7 Merknader til føresegnene i lovframlegget
Til § 1 Føremål
Paragrafen fastslår at lova skal gjelda offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd. Med «offentlege styresmakter» meiner ein stat, fylkeskommune og kommune. «Kulturverksemd» er definert i § 2.
Med «fremja og leggja til rette for» er det meint å sikra gode rammevilkår med utgangspunkt i prinsippet om armlengdeavstand mellom styresmaktene og kulturlivet. Dette prinsippet skal sikra at kulturlivet er uavhengig av politiske styresmakter når det gjeld kulturfagleg innhald. Prinsippet rokkar likevel ikkje ved det ansvaret offentlege styresmakter har for å skaffa kultursektoren føremålstenlege rammevilkår.
Med «breitt spekter» meiner ein variasjon i kulturuttrykk og -aktivitetar som møter behov i ein samansatt folkesetnad. Dette inneber at offentlege styresmakter også skal fremja og leggja til rette for uttrykk og aktivitetar som har eit smalt nedslagsfelt, ettersom det er summen av desse som skaper eit breitt samansett tilbod.
Paragrafen slår vidare fast at eit breitt spekter av kulturverksemd skal gje alle høve til å delta i kulturaktivitet og å oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. Med «alle» meiner ein ulike lag og delar av befolkninga i Noreg på tvers av geografi, økonomi, kjønn, alder, etnisitet og religiøse, sosiale og kulturelle skiljeliner. Dette inneber òg at kulturverksemda skal ta omsyn til personar med ulike former for funksjonshemmingar. Ikkje minst vil dette gjelda prinsippet om universell utforming av bygningar og lokale som skal nyttast til kulturføremål.
Gjennom formuleringane «å delta i kulturaktivitet» og «å oppleva eit mangfald av kulturuttrykk» vert det uttrykt både eit aktivitets- og brukarperspektiv og eit uttrykks- og tilbydarperspektiv.
«Kulturuttrykk» viser til bruken av dette omgrepet i UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald, artikkel 4. I konvensjonen er «kulturuttrykk» definert som «uttrykk som er resultat av enkeltpersoners, gruppers eller samfunns kreativitet, og som har et kulturinnhold». «Kulturinnhold» viser til «den symbolske betydningen, den kunstneriske dimensjonen og de kulturelle verdiene som springer ut fra eller uttrykker kulturelle identiteter».
Til § 2 Definisjonar
«Kultur» kan ikkje definerast eintydig som objekt for lovgjeving. I lovframlegget er det formulert ein vid og ikkje-uttømande definisjon av «kulturverksemd». Det er lagt til grunn ei forståing av kultur som sektor, dvs. at det omfattar dei mangarta uttrykka og aktivitetane som manifesterer seg innanfor kulturlivet og kulturpolitikkens ansvarsområde. Definisjonane dekkjer både profesjonell kulturverksemd og aktiviteten i den frivillige delen av kulturlivet.
Kulturverksemd» er definert slik:
«skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
delta i kulturaktivitet,
utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse».
Under bokstav a vert det sikta til verksemd utført av kunstnarar og andre kulturarbeidarar, organisasjonar og institusjonar som opera, teater, orkester og ensemble for å skapa, produsera, utøva, distribuera og formidla alle former for kunstuttrykk, slike som biletkunst, arkitektur, design, kunsthandverk, duodji, musikk-, scenekunst-, film- og litteraturuttrykk i tillegg til ulike blandingsformer.
Bokstav b omfattar m.a. arbeid innanfor arkiv- bibliotek- og museumsområdet med mottak, innsamling, forsking, dokumentasjon, bevaring, vidareføring og formidling av kunnskap om og innsikt i kultur og levesett i Noreg og i andre land. I tillegg omfattar punktet aktivitetar som har som mål å spreia informasjon og fremja kunnskap og refleksjon om kultur- og samfunnsspørsmål. «Kulturarv» omfattar både materiell og immateriell kulturarv og er uavhengig av om kulturarven tilhøyrer majoritets- eller minoritetsgrupper. Hovudsaka er at aktiviteten er forankra i det som til kvar tid vert identifisert som kulturarv, m. a. i medhald av kulturminnelova eller i samsvar med UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv. Bokstav b endrar ikkje nokon rettar eller plikter i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne.
