7 Merknader til dei einskilde føresegnene i forslaget
7.1 Merknader til endringane i arbeidstidslova
Til overskrifta
ILO-konvensjon nr. 180 gjeld for alle sjøfolk. Sidan formålet med forslaget primært er å gjennomføre føresegner om kviletid for alle sjøfolk, går forslaget ut på at orda og hviletiden blir sette inn etter arbeidstiden i overskrifta til lova.
Til § 1
For å presisere at lova også inneheld føresegner om kviletid og fordi ILO-konvensjon nr. 180 bruker omgrepet sjøfolk, er det i samsvar med dette gjort redaksjonelle endringar i første ledd.
Andre ledd, tredje og fjerde ledd er ei vidareføring av paragrafens nr. 1 andre ledd, nr. 2 og nr. 13.
Femte ledd er nytt. Føresegna er i forhold til § 1 nr. 3 og 4 i lova utforma generelt. Formålet med føresegna er å etablere lovheimel for mellom anna ei eventuell framtidig gjennomføring av ILO-konvensjon nr. 180 for tilsette på fiskefartøy, slik konvensjonens artikkel 1 nr. 2 opnar for.
Ein viser her til direktiv 2000/34 EF av 22. juni 2000 om endring av direktiv 93/104/EF av 23. november 1993 om visse aspekt ved organisering av arbeidstida.
Femte ledd vert også føresett som heimel for å regulere arbeids- og kviletid for unge sjøfolk i samsvar med direktiv 94/33 EF av 22. juni 1994 om vern av unge personar på arbeidsplassen. Dette direktivet gjeld også for sjøfart.
Det vert her føresett at fråvik frå føresegnene i lova berre kan gjerast dersom det følgjer av internasjonale avtalar m.m. som Noreg er bunde av.
Til § 2
Paragrafen inneheld definisjonar av ord og uttrykk som er brukte i lova. Definisjonane er i alt vesentleg i samsvar med forskrifter som er fastsette av Sjøfartsdirektoratet. Elles er det i nokre av definisjonane som vert oppretthaldne i forslaget her, gjort endringar av redaksjonell art.
Følgjande definisjonar er nye:
1 arbeidstid.
Føresegna svarer til ILO-konvensjon nr. 180 artikkel 2 b), rekommandasjon nr. 187 nr. 2 d) og ECSA-avtalen § 2 a). Definisjonen inneber ingen endringar i høve til omgrepet i lova.
2 brovakt
Definisjonen inneber ingen endringar i høve til omgrepet i lova.
4 fiske- og fangstfartøy.
Definisjonen vert brukt i Sjøfartsdirektoratets forskrifter. Definisjonen inneber ingen endringar i høve til omgrepet i lova.
5 hviletid
Føresegna svarer til ILO-konvensjon nr. 180 artikkel 2 c) og ECSA-avtalen § 2 b).
6 innenriks fart
Føresegna svarer til § 2 nr. 1.12, 1.13 og nr. 2 i lova.
7 maskinsjef
8 maskinvakt
9 navigatør
10 offentlige fridager
Definisjonen svarer til lova sine definisjonar av helgedager i § 2 nr. 1.10 og er tilpassa språket i ILO-konvensjon nr. 180 og rekommandasjon nr. 187. Definisjonane er viktige for fastsetjinga av arbeids- og kviletida.
11 overstyrmann
12 passasjerskip
13 selskap
Føresegna er i samsvar med definisjonen av reder i ILO-konvensjon nr. 180, artikkel 2 e), rederi i rekommandasjon nr. 187 nr. 2 g) og reder i ECSA-avtalens § 2 d).
Som eit ledd i å oppnå ein heilskapleg ordbruk i samsvar med nyare norsk regelverk, mellom anna forskriftene som implementerte delar av STCW-konvensjonen, og ISM-koden, vert det føreslått å bruke selskap i staden for desse omgrepa. Omgrepet skal ha same mening som når det elles er vist til reiar.
14 sjøfolk
Føresegna svarer i hovudsak til § 2 nr. 1.1 i lova, ILO-konvensjon nr. 180.
16 STCW-konvensjonen
Definisjonen er ny og er teken med på grunn av at det vert vist til konvensjonen i forslaget til ny § 2 nr. 2 og nr. 9.
Til § 3
Hovudregelen om 8 timar vanleg arbeidstid vert ståande uendra og vert endra i samsvar med ILO-konvensjon nr. 180 artikkel 4 og § 4 i ECSA-avtalen om ein dags kvile per veke og kvile på offentlege fridagar. Dette er i samsvar med prinsippet i konvensjonens artikkel 5 nr. 1 a) og § 5 nr. 1 i avtalen om utrekning av maksimal arbeidstid.
