystegiving skal formast. Reglane må sikre at veljarane ikkje blir utsette for utilbørleg påverknad.
Det er reist spørsmål i høyringa om det er grunn til å tru at det er nokon skilnad i faren for at veljaren blir utsett for utilbørleg påverknad i situasjonar som ofte blir kalla «family voting», og der veljaren på grunn av funksjonshemminga si treng hjelp (mest vanleg frå ein nærståande eller frå pleiepersonale). Slik departementet ser det, er det vanskeleg å ha noka klar meining om kva for veljargrupper som er mest utsette for utilbørleg påverknad. Departementet ser dei innvendingane som har komme i høyringsrunden, i høve til dette spørsmålet. Dette taler for at det i alle situasjonar bør vere ein av valfunksjonærane som fungerer som hjelpar. Men departementet meiner at det i visse situasjonar kan vere slik at somme veljarar får høve til sjølv å peike ut sine eigne hjelparar.
Når det gjeld blinde og svaksynte veljarar som treng hjelp til å røyste, bør dei kunne peike ut sine eigne hjelparar. Det er fordi desse veljarane ikkje vil kunne kontrollere dei vala dei gjer, og at dei derfor må kunne bruke ein hjelpar dei har absolutt tillit til. Dette vil truleg vere ei heller lita gruppe veljarar i og med at det følgjer av valforskrifta at røystegivinga skal leggjast slik til rette at blinde og svaksynte veljarar skal kunne røyste på eiga hand. Også veljarar som på grunn av funksjonshemminga si treng hjelp av personar som dei kjenner, når dei skal kommunisere med valfunksjonærane, bør kunne peike ut sine eigne hjelparar.
Når det gjeld veljarar som skal kunne peike ut sine eigne hjelparar, må ein vurdere om denne hjelparen skal komme i tillegg til eller i staden for ein hjelpar frå dei valansvarlege. Slik departementet ser det, bør det alltid vere ein hjelpar frå dei valansvarlege til stades ved assistert røystegiving. Dette er den einaste måten ein kan sikre at veljarane ikkje blir utsette for utilbørleg påverknad frå den utpeikte hjelparen. Departementet ser likevel ikkje nokon grunn til at det bør setjast noko generelt krav om at det alltid skal vere to hjelparar til stades. Departementet meiner at i dei tilfella der røystemottakarar, valfunksjonærar eller røystestyremedlemmer fungerer som hjelparar, må det kunne leggjast til grunn at hjelpa vil bli gitt i medhald av regelverket. I tillegg kan ein generell regel om to hjelparar bli vanskeleg og ressurskrevjande å følgje i praksis.
Somme av høyringsinstansane har gitt uttrykk for at dei er litt usikre på kva for veljarar som den føreslåtte regelen i høyringsnotatet vil gjelde for om rett til å peike ut eigne hjelparar (veljarar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming). Slik departementet ser det, må ein alltid bruke eit visst skjønn ved praktiseringa av denne typen reglar. Dei valansvarlege må sjølv i kvart tilfelle der dette er aktuelt, vurdere om vedkommande veljar har ei alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming. Ved ein eventuell tvil om vilkåra er oppfylte, bør ein i utgangspunktet la tvilen komme veljaren til gode. Departementet meiner at det vil vere meir uheldig å nekte slik hjelp til ein veljar som har behov for ein eigen hjelpar, enn å tillate at ein veljar som ikkje treng særskild hjelp, får det.
