3 Høyringa
3.1 Utsending av høyringa
Høyringsbrev med forslag til lovendringar vart sendt til høyring 5. desember 2008. Høyringsfristen var 4. februar 2008.
Følgjande instansar blei inviterte til å komme med høyringsfråsegn:
Departementene
Kommunene
Fylkeskommunene
Fylkesmennene
Barneombudet
Buddistforbundet
Den norske helsingforskomité
Den katolske kirke v/Oslo katolske bispedømme
Det Mosaiske Trossamfunn
Dysleksiforbundet
Elevorganisasjonen
Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG)
Friskoleorganisasjonene
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Gurdwaraen i Norge
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (UNIO)
Human-Etisk Forbund
Human Right Service
IKO – kristelig pedagogisk senter
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)
Institutt for samfunnsforskning (ISF)
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
Islamsk Råd i Norge
Kanvas
Kirkerådet
KS
Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM)
Kristent Pedagogisk Forbund (KPF)
Kristne friskolers forbund
Landslaget for udelt og fådelt skole – LUFS
Landsorganisasjonen i Norge – LO
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner
Likestillingsombudet
Lærerorganisasjonene
Mangfold i arbeidslivet
Mellomkirkelig råd
Menneskerettighetshuset
Nasjonalt Senter for flerkulturell opplæring, HiO (NAFO)
Nasjonalt Åndelig Råd for Bahá'íer i Norge
Norges Kristne Råd
Norske fag- og friskolers forbund
Norsk Lektorlag
Norsk Montesorri Forbund
Norsk senter for flerkulturell verdiskapning
Norsk senter for menneskerettigheter, UiO
Norsk Skolelederforbund
Næringslivets hovedorganisasjon – NHO
Organisasjon mot offentlig diskriminering
Private grunnskoler
Private skoler med rett til statstilskudd
Riksrevisjonen
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Sametinget
Sanatan Mandir Sabha
SEFIA, Høgskolen i Oslo
Senter for interkulturell kommunikasjon
Senter mot etnisk diskriminering
Sivilombudsmannen
Skolenes landsforbund
Statlige høgskoler
Steinerskolene i Norge
Studentenes Landsforbund
Utdanningsdirektoratet
Utdanningsforbundet
Universitet i Oslo
Universitetet i Bergen
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Trondheim
Universitetet i Tromsø
Utlendingsdirektoratet – UDI
VOX – Voksenopplæringsinstituttet
Voksenopplæringsforbundet – VOFO
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund – YS
3.2 Innkomne høyringsfråsegner
Det er 159 instansar som har kome med fråsegn innan fristen, og av desse er det 19 som ikkje har merknadar.
I alt 140 instansar har kome med konkrete kommentarar.
Følgjande instansar har komme med realitetsfråsegner:
Barneombudet
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
Fylkesmannen i Aust-Agder
Akershus fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Asker kommune
Askøy kommune
Audnedal kommune
Austrheim kommune
Balsfjord kommune
Bergen kommune
Birkenes kommune
Bjerkreim kommune
Bygland kommune
Bærum kommune
Dovre kommune
Drammen kommune
Eigersund kommune
Enebakk kommune
Finnøy kommune
Fjell kommune
Flekkefjord kommune
Forsand kommune
Fredrikstad kommune
Fræna kommune
Giske kommune
Gjemnes kommune
Gjerstad kommune
Gjesdal kommune
Gulen kommune
Harstad kommune
Herøy kommune
Hjartdal kommune
Hjelmeland kommune
Hobøl kommune
Hole kommune
Horten kommune
Hå kommune
Jondal kommune
Klepp kommune
Kristiansand kommune
Kvam kommune
Kvinesdal kommune
Kvitsøy kommune
Larvik kommune
Levanger kommune
Lier kommune
Lierne kommune
Lindesnes kommune
Lindås kommune
Lund kommune
Lunner kommune
Luster kommune
Lyngdal kommune
Marker kommune
Masfjorden kommune
Meland kommune
Molde kommune
Namdalseid kommune
Nedre Eiker kommune
Nesset kommune
Nissedal kommune
Nittedal kommune
Nøtterøy kommune
Oppegård kommune
