4 Grunnlovsfesting av kulturomsyn – ei førebels vurdering
4.1 Innleiing
I diskusjonane om ei generell kulturlov har òg spørsmålet om grunnlovsfesting av kulturomsyn kome opp. Spørsmålet er særleg relevant i høve til dei internasjonale utfordringane som er diskuterte i pkt. 2.5. I denne omgangen gjev departementet berre ei generell vurdering av spørsmålet, m.a. tufta på dei synspunkta som har kome til uttrykk i høyringsrunden. Ei eventuell oppfølging av spørsmålet med tanke på å skriva inn kulturomsyn i Grunnlova skal gjerast seinare.
I drøftingane om dette spørsmålet har det vore hevda at ei grunnlovsfesting vil kunna markera verdien av kulturdimensjonen i det norske samfunnet og dermed vera ein grunnleggjande premiss for den plassen kulturpolitikken skal ha i det norske velferdssamfunnet. Slik sett vil det å grunnlovsfesta kulturomsyn vera ei klår og sterk viljesfråsegn.
I dag finst det nokre slike føresegner i Grunnlova; det gjeld § 110 om retten til arbeid, § 110 a om samisk språk og kultur, § 110 b om miljø og § 110 c om menneskerettar.
4.2 Problemstillingar
I høyringsnotatet som ligg til grunn for framlegget til kulturlov, vert det presentert ulike problemstillingar som må vurderast, dersom det skal utarbeidast ei grunnlovsendring som gjeld kulturomsyn.
Kulturpolitisk handlingsrom i høve til internasjonalt regelverk
I høyringsnotatet vert det vist til eit argument om at grunnlovsfesting av kulturomsyn vil kunna gje politisk og rettsleg styrke når slike spørsmål kjem opp til drøfting og vurdering innanfor t.d. WTO. Det vert også vist til at ei grunnlovsføresegn om kulturomsyn vil kunna vera eit argument til støtte for den generelle europeiske posisjonen som er i tråd med UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald. Å grunnlovsfesta kulturomsyn vil vera eit sterkt politisk signal, også internasjonalt, som oppfølging av denne konvensjonen.
Dette er samansette problemstillingar som krev grundige analysar, mellom anna av tilhøvet mellom nasjonal rett og folkeretten.
Språkdimensjonen i kulturpolitikken
Omsynet til norsk språk er ein viktig del av kulturpolitikken. Ei rekkje kulturpolitiske tiltak har heilt eller delvis som mål å styrkja og utvikla bruk av norsk språk. Den såkalla Einarsson-saka E-1/01 som er omtalt ovanfor, illustrerer at slike omsyn ikkje er like sjølvsagde innanfor rammene av EØS-avtala. Det har vorte hevda at grunnlovsfesting av språk- og andre kulturomsyn kan vera med på å styrkja grunnlaget for å utforma og gjennomføra tiltak for å verna, utvikla og fremja dei nasjonale språka. Dette spørsmålet vert nærare drøfta i den stortingsmeldinga om språk som departementet tek sikte på å leggja fram seinare i år.
I gjeldande grunnlov er omsynet til samisk språk og kultur nedfelt i § 110 a, som pålegg staten å leggja tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa kan sikra og utvikla språket, kulturen og samfunnet. Det kan argumenterast for at norsk språk òg burde omfattast av ei tilsvarande formulering.
Tilhøvet til andre grunnlovsføresegner
I høyringsnotatet vert det òg vist til at eventuell grunnlovsfesting av kulturomsyn vil måtta vurderast opp mot eksisterande grunnlovsføresegner med kulturpolitisk relevans. Det gjeld § 110 a, men også føresegna om ytringsfridom, § 100 sjette leden. Denne føresegna inneber, i alle fall eit stykke på veg, ei grunnlovsfesting av det som ville kunna liggja i ei føresegn om kulturomsyn. Det inneber at ei eventuell grunnlovsfesting av kulturomsyn må gje eit breiare og meir omfattande grunnlag for å utforma og gjennomføra målretta kulturpolitikk, enn det den noverande sjette leden i § 100 kan gje.
