Ot.prp. nr. 54 (2007-2008)

Om lov om endringar i opplæringslova— (Om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap og rett til avgrensa fritak)

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i opplæringslova

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-3 første ledd skal lyde:

Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion, livssynog etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.

§ 2-3a fjerde ledd skal lyde:

§ 2-3a Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa

Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak ogom innhaldet i opplæringa.

§ 2-4 skal lyde:

§ 2-4 Undervisninga i faget religion,livssyn og etikk

Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Undervisninga i religion, livssyn og etikk skalgi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn,kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarvog til etiske og filosofiske emne.

Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidratil forståing, respekt og evne til dialog mellom menneskemed ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Undervisninga i religion, livssyn og etikk, skal presentere ulikeverdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk ogpluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.