Oslo kommune
Porsgrunn kommune
Radøy kommune
Randaberg kommune
Re kommune
Rindal kommune
Ringerike kommune
Ringsaker kommune
Råde kommune
Samnanger kommune
Sande kommune
Sandnes kommune
Sel kommune
Sirdal kommune
Skedsmo kommune
Ski kommune
Skiptvedt kommune
Skånland kommune
Sogndal kommune
Sokndal kommune
Sola kommune
Stange kommune
Stavanger kommune
Stjørdal kommune
Stord kommune
Stordal kommune
Stryn kommune
Sula kommune
Sunndal kommune
Time kommune
Tromsø kommune
Tysvær kommune
Ullensaker kommune
Vanylven kommune
Volda kommune
Ørsta kommune
Ålesund kommune
Høgskolen i Hedmark
Høgskolen i Nord-Trøndelag
Høgskolen i Sør-Trøndelag
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Høyskolen i Oslo
Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring, HiO (NAFO)
Norsk senter for menneskerettigheter, UiO (SMR)
Universitetet i Agder
Universitetet i Oslo, institutt for kulturstudier
Universitetet i Tromsø, institutt for religionsvitenskap
Det teologiske Menighetsfakultet
Norsk Lærerakademi (NLA)
Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG)
KS
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Norsk Lektorlag
Norsk Skolelederforbund
Skolenes landsforbund
Utdanningsforbundet
Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene
Bispemøtet i Den norske kirke
Den evangelisk lutherske frikirke
Hamar biskop
Human-Etisk Forbund
Humanistisk ungdom
Islamsk Råd Norge
Kirkelig pedagogisk senter
Kirkerådet
Kristent Pedagogisk Forbund
Kristne friskolers forbund
Nasjonalt Åndelig Råd for Bahá'íer i Norge
Stavanger biskop
Stavanger bispedømmeråd
Stavanger kirkelige fellesråd
Tromsø katolske stift
Musikernes fellesorganisasjon
Religionslærerforeningen
3.3 Forslaget i høyringsbrevet
I høyringsbrevet foreslo departementet å gjere ei endring i opplæringslova § 2-3a Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa. Dei endringane som vart gjorde i fritaksreglane i 2005, kjem i hovudsak kritikken i dommen frå EMD i møte. Foreldra skal etter dagens reglar ikkje lenger søkje om fritak, berre gi melding, og meldinga skal ikkje grunngjevast. Kravet om årleg informasjon om reglane for fritak er tekne inn i lova. Dommen frå EMD peiker på at det er ein føresetnad for at foreldra skal ha grunnlag for å melde fritak at dei har god nok kunnskap om innhaldet i opplæringa. Departementet kjem derfor med framlegg om å presisere kravet til informasjon om innhaldet i opplæringa ved å føye til og innhaldet i opplæringa i det fjerde leddet i føresegna i opplæringslova § 2-3a.
Dommen i EMD kjem med ein kritikk av føresegna i opplæringslova § 2-4 som femner vidare enn dei endringane som vart gjorde i 2005, og konkluderer med at når ein ser heilskapen i formålet med opplæringa, føresegna i opplæringslova § 2-4 og dei andre rammene om faget i samanheng, er det kvalitative skilnader mellom opplæringa i kristendomskunnskap og dei andre elementa i faget, noko som er i strid med EMK. Formål og innhald er for alle faga regulert i læreplanen, som er ei bindande forskrift. Berre KRL-faget har dette fastsett i lova. Høyringsbrevet kjem likevel med framlegg om framleis å ha ei særskilt føresegn i opplæringslova for å sikre at faget er i samsvar med menneskerettane. Strekpunkta 1-5 i opplæringslova § 2-4 første ledd, som gjeld innhaldet i faget, vart foreslått flytta til læreplanen. Det var mellom anna desse strekpunkta EMD kritiserte. Framlegget skulle få fram at faget er eit ordinært fag, der innhaldet er fastsett i læreplanen som for dei andre faga. Høyringsbrevet understreka at læreplanen, grunngitt med det kristendommen har hatt å seie historisk og som kulturarv, skal ha meir stoff om kristendommen enn om andre religionar og livssyn, utan at det er kvalitative skilnader.