4.3 Synspunkt i høyringsrunden
Hovudmeldinga frå dei som ytrar seg om problemstillinga, er at det bør arbeidast vidare med å utgreia spørsmålet om grunnlovsfesting.
Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS) meiner ein bør visa atterhald når de gjeld kva omsyn som skal grunnlovsfestast og seier at kulturlova i seg sjølv ikkje er godt nok grunnlag for å grunnlovsfesta kulturomsyn. KS vil likevel støtta at ein arbeider vidare med å vurdera dette spørsmålet. «Dette for å sikre kulturpolitisk handlingsrom, som et virkemiddel til å fremme norske språk nasjonalt og internasjonalt samt for å sikre ulike befolkningsgruppers mulighet til å utvikle sin egen kultur.»
Av dei fylkeskommunane som har uttalt seg i saka, er Troms fylkeskommune – i tillegg til Oslo kommune – imot å grunnlovsfesta kulturomsyn. Nokre er avventande, t.d. Akershus og Hedmark fylkeskommunar. Eit fleirtal av dei fylkeskommunane som har gjeve fråsegn, er positive til at det skal gjennomførast eit utgreiingsarbeid om problemstillinga. Så godt som alle viser til behovet for politiske tiltak for å styrkja og utvikla norsk språk. Dessutan vert det vist til den effekten grunnlovsfesting av kulturomsyn vil kunna ha med tanke på å sikra og markera eit handlingsrom for ein nasjonal kulturpolitikk. Vidare vert det vist til at ei grunnlovsfesting vil vera ei svært synleg markering av at Noreg vil følgja opp UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald.
Dei same synspunkta vert òg framførte av eit fleirtal av kommunar og institusjonar og organisasjonar som har gjeve fråsegn om grunnlovsfesting av kulturomsyn. Norsk kulturråds fråsegn kan stå som døme på dei momenta som høyringsinstansane legg vekt på:
«Premisser for en grunnlovsfesting av kulturhensyn bør være at dette vil bidra til å sikre norsk språk, identitet og kulturelt mangfold, og at det vil være et viktig virkemiddel for å bidra til å sikre handlingsrommet for en nasjonal kulturpolitikk. Ut fra slike betraktninger vil Norsk kulturråd støtte at kulturhensyn grunnlovsfestes.»
Språkrådet gjev ein grundig presentasjon av språkdimensjonen i tilknyting til eventuell grunnlovsfesting av kulturomsyn. Språkrådet viser til at samisk språk og kultur har fått eit formelt vern i § 100 a i Grunnlova. Ei slik særbehandling av samisk språk er heilt naturleg, ikkje minst sett i lys av den sterke fornorskingspolitikken som både samisk og finsk lenge var utsette for. Samstundes peikar Språkrådet på at sjølv om norsk språk er majoritetens språk, er det klåre tendensar til at norsk bruksspråk i fleire samanhengar må vika for engelsk. Dette inneber at norsk språk ikkje er like sjølvsagt som språkleg grunnlag som det var for berre nokre tiår sidan. Språkrådet argumenterer difor for ei grunnlovsfesting som sikrar bruk og utvikling av norsk språk.
4.4 Vidare oppfølging
Departementet konstaterer at det er generell støtte til å gå vidare med ei utgreiing som meir detaljert og konkret vurderer eventuell grunnlovsfesting av kulturomsyn. På dette stadiet tek ikkje departementet stilling til dei konkrete grunnlovsformuleringane som somme av høyringsinstansane har sendt inn. Det vil verta ein naturleg del av den vidare prosessen. Departementet konstaterer òg at høyringsrunden ikkje har resultert i andre problemstillingar enn dei som det er gjort greie for i høyringsnotatet.
Departementet vil koma attende til desse spørsmåla seinare.