Utforminga av § 3 må sjåast i samanheng med forslaget til ny § 12 om kviletid som er det sentrale forslaget her til endring i arbeidstidslova. Etter forslaget skal alle sjøfolk ha minst 10 timar kvile i alle periodar på 24 timar. Sidan den vanlege arbeidstida skal vere 8 timar i døgnet, vil § 8 gje avgrensinga for omfanget av overtid. I avsnitt B-VII/1 nr. 3.1 i STCW-konvensjonen er det føresett at ikkje all anna tid enn kviletid skal vere arbeidstid. Difor vert gjeldande føresegn om utrekningsperioden for total arbeidstid i § 3 nr. 1.3 i lova ståande ved lag.
Til ny § 4
Det er viktig å markere selskapet si rolle når det gjeld arbeids- og kviletidsreglar for sjøfolk. Dette vil føre til større bevisstgjering og ansvarskjensle også hos andre enn skipsmannskapet, samtidig som føresegna viser til den plikt selskapet har til å støtte skipsføraren i hans arbeid med å innfri krava i lova.
Dessutan vert det føreslått å flytte § 14 til denne paragrafen som nytt andre ledd.
Til § 5
Som følgje av forslaget om å oppheve føresegner av økonomisk art er § 5 nr. 4 føreslått oppheva.
Til § 6
Som følgje av forslaget om å oppheve føresegner av økonomisk art føreslår ein at § 6 vert oppheva.
Til § 7
Forslaget vidarefører delvis § 7 i lova.
Første til tredje ledd svarer til artikkel 7 i ILO-konvensjon nr. 180 og § 7 i ECSA-avtalen.
Fjerde ledd svarer til nr. 1.4 i paragrafen.
Femte ledd svarer til nr. 2 i paragrafen og vert føreslått endra frå å gjelde styrmenn til å omfatte navigatørar generelt. Dette fordi både arbeidstids- og kviletidsreglane skal gjelde for skipsførarar som går vakter, jf. § 1 tredje ledd nr. 1 i forslaget.
Til § 8
Som følgje av forslaget om å oppheve føresegner av økonomisk art er § 8 føreslått oppheva.
Til § 9
Føresegna vert føreslått oppheva.
Ved innføring av obligatoriske føresegner om kviletid for alle sjøfolk fell behovet for denne føresegna bort.
Til § 10
Som følgje av forslaget om å oppheve føresegner av økonomisk art er § 10 føreslått oppheva.
Til § 11
Føresegna er utforma for å tilpassast direktiv 94/33/EF av 22. juni 1994 om vern av unge personar på arbeidsplassen, artikkel 9 nattarbeid. Direktivet går lengre enn ILO-konvensjon nr. 180. Føresegna er elles i samsvar med artikkel 6 i konvensjonen og § 6 i ECSA-avtalen.
Til § 12
Forslaget vidarefører delvis § 12 i lova.
Forslaget tek utgangspunkt i artikkel 4 i ILO-konvensjon nr. 180, ECSA-avtalens § 4 og føresegnene i STCW-koden om kviletid for vaktgåande personell. Forslaget skal sjåast i samanheng med § 3 lova som gjeld vanleg arbeidstid. Det vert rekna som formålstenleg å gjennomføre ILO-konvensjon nr. 180 ved å bruke dei alternative føresegnene om kviletid i artikkel 5 nr. 1 b) i staden for arbeidstidsføresegnene i artikkel 5 nr. 1 a). Det vert presisert at under normale omstende inneber ikkje føresegna om kviletid at all resterande tid i perioden skal vere arbeidstid.
Første ledd vidarefører føresegnene i § 12 nr. 1 i lova og er elles i samsvar med artikkel 5 nr. 1 b) i ILO-konvensjon nr. 180 og § 5 nr. 1 i ECSA-avtalen.
Kviletida skal alltid vere minst 10 timar i eit tidsrom på 24 timar og 77 timar i eit tidsrom på 168 timar.
Andre ledd svarer til artikkel 5 nr. 2 i ILO-konvensjon nr. 180 og § 5 nr. 2 i ECSA-avtalen.
Tredje ledd svarer til STCW-koden Avsnitt VIII/1.3. Føresegna gjeld kun vaktgåande personell og er såleis meir avgrensa enn forslaget § 7 andre ledd.