Departementet foreslo vidare å endre namnet på faget til Religion, livssyn og etikk som eit viktig signal om kvalitativ likeverdig behandling av alle religionar og livssyn. Namnet Religion, livssyn og etikk vil vise til heile innhaldet i faget og gi lik vekt til dei ulike delane. Høyringsbrevet peiker også på at faget i grunnskolen har eit anna namn enn faget i vidaregåande opplæring. Harmonisering av dei to namna er grunngitt i Kunnskapsløftet. Framlegget om nytt namn krev ei endring i føresegna i opplæringslova § 2-3 i tillegg til endringane i opplæringslova § 2-4.
Dommen har som føresetnad at eit obligatorisk fag om religionar og livssyn skal vere objektivt, kritisk og pluralistisk. For å sørgje for at faget også på dette punktet er i samsvar med menneskerettane, vart det gjort framlegg om at omgrepa objektivt, kritisk og pluralistisk blir tekne inn i føresegna.
3.4 Synspunkt frå høyringsinstansane
Det er i alt komme inn 159 høyringsfråsegner om dei framlagte endringane i opplæringslova. Mellom dei som har gitt fråsegn, er det 98 kommunar, eit fleirtal av dei er frå Sør- og Vest-Noreg. Det har også komme inn fråsegner frå til saman 12 privatpersonar og lokallag.
3.4.1 Hovudtendensar
Av dei innsende fråsegnene er det om lag ein tredel som støttar eller ikkje har merknader til dei foreslåtte endringane. Mellom desse finn vi dei departementa som har uttalt seg, Barneombodet, Nasjonalt senter for likeverdig opplæring (NAFO), Likestillings- og diskrimineringsombodet, Det teologiske fakultet ved UiO og somme kommunar, mellom andre Oslo. Det vert peika på at endringane oppmodar om toleranse for ulikskap, at endringane er viktig for eit pluralistisk samfunn som Noreg, at dei sikrar at menneskerettane ikkje blir brotne og at ein med dette [...] kommer et langt skritt nærmere et inkluderande og likeverdig skolefag (Skolenes landsforbund). Norsk senter for menneskerettigheter (SMR) peiker på at det er [...] avgjørende at et fag som skal skape respekt og dialog er godt innenfor de minimumskravene menneskerettighetene stiller.
Av kommunane er det i underkant av ein firedel som støttar eller ikkje har merknad til framlegga. Mellom desse er fleirtalet av kommunane i Buskerud og Nord-Trøndelag, samt Oslo, Stange, Asker, Austrheim, Tromsø, Porsgrunn og Volda.
Tre firedelar av kommunane gir støtte til somme av forslaga, og av desse er alle positive eller har ingen merknad til punktet om endring i fritaksregelen. Her finn vi mellom anna Skedsmo, Stavanger og Kristiansand. Eit lite mindretal ønskjer heller betre fritaksordningar.
Det er mest motstand mot å endre namnet slik at ordet kristendom ikkje lenger er med, og tre firedelar går i mot dette. Det er også relativt stor motstand mot å fjerne strekpunkta om innhald frå opplæringslova § 2-4, og over to tredelar går imot dette, deriblant eit stort fleirtal av kommunane i Møre og Romsdal, Rogaland, og alle Østfold-kommunane. Mange av desse fråsegnene er likelydande og seier at departementet i framlegget går for langt i å redusere den plassen kristendommen har i faget. Dei fleste av instansane grunngir dette med at det er viktig at eit fag som KRL har klare reglar i lov og forskrifter som sikrar at kristendommen har ein særleg plass i undervisninga.
Det er 15 trussamfunn og livssynsorganisasjonar som har uttalt seg, og av desse er det tolv som støttar alle eller somme av forslaga, deriblant Hamar Biskop, Islamsk Råd Norge og Nasjonalt Åndelig Råd for Bahá'íer i Norge. Hamar biskop understrekar betydninga av at [...] alle norske elever kan møtes i et felles rom for forståelse og dialog når de lærer om hverandres religion og livssyn. Dei to forslaga som møter mest motstand er, som hos kommunane, namneendringa og fjerning av innhaldsføresegna. Fleire argumenterer med at kristendommens sentrale posisjon i norsk kultur og historie også må bli gjenspegla i namnet, medan Humanistisk ungdom uttaler at [...] siden departementetet ikke legger opp til endringer annet enn på papiret, kunne faget like gjerne fremdeles hete KRL
Det er kome inn 23 fråsegner, frå både ombod, direktorat, fylkeskommunar og ulike interesseorganisasjonar. Tre firedelear av fråsegnene støttar eller har ingen merknader til forslaga. SMR, Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), Likestillings- og diskrimineringsombodet, Barneombudet, Akershus fylkeskommune, NAFO og Norsk Lektorlag er mellom dei mest positive, og uttrykkjer mellom anna at Endringene fører etter vår mening til et langt bedre samsvar mellom opplæringsloven og diskrimineringsloven [...] (Likestillings- og diskrimineringsombudet), og at Det er viktig at faget virker inkluderende og gir flest mulig gode kunnskaper om det verdigrunnlaget dagens samfunn er bygget på [...] (Norsk Lektorlag).