Ein del veljarar kan ha problem med å røyste på grunn av manglande språkkunnskapar. Det vil ikkje vere i tråd med det som er sagt ovanfor, dersom også denne gruppa av veljarar skal kunne peike ut ein hjelpar (som snakkar det same språket som vedkommande) til å hjelpe seg i tillegg til ein representant frå dei valansvarlege. Det er fordi den offentlege hjelparen på grunn av manglande språkkunnskapar normalt ikkje kan sjekke den kommunikasjonen som skjer mellom veljaren og den andre hjelparen. For denne veljargruppa er det derfor viktig å leggje til rette røystegivinga på andre måtar. I røystekrinsar med stort innslag av ikkje-norskspråklege veljarar, kan det vere formålstenleg å bruke valfunksjonærar med same språklege bakgrunn som veljarane i krinsen. Det er likevel lite truleg at det er mogleg å dekkje alle veljarar med behov for hjelp på denne måten. Veljarar som ikkje kan norsk, vil nok ofte ha følgje til vallokalet av ein annan person som snakkar betre norsk. Valfunksjonærane kan da med hjelp frå denne personen forklare veljaren korleis han eller ho skal gå fram for å røyste. Ein representant for dei valansvarlege blir deretter eventuelt med veljaren inn i sjølve røysteavlukket. Vallova er såleis ikkje til hinder for at veljarane får hjelp av andre, til dømes som forklaringar på eige språk inne i vallokalet. Men inne i røysteavlukket må ein representant frå dei valansvarlege yte ei eventuell hjelp. På bakgrunn av dette føreslår departementet endringar i reglane for assistert røystegiving (jamfør §§ 8-4 første ledd og 9-5 nytt femte ledd), slik at det alltid skal vere ein representant frå dei som står for valet (røystemottakar, valfunksjonær eller røystestyremedlem), som gir assistanse til ein veljar med behov for hjelp. Veljarar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming kan likevel peike ut ein ekstrahjelpar etter eige ønske.
4.4 Valtingsrøystegivinga - avslutning av røystegivinga i vallokalet
4.4.1 Gjeldande rett
Vallova § 9-7 inneheld reglar om avslutning av røystegivinga på valtinget. Paragrafen lyder slik:
«Stemmelokalet stenges på det tidspunkt som er fastsatt. De velgere som da er til stede i valglokalet skal få avgi stemme.»
I samband med valet i 2003 i ein del røystelokale i Oslo vart det køar som gjekk utanfor røystelokala da dei skulle stengjast kl. 20. For å gi flest mogleg veljarar som hadde møtt fram, høve til å røyste, plasserte røystestyra nokre av medlemmene eller funksjonærane sine bakarst i køen da klokka var 20. Dei som stod i kø på det tidspunktet, fekk røyste sjølv om dei kom inn i sjølve røystelokalet først etter at lokalet skulle vore stengt. Veljarar som møtte fram etter kl. 20, vart avviste.
4.4.2 Høyringsnotatet
Etter valet i 2003 fekk departementet klager over valavviklinga i Oslo. Det vart hevda at ein ikkje følgde reglane for opningstidene i vallokala på valdagen, da veljarar som stod i kø utanfor vallokalet på det tidspunktet lokala skulle stengje, fekk høve til å røyste.
Departementet fann at klagene ikkje kunne takast til følgje, og uttalte mellom anna:
«Et grunnleggende hensyn bak valgloven er at valget skal foregå på en demokratisk måte og at alle velgere skal behandles likt. Dette er bakgrunnen for regelen i § 9-7 om at de velgere som er kommet frem innen kl. 20, men som ikke har fått avgi stemme innen fristen, likevel skal få stemme. Utformingen av ordlyden i § 9-7, «de velgere som da er til stede i valglokalet», bygger på en helt klar forutsetning om at det faktisk er plass i stemmelokalet til alle som er kommet frem innen kl. 20 og som da vil inn. Noe annet ville innebære forskjellsbehandling av velgere.
Når lovens klare forutsetning ikke slår til, bør en streng bokstavfortolkning vike for en rimelig og demokratisk tolkning, i tråd med lovens formålsbestemmelse i § 1-1. Å stenge adgangen inn til samtlige valglokaler kl. 20, selv om det enkelte steder sto velgere på utsiden, ville nok vært en lik behandling av valglokalene. Et overordnet omsyn må imidlertid være likebehandling av velgere.
Det bør vere det faktum at velgerne har møtt frem i tide som avgjør om de får bruke stemmeretten sin. Denne grunnleggende retten bør ikke avhenge av hvor store stemmelokalene er, hvor effektivt det er lagt til rette på stemmestedet, om det er kø fordi uventet mange kom sent på dagen osv.»
I Sverige er den lovfastsette opningstida for vallokala frå kl. 8 til kl. 20. Den svenske vallova kap. 10 § 3 fastset dette:
«Väljare som finns i vallokalen eller på en plats som de har anvisats intill lokalen, när tiden för röstning går ut, skall få tillfälle att rösta.»