Fjerde ledd og femte ledd svarer til artikkel 5 nr. 3 og nr. 4 i ILO-konvensjon nr. 180 og § 5 nr. 3 og nr. 4 i ECSA-avtalen.
Femte ledd skal etter føresetnaden også gjelde når maskinrommet er ubemanna.
Til § 13
Forslaget vidarefører delvis § 13 i lova.
Forslaget følgjer av kravet i artikkel 8 i ILO-konvensjon nr. 180 og ECSA-avtalen § 8 om registrering av sjøfolks arbeids- eller kviletid, og er tilnærma uendra frå gjeldande føresegn. Det skal likevel nemnast at med tredje ledd i forslaget vert det innført rett for sjøfolk til å få kopi av dei nedteikningar som gjeld vedkommande i samband med registreringsskjemaet.
Til § 14
Paragrafen er føreslått oppheva, jf. § 4 andre ledd i forslaget.
Til § 15
Føresegna vert omnummerert til første ledd og eit nytt andre ledd vert lagt til.
Første ledd vert føresett å vere i samsvar med artikkel 9 i ILO-konvensjon nr. 180 og ECSA-avtalen § 9 om styresmakta si plikt til å kontrollere registreringsskjema som skal førast etter artikkel 8 i ILO-konvensjon nr. 180, ECSA-avtalens § 8 og som følgjer av § 13 i lova.
Andre ledd er i samsvar med artikkel 10 i ILO-konvensjon nr. 180 og ECSA-avtalens § 10 nr. 2 om brot på føresegnene om arbeids- eller kviletid.
Til § 16
Forslaget vidarefører delvis § 16 i lova.
Første ledd svarer til artikkel 5 nr. 6 i ILO-konvensjon nr. 180 og § 5 nr. 6 i ECSA-avtalen om at høve til fråvik frå kviletidsføresegnene til skade for sjøfolk berre kan gjevast i tariffavtale.
Andre ledd set grenser for når det kan gjerast fråvik i tariffavtale frå kviletidsreglane for sjøfolk som går vakter. Det svarer elles til føresegnene i STCW-koden. Med mindre anna er fastsett i lova, skal fråvik avgrensast slik som fastsett i første ledd.
Tredje ledd svarer til artikkel 5 nr. 5 i ILO-konvensjon nr. 180 og § 5 nr. 5 i ECSA-avtalen.
Fjerde ledd svarer til § 12 nr. 5 i lova.
Femte til sjuande ledd svarer til § 16 nr. 2 til nr. 4 siste punktum i lova.
Åttande ledd svarer til § 16 siste ledd lova.
Til § 18
I første ledd nr. 1.2 er det ei utviding i høve til § 18 i lova.
Den som let vere å utlevere eller å føre registreringsskjema, skal kunne straffast. På denne måten skal ingen som let vere å utlevere eller føre registreringsskjema, kunne komme unna strafferettsleg ansvar. I første ledd nr. 1.3 vert reder føreslått erstatta med den. Dette fordi selskap er føreslått innført i blant anna forslaget til ny § 4, og at skuldkravet nødvendigvis må knytast til personar om bord eller i selskapet sin landorganisasjon. Når det gjeld straffeansvar for selskap, viser ein til straffelova kapittel 3 a) om straffeansvar for føretak.
7.2 Merknader til endringane i NIS-lova § 7
Med dei unntak som følgjer av forslaget, skal føresegnene i arbeidstidslova §§ 12 og 16 første til tredje ledd også gjelde for sjøfolk på skip i dette registeret.
Tredje ledd første punktum vert oppheva. Dette følgjer av forslaget om å oppheve arbeidstidslova § 9.
Elles viser ein til kommentarane til forslaget om endringar i arbeidstidslova § 3 og oppheving av arbeidstidslova § 9 i dette kapitlet.
7.3 Merknader til endringar i Sjødyktighetsloven § 3
Sjødyktighetsloven § 3 andre ledd siste setning vert gjeninnført etter at denne utilsikta vart oppheva i samband med førre lovendring.
7.4 Merknader til føresegn om ikraftsetjing
Forslaga til endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstida på skip og lov 12. juni 1987 om norsk internasjonalt skipsregister er ei følgje av at det under EØS-avtalen blir stilt nye krav til at sjøfolk og fiskarar skal ha regulert arbeids- og kviletid. Krava er fastsette i direktiv 1999/63/EF og 2000/34/EF. Gjennomføringsfristen for direktiv 1999/63 er 30. juni 2002. Av omsyn til norsk etterleving av EØS-avtalen bør dei føreslåtte endringane difor tre i kraft seinast 30. juni 2002.