Mellom dei som går i mot somme av eller alle endringsforslaga, er det eit fleirtal som viser til at det allereie er gjort endringar som kjem dommen frå EMD i møte. Mellom andre Sula kommune uttaler at Lovendring på bakgrunn av dommen ved Den Europeiske menneskerettsdomstolen, slik departementet viser til, har liten relevans all den tida KRL-faget er endra sidan dommen og ikkje lenger er i strid med denne. Fleire instansar meiner også at departementet går for langt i å redusere kristendommen sin plass i faget. Andre instansar, som Human-Etisk forbund og Islamsk Råd Norge meiner det i realiteten er lite som blir endra, mellom anna sidan det ikkje blir lagt opp til ei grundig revidering av læreplanen eller til utvikling av nye læremiddel.
3.4.2 Fråsegner til første punkt:
Endring av § 2-3a fjerde ledd, endring i kursiv:
Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.
Mellom dei innsende fråsegnene er det brei oppslutning om dette forslaget. I underkant av tre firedelar støttar eller har ingen merknad. Mellom desse er eit stort fleirtal av kommunane, deriblant Asker, Kristiansand, Oslo og Tromsø, Bispemøtet, Humanistisk Ungdom, SMR og Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG). Det vert påpeika av fleire instansar at høvet til fritak da vil vere meir i samsvar med menneskerettane.
Mellom dei som ikkje støttar forslaget, meiner somme at det alt er gjort endringar på dette punktet, medan andre instansar meiner at det uavhengig av tillegget vil vere vanskeleg å skilje ut kva ein faktisk kan få fritak frå, og at det dermed ikkje vil vere noka reell endring av fritaksordninga. Somme av instansane ser heller at det blir lagt til rette for enda betre fritaksordningar / fullt fritak for dei som ønskjer det (Human-Etisk forbund, Norsk Lærerakademi (NLA), Askøy kommune og Bergen kommune).
3.4.3 Fråsegner til andre punkt:
Endre namnet på faget til religion, livssyn og etikk (RLE)
Godt over ein tredel støttar eller har ikkje merknader til namneendringa, mellom anna Islamsk Råd Norge, NAFO, SMR og Barne- og likestillingsdepartementet. Dei som støttar namneendringa, peiker mellom anna på at namnet [...] er bedre egnet til å vise likeverdet mellom ulike religioner og livssyn (SMR), at det [...] vil vere eit viktig signal og bidra til likeverdig handsaming av alle religionar og livssyn (Barneombudet) og at faget står fram med [...] krav om ei balansert framstilling av alle religionar (Austrheim kommune). Oslo kommune støttar framlegget og at kristendommen kvalitativt blir likestilt med andre livssyn. Oslo peker samtidig på at det er [...] fagets innhold, ikke dets navn, som skaper identitet og tilhørighet til en kristen og humanistisk tradisjon. Bispemøtet uttaler at [...] spørsmålet om fagets navn ikke er et stort og avgjørende spørsmål, men at ei endring som foreslått [...] vil gi et viktig signal om at skolens religionsundervisning forutsetter en kvalitativ likebehandling av de forskjellige religioner og livssyn.
Det er nokre få instansar som støttar namneendring, men som føretrekkjer religion og etikk, sidan dette er i samsvar med namnet på faget i vidaregåande opplæring (Fylkesmannen i Aust-Agder og Høgskolen i Nord-Trøndelag).