I Danmark fastset lova om val til Folketinget § 46 dette:
«Afstemningen begynder kl. 9 og fortsætter til kl. 20, og så længe der endnu derefter indfinder sig vælgere for at stemme. Afstemningen sluttes, når ingen vælger tilkendegiver at ville stemme, uanset at der gives opfordring hertil.»
Departementet gav i høyringsnotatet uttrykk for at ein ikkje burde gå inn for den danske ordninga, som i realiteten inneber at ein behandlar veljarane ulikt. Der det er kø utanfor vallokalet ved stengjetid, får veljarar som kjem etter at den kunngjorde opningstida har gått ut, høve til å røyste. Denne sjansen får ikkje veljarar som møter opp i vallokale der røystegivinga er avslutta.
Oppfatninga departementet gav uttrykk for i høyringsnotatet, var at alle som kjem fram til eit vallokale på valdagen, og som ønskjer å røyste, bør få høve til det anten dei er inne i lokalet eller står i kø utanfor når lokalet skal stengjast. Departementet vurderer det slik at dette burde komme til uttrykk i lova. Ein føreslo derfor å formulere litt om på lovteksten.
4.4.3 Høyringsfråsegnene
Høyringsinstansane sluttar seg anten til forslaget i høyringsnotatet eller har ingen merknader. To kommunar (Sveio og Bømlo) skriv at departementet bør endre valforskrifta kapittel 7, slik at det blir presisert korleis dei nye reglane skal praktiserast.
4.4.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Departementet meiner at alle som kjem til eit vallokale innanfor den fastsette opningstida, bør få høve til å røyste sjølv om dei skulle stå i kø utanfor røystelokalet når det skal stengjast. Det bør vere eit vilkår at ein har møtt fram til lokalet innanfor opningstida. Departementet ser det slik at ei dansk løysing vil opne for tvil og ulik behandling med omsyn til når veljaren treng å møte opp for å få lov til å røyste. Departementet meiner at den svenske ordninga i større grad vil sikre at veljarane blir likt behandla. Ein føreslår derfor at lova § 9-7 andre punktum blir formulert annleis i tråd med dette. Lovforslaget er språkleg litt forenkla i høve til høyringsnotatet. Men dette inneber inga endring av realitetane.
Departementet meiner at det ikkje er nødvendig å fastsetje i lova eller i valforskrifta korleis røystestyra skal gå fram for å sikre seg at ingen som kjem etter den fastsette tida for stenging av vallokalet, får røyste. Dette bør røystestyra kunne ordne utan at dei har ein formell regel å halde seg til. Vi vil peike på at Oslo i samband med valet i 2003 fann ein praktisk måte å løyse denne problematikken på, jamfør det som er sagt ovanfor i kapittel 4.4.1.
4.5 Ikkje-valbare kandidatar og utrekning av listerøyster
4.5.1 Gjeldande rett
Ved kommunestyreval kan veljarane gi personrøyster til kandidatar som er oppførte på andre vallister, jamfør § 7-2 tredje ledd. Regelen kom inn i lova i samband med stortingsbehandlinga av lovforslaget til ny vallov. I medhald av § 10-6 tredje ledd skal valstyret ved den endelege oppteljinga av røystesetlar og utrekninga av listerøystetal registrere rettingane veljarane har gjort. Listerøystetalet blir brukt ved utrekning av mandatfordelinga i kommunestyret. Men det er ikkje presisert i lova at ein ved denne utrekninga må sjå bort frå kandidatar som ikkje er valbare, slik det i § 11-12 andre ledd er presisert når det gjeld kandidatkåringa ved kommunestyreval.
4.5.2 Høyringsnotatet
Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at det måtte vere ei forgløyming at det ikkje var teke inn i lova ein regel om korleis ein skal behandle personrøyster til ikkje-valbare kandidatar ved utrekninga av listerøyster etter § 10-6 tredje ledd. Ved utrekninga av røystetalet for dei ulike listene bør ein sjå bort frå personrøyster til kandidatar som ikkje er valbare. Departementet føreslo derfor at det vart teke inn ei setning i § 10-6 tredje ledd om at kandidatar som ikkje er valbare, blir haldne utanfor.
