2 Bakgrunnen for forslaga om kviletid for sjøfolk
ILOs 84. konferanse vedtok ILO-konvensjon nr. 180 om sjøfolks arbeidstid og bemanning av skip. I tillegg vedtok konferansen Rekommandasjon nr. 187 om hyrer og arbeidstid og bemanning av skip. Rekommandasjonen fastset mellom anna minstestandard for lønn som partane kan forhandle seg fram til etter nærare fastsette retningslinjer.
Stortinget gav den 13. november 1998 sitt samtykke til at konvensjonen kunne ratifiserast og rekommandasjonen tiltredast. Ein viser her til St.prp. nr. 74 (1997-98) og Innst.S. nr. 22 (1998-99). Ratifikasjon og tiltreding vil skje etter at dei nødvendige lovendringar er gjennomførte, slik det vert føreslått i denne proposisjonen.
Som følgje av gjennomføringa av Protokoll av 1995 til Internasjonal konvensjon om normer for opplæring, sertifikater og vakthold for sjømenn (STCW-konvensjonen), vart dei føresegnene i denne konvensjonen som gjeld kviletid for vaktgåande personell på skip tekne inn i arbeidstidslova ved lov 26. juni 1998 nr. 51. Ein viser her til Ot.prp. nr. 50 (1997-98), Innst.O. nr. 63 (1997-98) og Besl.O. nr. 64 (1997-98).
ILO-konvensjon nr. 180 har, i motsetning til STCW-konvensjonen, eit generelt verkeområde og skil ikkje mellom vaktgåande sjøfolk og andre kategoriar sjøfolk.
Ein annan viktig forskjell er at mens vaktgåande sjøfolk etter STCW-konvensjonen skal ha minst 70 timar kvile i kvart tidsrom på 7 døgn, skal sjøfolk etter ILO-konvensjon nr. 180 ha minst 77 timar kvile i det same tidsrommet. I tillegg kan føresegnene om arbeids- og kviletid fråvikast i tariffavtale, jf. konvensjonens artikkel 5 nr. 6. Føresegnene om kviletid i STCW-konvensjonen er bindande, og konvensjonen vil difor setje grenser for kor mykje kviletidsføresegnene i ILO-konvensjon nr. 180 kan fråvikast. STCW-konvensjonen har ikkje føresegner om arbeidstid slik ILO-konvensjon nr. 180 har. Arbeids- og kviletidsreglane i ECSA-avtalen er i samsvar med konvensjonen.
Arbeidstidslova gjeld i dag for tilsette om bord på norske skip med ei rekkje unntak som nemnt i lova § 1 nr. 2. ILO-konvensjon nr. 180 opnar for å regulere arbeids- eller kviletida for alle sjøfolk på sjøgåande skip. Departementet er komme til at kviletida bør regulerst i staden for arbeidstida. Dette vil redusere unntaka frå arbeidstidsføresegnene som i dag er lovfesta. Samtidig vil alle tilsette om bord på norske skip få lovfesta kviletid.
Eit forslag til ny lov om arbeids- og kviletid vart sendt på høyring i september 1999. Forslaget var basert på ILO-konvensjon nr. 180 og til dels ILO-rekommandasjon nr. 187 om hyrer og arbeidstid og bemanning av skip.
I 1999 vedtok EU to direktiv: Rådsdirektiv 1999/63/EF av 21. juni 1999 om gjennomføring av avtalen om organisering av sjøfolks arbeidstid, inngått mellom Samanslutninga av skipsreiarar i Den europeiske unionen (ECSA) og Samanslutninga av transportarbeidarforbund i Den europeiske unionen (FST), og europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/95/EF om handheving av føresegner om sjøfolks arbeidstid om bord på skip som går innom hamner i Fellesskapet.
Det første av desse to direktiva og eit ytterlegare direktiv om arbeidstid for fiskarar tilseier også at arbeidstidslova må endrast. På denne bakgrunn fann Nærings- og handelsdepartementet det formålstenleg at forslag til endringar i lova, basert på ILO-konvensjon 180 og direktiva, vert fremja i same proposisjon. Eit samla forslag til lovendringar vart utarbeidd og sendt på ny høyring i juni 2001.
Bakgrunnen for dei nye direktiva er at direktiv 93/104/EF om visse aspekt ved organisering av arbeidstida vart vedteke den 23. november 1993. Direktivet skal sikre tryggleiken og helsa til arbeidstakarane ved at det vert innført krav til mellom anna arbeidstid, kviletid, maksimal arbeidstid i veka, ferie, nattarbeid og skiftarbeid. Ei rekkje aktivitetar og sektorar, mellom anna sjøtransport, er haldne utanfor verkeområdet til direktivet. Det blei på same tid gjeve uttrykk for at det kunne bli nødvendig med særlege ordningar for arbeidstida i dei sektorane som vart haldne utanfor.
På denne bakgrunnen innleia The European Community Shipowners' Association (ECSA) og Federation of Transport Workers Unions in the European Union (FST) forhandlingar. Partane forhandla fram ein rammeavtale om tilrettelegging av arbeidstida for sjøfolk. Avtalen vart underteikna 30. september 1998. Avtalen byggjer i hovudsak på ILO-konvensjon nr. 180 om sjøfolks arbeidstid og bemanning av skip. På same måte som i ILO-konvensjon nr. 180 kan enten arbeidstid eller kviletid regulerast i nasjonal lovgjeving.
Direktiv 1999/63/EF om gjennomføring av avtalen mellom ECSA og FST om organisering av sjøfolks arbeidstid vart vedteke 21. juni 1999. Direktivet er eit minimumsdirektiv, og det føreset at gjennomføringa av føresegnene i direktivet i nasjonal lov ikkje fører til ei senking av det generelle vernenivået den enkelte medlemsstat allereie har på rammeavtalen sitt område. Som etter ILO-konvensjon nr. 180 kan enten arbeidstid eller kviletid regulerast i nasjonal lovgjeving. Ved EØS-komiteens vedtak nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 blei direktivet innlemma i EØS-avtalen. Direktivet trer i kraft 30. juni 2002.
Forslag til endringar i arbeidstidslova er i samsvar med arbeids- og kviletidsføresegnene i ILO-konvensjon nr. 180 og direktiv 1999/63/EF om gjennomføringa av rammeavtalen mellom ECSA og FST.
Direktiv 1999/95/EF om handheving av føresegner om sjøfolks arbeidstid om bord på skip som går innom hamner i Fellesskapet, vart vedteke 13. desember 1999. Formålet med direktivet er å fastsetje ei ordning for kontroll og handheving av at skip som går innom hamner i EØS, rettar seg etter direktiv 1999/63/EF om rammeavtalen mellom ECSA og FST. Etter direktivet skal det kontrollerast at det om bord i skip finst eit oversyn over organiseringa av arbeidsoppgåvene om bord, og at denne er slått opp om bord og at det vert ført oppgåver over arbeids- og kviletida til sjøfolka. I vedlegg til direktivet er det sett opp modellar for korleis skjema for organiseringa av arbeidsoppgåvene om bord og registrering av arbeids- eller kviletid skal utformast.
Ved EØS-komiteens vedtak nr. 94/2000 av 27. oktober 2000 vart direktivet innlemma i EØS-avtalen. Direktivet trer i kraft 30. juni 2002.
Direktivet er tenkt gjennomført i norsk rett ved forskrift som vert å fastsetje med heimel i arbeidstidslova §§ 13 og 15 som skal tre i kraft samtidig med dei endringane i arbeidstidslova og NIS-lova som forslaget her går ut på.