Mellom dei som ikkje støttar ei namneendringa, finn vi mellom anna eit fleirtal av dei kommunane som har uttalt seg, deriblant Bergen, Fredrikstad og Kristiansand, NLA og Høgskolen i Sør-Trøndelag. Dei grunngir det mellom anna med at dette ikkje er nemnt i dommen frå EMD, og at kristendommen både har ei særstilling i det norske samfunnet og ein kvantitativ forrang i faget, noko som også bør vere avspegla i namnet. Fleire av instansane, deriblant en del kommunar, uttaler at [...] departmentet i sitt forslag går unødig langt i forhold til dommen i å redusere kristendommens plass i faget (Bjerkreim, Gulen, Forsand og Lindesnes kommune). Menighetsfakultetet (MF) meiner KRL-namnet er eigna til å markere at kristendommen [...] ut frå kultur og historie skal ha større plass i faget.
3.4.4 Fråsegner til tredje punkt:
Fjerne innhaldsføresegner i opplæringslova § 2-4
Av dei innsende fråsegnene er det litt under halvparten som støttar eller ikkje har merknader til forslaget om å fjerne reguleringa av innhaldet i faget frå opplæringslova, mellom anna Norsk Lektorlag, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Høgskolen i Nord-Trøndelag, Akershus fylkeskommune, Landsorganisasjonen i Norge (LO) og fylkesmannen i Østfold. Fleire av instansane peiker på at endringane støttar opp om dommen i EMD. Kvam kommune uttaler at Med desse tiltaka sikrar skolen at faget religion, livssyn og etikk blir eit ordinært skolefag.
Eit fleirtal av kommunane går imot fjerning av innhaldsføresegnene. Ein del av desse meiner denne endringa saman med de andre framlegga er å gå for langt i å redusere kristendommens plass i faget, og Kristiansand, Sirdal, Bærum og Kvinesdal kommune uttaler at [...] lov og forskrifter om faget må inneholde tydelige formuleringer som gir grunnlag for at kristendommen [...] fremdeles kan stå i en særstilling i skolens undervisning. Bergen kommune uttaler også at de [...] mener det allerede er gjennomført tilstrekkelige endringer til at kritikken mot KRL-faget som foreligger i dommen fra EMD imøtekommes.
Utdanningsforbundet ønskjer heller ei omformulering av opplæringslova § 2-4, slik at omtalen av de ulike religionane og livssyna er lik, og at ein på den måten sikrar kvalitativ likebehandling. Somme instansar, mellom anna FUG, Kirkelig pedagogisk senter og Universitetet i Oslo (UiO), peiker på at det er viktig å ha brei politisk oppslutning om faget, og derfor la ansvaret for innhaldet framleis liggje til Stortinget.
3.4.5 Fråsegner til fjerde punkt:
Tilføying i opplæringslova § 2-4 tredje ledd, endringar i kursiv:
Den som skal undervise i religion, livssyn og etikk, skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte, ut frå deira eigenart.
I underkant av to tredelar av instansane støttar eller har ikkje merknader til denne endringa. Mellom desse er ein tredel av dei kommunane som har uttalt seg, inkludert Stavanger, Kristiansand og Bærum, dessutan NAFO og Utdanningsforbundet. Fleire av instansane har den kommentaren at dette sikrar at undervisninga skjer i tråd med menneskerettane.
Somme instansar, som Bahá’í- samfunnet og Kristent pedagogisk forum (KPF), meiner formuleringa presentere [...] på en pluralistisk måte er uklar, og ønskjer ei omformulering.
Av dei som ikkje støttar framlegget, finn vi mellom anna Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Hedmark, Tromsø stift og Fylkesmannen i Aust-Agder. Somme av instansane meiner at ordbruken er uklar og kan bli tolka på ulike måtar, og at det vil vere med på å gjere religionsopplæring til noko reint teoretisk. NLA skriv at ei slik presisering for faget vil gi signal om at dei same føresegner ikkje gjeld andre fag. Norsk senter for menneskerettigheter er mellom instansane som framhever motsetninga mellom å ha ei objektiv tilnærming samtidig som innhaldet skal presenterast ut frå deira eigenart.
3.4.6 Andre fråsegner
Dei elleve ikkje-inviterte instansane består av seks lokallag frå KRF, to skolar, eit lokalt trussamfunn og to privatpersonar. Av desse er det tre instansar som støttar alle eller somme av endringsforslaga. Dei resterande instansane går i mot, og meiner departementet går for langt i å redusere kristendommen sin plass i faget. Fleire av instansane ønskjer heller at det blir lagt til rette for gode fritaksordningar for dei som ønskjer det.