4.5.3 Høyringsfråsegnene
Høyringsinstansane sluttar seg til forslaget i høyringsnotatet eller har ingen merknader. Men Buskerud fylkeskommune peiker på at formuleringa i forslaget til ny siste setning i § 10-6: «Personstemmer til kandidater som ikke er valgbare, settes ut av betraktning,» kan verke litt uheldig. Det er fordi omgrepet «personrøyster» blir brukt både når veljarane gir personleg røystetillegg og når dei fører opp kandidatar frå andre lister (slengjarar).
4.5.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Departementet har på bakgrunn av høyringsrunden komme til at det vil vere betre å regulere dette spørsmålet i vallova § 7-2 tredje ledd. Departementet føreslår at § 7-2 tredje ledd siste punkt får denne ordlyden:
«Når velgeren gir personstemme til valgbare kandidater på andre lister, overføres et tilsvarende antall listestemmer til den eller de listene disse kandidatene står oppført på.»
Denne omformuleringa inneber likevel inga endring av realitetane i høve til forslaget i høyringsnotatet.
4.6 Fordelinga av mandata på valdistrikta ved stortingsval
4.6.1 Gjeldande rett
Vallova § 11-3 regulerer framgangsmåten når stortingsmandata skal fordelast på valdistrikta. Alle mandat skal fordelast av departementet kvart åttande år. Mandata blir fordelte på denne måten:
Ein finn fordelingstalet for kvart valdistrikt. Dette er
kor mange innbyggjarar det var i valdistriktet ved nest siste årsskifte før det aktuelle stortingsvalet, pluss
kor mange kvadratkilometer det er i valdistriktet multiplisert med 1,8.
Fordelingstalet for kvart valdistrikt blir dividert med 1 - 3 - 5 - 7 osv. Dei kvotientane ein da får, blir nummererte fortløpande, og representantplassane blir fordelte på valdistrikta på grunnlag av kvotientane. Representantplass nr. 1 går til det valdistriktet som har den største kvotienten. Representantplass nr. 2 går til det valdistriktet som har den nest største kvotienten, osv. Dersom to eller fleire valdistrikt har same kvotient, går representantplassen til det valdistriktet som har det høgaste fordelingstalet.
4.6.2 Høyringsnotatet
Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at det var ei forgløyming at ikkje vallova har ein regel om korleis ein skal gjere det dersom to eller fleire valdistrikt har både same kvotient og same fordelingstal. Departementet peikte på den løysinga som står i lova § 11-4 når det gjeld fordeling av mandata på vallistene. Dersom fleire lister har same kvotient og same røystetal, skal det avgjerast ved loddtrekking kva for ei liste som får det aktuelle mandatet. Tilsvarande bør gjelde dersom ein skulle komme opp i den situasjonen at to eller fleire valdistrikt har same kvotient og same fordelingstal. Det blir fremma forslag om justering i lova i samsvar med dette.
Dessutan blir det føreslått ei justering av teksten i § 11-3 tredje ledd for å få språket meir i samsvar med resten av regelen. Ein føreslår å byte ut orda «fylkene», «fylket» og «fylker» med «valgdistriktene», «valgdistriktet» og «valgdistrikter».
4.6.3 Høyringsfråsegnene
Alle høyringsfråsegnene støttar forslaga til lovendringar eller har ingen merknader.
4.6.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Departementet føreslår at lova § 11-3 blir endra slik at det går fram korleis ein skal løyse den situasjonen der to eller fleire valdistrikt både har same kvotient og same fordelingstal. Det skal i så fall avgjerast ved loddtrekking kva for eit valdistrikt representantplassen skal gå til.
Dessutan går departementet inn for ei språkleg justering av lova § 11-3 tredje ledd, slik det går fram av høyringsnotatet.
4.7 Fordeling av utjamningsmandata på partia og valdistrikta ved stortingsval
4.7.1 Gjeldande rett
Vallova § 11-6 andre ledd fastset at riksvalstyret skal fordele utjamningsmandata mellom partia i medhald av Grunnlova § 59. I andre ledd i paragrafen er det fastsett at dei skal fordelast på grunnlag av St. Laguës modifiserte metode:
Det samla røystetalet partia har fått på landsbasis, skal dividerast med 1,4 - 3 - 5 - 7 osv., og alle stortingsmandata blir fordelte på partia i høve til kor store kvotientane er. Det mandattalet som kjem fram for kvart enkelt parti, er summen av dei distriktsmandata og utjamningsmandata partiet skal ha.