Under bokstav c vert det sikta til deltaking i kulturaktivitet som ikkje har eit profesjonelt siktemål. Deltaking omfattar både det å vera tilskodar og det å vera utøvar.
Bokstav d refererer til kunst- og anna kulturfagleg opplæring og utdanning, både innanfor grunnopplæring, inkludert obligatorisk grunnskule og kulturskulane, dessutan innanfor høgare utdanning og vaksenopplæring.
Grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring er regulert i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Paragraf 13-6 om musikk- og kulturskuletilbod slår fast at alle kommunar åleine eller i samarbeid med andre kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles. Høgare utdanning er regulert i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular. Vaksenopplæring er regulert i lov 28. mai 1976 nr. 35 om vaksenopplæring.
Idrettsfeltet inngår ikkje i verkeområdet for kulturlova.
§ 3 Statens oppgåver
Første leden i paragrafen slår fast at staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak. Slike verkemiddel og tiltak kan omfatta:
etablering av institusjonar og organisasjonar som statlege fagorgan og andre institusjonar og organisasjonar med føremål å fremja kulturverksemd,
finansiering av kulturinstitusjonar og -organisasjonar,
ulike former for prosjekt-, produksjonsstøtte- og stipendordningar for kunstnarar og andre kulturarbeidarar.
Sjølv om staten har det overordna ansvaret, vil det ofte vera tenleg at stat, fylkeskommune og kommune samarbeider om å utforma og gjennomføra ein heilskapleg, nasjonal kulturpolitikk. I saker som gjeld samiske tilhøve, er Sametinget samarbeidspart for staten.
Andre leden i paragrafen slår fast at staten har ansvar for å utforma kulturpolitiske verkemiddel og for å gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.
Med «internasjonale rettar og plikter» vert det meint dei rettane og pliktene som følgjer av dei folkerettslege reglane Noreg er bunde av.
Sentrale konvensjonar er FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (1966), artikkel 15, Europarådets rammekonvensjon for vern av nasjonale minoritetar, Europarådets pakt for regions- eller minoritetsspråk, Bernkonvensjonen av 1886 om vern av litterære og kunstnarlege verk, sist revidert i 1971, ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar og UNESCO-konvensjonen for å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk.
I samsvar med den nemnde UNESCO-konvensjonen, artikkel 6, som gjeld dei rettane partane har på nasjonalt nivå, skal kvar part kunna vedta tiltak for å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk innanfor sitt territorium. Artikkel 6 spesifiserer aktuelle tiltak på denne måten, utan at lista skal utelukka andre føremålstenlege tiltak:
«reguleringstiltak med formål å verne og fremme et mangfold av kulturuttrykk;
tiltak som på en hensiktsmessig måte gir mulighet for egne kulturaktiviteter, -varer og -tjenester blant alle dem som er tilgjengelige på nasjonalt område og som er egnet til å skape, produsere, formidle, spre og bruke slike nasjonale kulturaktiviteter, -varer og -tjenester, og bestemmelser som gjelder språket som benyttes for slike aktiviteter, varer og tjenester;
tiltak som har til hensikt å skaffe uavhengig, nasjonal kulturindustri og -virksomhet i uformell sektor reell tilgang til midler for produksjon, spredning og distribusjon av kulturaktiviteter, -varer og -tjenester;
tiltak som har til hensikt å skaffe offentlig økonomisk støtte;
tiltak som har til hensikt å oppmuntre ideelle organisasjoner så vel som offentlige og private institusjoner, kunstnere og andre kulturarbeidere til å utvikle og fremme fri utveksling og distribusjon av ideer, kulturuttrykk og kulturaktiviteter, -varer og -tjenester, og å stimulere både skaperkraft og tiltakslyst;
tiltak som har som formål å etablere og støtte offentlige institusjoner på en hensiktsmessig måte;
tiltak som har til hensikt å legge forholdene til rette for og å støtte kunstnere og andre som er involvert i å skape kulturuttrykk;
tiltak som har til hensikt å styrke mediemangfoldet, bl.a. gjennom allmennkringkasting.»
