6 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovframlegget
Endringa i opplæringslova § 2-3 gjeld endring av namnet på faget.
Endringa i opplæringslova § 2-3a gjeld for alle fag og aktivitetar i grunnopplæringa.
Endringane i opplæringsloven § 2-4 skal sikre at undervisninga i faget er objektiv, kritisk og pluralistisk i samsvar med menneskerettane og at det ikkje er kvalitative skilnader mellom dei einskilde delane i faget. Strekpunkta 1-5 i opplæringslova § 2-4 første ledd, som regulerte innhaldet i faget, er tekne ut av lovføresegna. Det er sett inn eit nytt andre ledd som regulerer innhaldet.
Merknad til romertall II om iverksetjing
Departementet tar sikte på at lovendringa trer i kraft 1. august 2008.