4.7.2 Høyringsnotatet
Grunnlova har i dag ingen reglar om korleis ein skal stille seg dersom to eller fleire parti har same kvotient. Regelen om loddtrekking ved like stor kvotient, som tidlegare stod i Grunnlova § 59 fjerde ledd tredje punktum, vart utelaten ved endringa i 2002- «Trolig fordi dette er forutsatt regulert ved lov»,som kontroll- og konstitusjonskomiteen uttaler i Innst. S. nr. 209 (2002-2003). Departementet la i høyringsnotatet til grunn at det vil vere behov for reglar i vallova som supplement til regelen i Grunnlova på dette området.
Departementet meinte at ein situasjon der to eller fleire parti endar opp med same kvotient, bør løysast etter tilsvarande prinsipp som gjeld ved fordelinga av distriktsmandata innanfor kvart valdistrikt. Dette inneber at dersom to eller fleire parti har same kvotient, går mandatet til det partiet som har det største røystetalet. Dersom dei også har same røystetal, skal det avgjerast ved loddtrekking kva for eit parti som skal få mandatet.
4.7.3 Høyringsfråsegnene
Alle høyringsfråsegnene støttar forslaga til lovendringar eller har ingen merknader.
4.7.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Departementet føreslår at det blir fastsett i lova at dersom to eller fleire parti har same kvotient ved fordelinga av utjamningsmandata, går mandatet til det partiet som har størst røystetal. Dersom dei også har same røystetal, blir fordelinga avgjord ved loddtrekking.
Ein føreslår å ta reglane inn i lova § 11-6 andre ledd som nytt andre og tredje punktum.
4.8 Klage og erklæring om ugyldig val
4.8.1 Gjeldande rett
Det følgjer av vallova § 13-2 første ledd at ved kommunestyre- og fylkestingsval kan alle som har røysterett, klage over «forhold i forbindelse med forberedelsen og gjennomføringen»i den kommunen eller det fylket vedkommande er manntalsført. Departementet er klageinstans, jamfør fjerde ledd. Det går ikkje fram av regelen kva som skal til for at departementet skal erklære valet for ugyldig. Etter vallova § 13-4 andre og tredje ledd skal fylkestinget eller kommunestyret i samband med kontrollen av valet erklære valet for ugyldig dersom det er gjort feil som ein meiner kan ha hatt innverknad på fordelinga av mandata mellom listene, og som det ikkje er mogleg å rette opp. Ein må gå ut frå at eit tilsvarande vilkår gjeld i høve til den kompetansen departementet har til å erklære valet for ugyldig i samband med klagebehandlinga.
4.8.2 Høyringsnotatet
Departementet gav i høyringsnotatet uttrykk for at ein meinte det var uheldig at vilkåra for å erklære eit kommunestyreval eller eit fylkestingsval for ugyldig ikkje står nemnt i vallova § 13-2, som regulerer retten til å klage. Det er viktig at det ikkje kan reisast tvil om kva som er vilkåra for når departementet skal erklære eit val for ugyldig. Departementet føreslo derfor at det i § 13-2 burde takast inn reglar om dette i samsvar med tilsvarande reglar i § 13-4 andre og tredje ledd som gjeld kontrollen fylkestinget og kommunestyret har med valet.
4.8.3 Høyringsfråsegnene
Det er ingen av høyringsinstansane som har hatt innvendingar til forslaget til departementet om å endre § 13-2 (4) slik at det uttrykkjeleg går fram kva for vilkår som krevst for å erklære eit val for ugyldig. Men fleire høyringsinstansar har i sine generelle merknader slutta seg til dei føreslåtte endringane i høyringsutkastet.
4.8.4 Vurderinga og forslaget til departementet
Høyringsinstansane sluttar seg til forslaget til departementet i høyringsnotatet. Vilkåra for å erklære eit val for ugyldig bør gå fram av lova, slik at det ikkje kan vere tvil om når departementet skal erklære valet for ugyldig. Departementet føreslår derfor at § 13-2 (4) blir endra slik at regelen får ei ny setning om at valet skal kjennast ugyldig dersom det er gjort feil som ein meiner kan ha hatt innverknad på fordelinga av mandata mellom listene, og som det ikkje er mogleg å rette. Ei slik formulering svarer til andre og tredje ledd i vallova § 13-4 som regulerer kva som krevst for at eit fylkesting eller eit kommunestyre skal erklære eit val for ugyldig.