Til § 4. Fylkeskommunens og kommunens oppgåver
Paragrafen slår fast at fylkeskommunen og kommunen skal bruka økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for variert kulturverksemd.
Løyvingsnivået skal vera tilstrekkeleg for å fremja og leggja til rette for eit «breitt spekter» av kulturverksemd, dvs. ein variasjon i kulturuttrykk og -aktivitetar som møter ulike behov i befolkninga.
I prinsippet kan fylkeskommunar og kommunar bruka dei same verkemidla og tiltaka som er nemnde i tilknyting til dei statlege oppgåvene under § 3.
Økonomiske, organisatoriske, informerande og andre typar verkemiddel og tiltak kan omfatta m.a.:
driftstilskot til nasjonale/regionale og lokale institusjonar og organisasjonar,
drift av kulturanlegg eller tilskot til drift, bygg og vedlikehald av kulturanlegg,
aktivitets-, produksjons- og prosjektstøtteordningar for kunstnarar og andre kulturarbeidarar,
ulike former for stipendordningar for kunstnarar og kulturarbeidarar.
Reglar om rapporteringsplikt som gjeld ressursbruk og tenesteyting, er fastsette i kommunelova § 49 og forskrift 15. desember 2000 nr. 1425 om rapportering frå kommunar og fylkeskommunar.
Til § 5 Felles oppgåver
Bokstav a fastlegg at staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for at kulturlivet har mest mogeleg føreseielege utviklingskår. I det statlege arbeidet vil dei årlege budsjettprosessane vera det viktigaste verkemiddelet.
I medhald av kommunelova (Kapittel 8. Økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og rapportering, § 44 Økonomiplan) skal kommunestyret og fylkestinget ein gong i året vedta ein rullerande økonomiplan. Økonomiplanen skal omfatta minst dei fire neste budsjettåra. Økonomiplanen skal omfatta heile verksemda i kommunen eller fylkeskommunen og gje eit realistisk oversyn over sannsynlege inntekter, venta utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. For å følgja opp pålegget om å sørgja for at kulturlivet har mest mogeleg føreseielege utviklingskår, skal eit oversyn over sannsynlege inntekter, venta utgifter og prioriterte oppgåver innanfor kulturområdet inngå i økonomiplanen.
Plankrava i lov 14. juni 1985 nr. 77 plan- og bygningslova, §§ 19-1 og 20-1, gjev òg kommunar og fylkeskommunar eit føremålstenleg instrument for den langsiktige utviklinga av den kulturelle verksemda.
Bokstav b i paragrafen forpliktar staten, fylkeskommunen og kommunen til å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet. Dette har som føresetnad at dei tre forvaltningsnivåa kvar for seg eller i fellesskap rår over, eller innhentar, fagleg kompetanse som kan sikra at ein bruker profesjonalitet og kvalitet som styrande kriterium for tildeling av offentleg støtte til kulturverksemd. Dette står ikkje i motsetnad til det å støtta amatørverksemd innanfor kulturområdet.
Bokstav b pålegg vidare staten, fylkeskommunen og kommunen til å fremja deltaking i kulturaktivitetar. Dette inneber at offentlege styresmakter skal fremja og leggja til rette for at innbyggjarane skal kunna delta i kulturaktivitetar som ikkje har eit profesjonelt siktemål. Dette gjeld deltaking både som tilskodarar og utøvarar.
Bokstav c forpliktar staten, fylkeskommunen og kommunen til å syta for at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak. Informasjonen skal vera lett tilgjengeleg for alle og framstilt på ein oversiktleg måte.
Til § 6 Ikraftsetjing
Denne paragrafen overlèt til Kongen å fastsetja tidspunktet som lova skal gjelda frå.