4.9 Klageinstans ved stortingsval
4.9.1 Behandlinga i kontroll- og konstitusjonskomiteen av St.meld. nr. 40 i Innst. S. nr. 33 (2004-2005)
I St.meld. nr. 40 (2003-2004) rådde departementet til at departementet fekk i oppgåve å behandle klager ved stortingsval. Forslaget gjekk ut på at departementet fortløpande kunne ta stilling til klagesaker, slik at avgjerdene kunne leggjast til grunn av dei lokale valansvarlege.
Komiteen har merka seg vurderinga til departementet av at det er tungtvegande omsyn som taler for å gi ein sentral instans ansvaret for å ta stilling til klagesaker - med unntak av spørsmål om røysterett, jamfør Grunnlova § 55 - før valet, og før det nye Stortinget tek stilling til klagene i samband med Stortingets prøving av valet. Ei slik ordning vil kunne hindre at det blir tvil om valet er gyldig alt før valet er ferdig.
Slik komiteen ser det, vil det likevel vere mest formålstenleg at Riksvalstyret behandlar klagesakene i framkant av valet og før Stortinget tek endeleg stilling. Grunngivinga er at Riksvalstyret blir peikt ut dei åra det er stortingsval, og har som oppgåve å fordele utjamningsmandata på dei politiske partia som stiller liste ved stortingsvalet. I organet er det med representantar som er utpeikte av alle dei partia som sit på Stortinget. Komiteen føreslår at Riksvalsstyret får klagebehandlinga som ei tilleggsoppgåve.
Stortinget gjorde 23. november 2004 vedtak i samsvar med tilrådinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. S. nr. 33 (2004-2005):
«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til endringer i valgloven, blant annet basert på at Riksvalgstyret er klageorgan samt foreta en vurdering av eventuelle økte ressursbehov.»
4.9.2 Vurderinga og forslaget til departementet
Det går fram av vallova § 4-4 at Kongen i det året det blir halde stortingsval, skal setje ned eit riksvalstyre. Oppgåva til riksvalstyret er å fordele utjamningsmandat, jamfør første ledd. Det går fram av andre ledd at Riksvalstyret skal ha minst fem medlemmer med varamedlemmer. Ved tidlegare val har Riksvalstyret vore samansett av éin representant for kvart av partia som er representerte på Stortinget.
Klagebehandlinga vil gå ut på juridiske vurderingar av vallova og folkeregistreringslova. Det er derfor nødvendig med juridisk ekspertise før Riksvalstyret tek avgjerdene sine i klagesakene.
Komiteen seier ikkje noko om korleis ein tenkjer seg at sekretariatsfunksjonen for Riksvalstyret bør organiserast. Departementet vil derfor føreslå at departementet - på same måten som departementet førebur saker om fordeling av utjamningsmandat for Riksvalstyret - også førebur klagesakene for Riksvalstyret. Ei slik ordning vil vere ei vidareføring av systemet vi har i dag med at departementet førebur klagesakene for Stortinget.
Fordelen med at departementet legg til rette klagebehandlinga, er at departementet er operativt heile valåret og sit inne med den nødvendige valekspertisen på lovsida. Departementet kan dermed sørgje for ei rask og sikker saksbehandling, også i sommarferiemånadene, slik at ei klage blir avgjord så raskt som råd, og slik at avgjerda til Riksvalstyret kan leggjast til grunn av dei lokale valansvarlege. Omsynet til rask saksbehandling i desse klagesakene er svært viktig for å førebyggje tvil om at stortingsvalet er gyldig.
Vallova § 13-1 gjeld klage ved stortingsval. Fjerde ledd i paragrafen må endrast slik at det går fram at Stortinget berre skal vere klageinstans for klager som gjeld røysterett og retten til å røyste. Når det gjeld dei andre klagene, skal Riksvalstyret vere klageinstans. Riksvalstyret skal sende vedtaka sine i klagesakene til Stortinget.
Stortinget ber også departementet vurdere eit eventuelt auka ressursbehov. Ressursbruken vil for det første vere avhengig av kor mange medlemmer det skal vere i Riksvalstyret, og kor mange møte det blir. Utgifter ein får, vil vere utbetaling av møte- og kostgodtgjering og dekning av reiseutgifter.
Departementet må også rekne med litt meir arbeid i samband med sekretariatsfunksjonen det har for Riksvalstyret. Men slik departementet ser det, vil ikkje det auka ressursbehovet i Riksvalstyret og departementet vere så stort at dette ikkje kan dekkjast innanfor den gjeldande budsjettramma for kapittel 502 Valutgifter, post 1.
4.10 Stryking av kandidatar ved stortingsval
4.10.1 Innleiing
Det følgjer av vallova § 7-2 første ledd at veljarane ved stortingsval kan stryke kandidatnamn. Dette gjer ein ved å setje ein strek over namnet. Lova opnar ikkje for å stryke kandidatar på andre måtar.
Ein del kommunar og fylkeskommunar bruker optiske lesarar ved oppteljinga. Departementet er gjort merksam på at lovregelen slik han er forma, kan gjere slik oppteljing av røystesetlane vanskeleg. Det er fordi ikkje alle typar optiske lesarar greier å registrere overstryking av namn. Men dei klarer å registrere strykingar som er gjorde med eit merke i ein eigen rubrikk for strykingar ved sida av namnet.
Departementet finn derfor grunn til å ta opp denne problemstillinga i proposisjonen, sjølv om dette ikkje vart omtalt i høyringsnotatet.
4.10.2 Vurderinga og forslaget til departementet
Slik departementet ser det, bør regelverket - så langt dette ikkje går utover andre omsyn - formast slik at det er mogleg å bruke tekniske hjelpemiddel som optiske lesarar i samband med oppteljing av røystesetlar. Departementet meiner det derfor i lova bør opnast for andre måtar å stryke kandidatar på ved stortingsval enn ved å setje strek over namnet.
Departementet meiner at det bør vurderast å endre reglane for korleis ein skal stryke kandidatar, slik at dette kan gjerast ved at veljaren berre set eit merke i ein eigen rubrikk for dette. Dette vil mellom anna effektivisere gjennomføringa av valet. Det er også knytt ein del tolkingsproblem til ordninga med å stryke ved å setje ein strek over kandidatnamnet. Korleis må veljaren ha stroke over for at denne påteikninga skal reknast som ei stryking? Praksis viser at veljarane stryk på mange ulike måtar, noko som fører til svært vanskelege tolkingar for valmedarbeidarane. Tolkinga av strykingane veljarane har gjort, kan derfor til ein viss grad bli prega av skjønn, noko som kan føre til ulik praksis. Ein kan ikkje sjå bort frå at også ei ordning med å stryke kandidatar ved at veljaren set eit merke i ei rute, kan føre til enkelte tolkingsproblem, men departementet meiner at problema vil bli færre.
Ordninga med å stryke kandidatar ved at veljaren set ein strek over namnet, er på den andre sida innarbeidd, slik at somme veljarar kan ha vanskeleg for å venje seg av med denne måten å stryke på. Dette bør likevel kunne vere overkommeleg med god informasjon, både frå departementet og lokale valansvarlege og ved rettleiing på røystesetlane. Det forholdet at ein veljar har sett ein strek over namnet og i tillegg også merkt av i ein eigen rubrikk, vil likevel ikkje føre til at røysta blir forkasta. I dei tilfella der det berre er sett ein strek over namnet, blir heller ikkje røysta forkasta, men feilen gjer at røystegivinga ikkje kan godkjennast som stryking. Ut frå dette meiner departementet at det bør innførast éin måte å stryke kandidatar frå røystesetlane på, og at dette bør gjerast ved at veljaren set eit merke i ein rubrikk utanfor namnet.
På bakgrunn av dette fremmar departementet forslag til endring i § 7-2 første ledd som inneber at stryking av kandidatnamn skal skje ved at veljaren set eit merke utanfor namna på kandidatane. Lovteknisk skjer dette ved at ein tek inn i lova ein regel om at veljaren kan stryke kandidatnamn ved å gå fram slik det er forklart på røystesetelen, jamfør tilsvarande i vallova frå 1985 § 44 nr. 4. Departementet vil i forskrift fastsetje nærmare krav til utforming av ei rettleiing som skal trykkjast på røystesetlane, for å få gjennomført ei slik ordning på ein formålstenleg måte.