14 Føresegner om låneverksemda
14.1 Gjeldande rett
I tråd med gjeldande § 9 i husbanklova finansierer Husbanken utlåna ved trekkfullmakt i konsernkontoordninga i staten. Husbanken har ikkje lov til å låna inn frå allmenta og fell såleis utanfor EØS-definisjonen av kredittinstitusjonar. Dette er òg grunnen til at andre reglar som gjeld for kreditt- og finansinstitusjonar ikkje gjeld for Husbanken.
§ 10 legg retten til å fastsetja og detaljera rammene for tilsegn av lån til regjeringa. I praksis er det likevel Stortinget som fastset rammene i budsjettvedtak.
Med bakgrunn i at lova var retta mot finansiering av nybygging av bustader og i den historiske posisjonen til husbanklåna i utlånsmarknaden, har lova fått føresegner om privatrettslege forhold. § 14 fastset at låna frå banken vert «utbetalt til pari kurs» og lån kan krevjast heilt eller delvis innbetalt ved misleghald av låneavtalar eller ved manglande vedlikehald av pantet.
I tillegg har lova offentlegrettslege føresegner om utlånsverksemda. Lova stiller krav om at Husbanken skal sikra utlån og eventuelle garantiar. Det er føresegner om lånevilkår, gjeldsforhandlingar og ettergiving av krav, som understrekar at Husbanken har avgrensa fullmakter. Det følgjer av lova at Stortinget fastset renter og avdrag på husbanklån. Det kjem òg fram at Husbanken kan gje utsetjing med betaling av renter og avdrag. Vidare heiter det at banken i særlege tilfelle kan delta i gjeldsforhandlingar.
14.2 Høyringsutkastet frå departementet
Departementet føreslo at lova skal seia at verksemda til Husbanken vert finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet og ved lån frå staten.
Vidare føreslo departementet ei føresegn om at Stortinget skal fastsetja reglar for rentevilkår. Dette er ei forenkling frå gjeldande lov, men inneber ikkje endringar i gjeldande praksis. Det vart føreslått ei ny føresegn om at det skal fastsetjast forskrift om utlånsvilkår. Fullmaktene til å sletta krav var føreslåtte omformulerte.
Departementet føreslo at lova framleis skal ha føresegner om at det kan gjevast utsetjing med innbetaling på lånet og at Husbanken kan delta i gjeldsforhandlingar. Vidare føreslo departementet ei føresegn om at Husbanken kan ettergje krav som ikkje kan drivast inn.
14.3 Merknader frå høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til forslaga.
14.4 Vurderingar frå departementet
Departementet meiner det er nødvendig at lova framleis klarer av at Husbanken ikkje skal kunne ta innlån eller innskot frå allmenta. Dette fordi han skal falla utanom EØS-definisjonen av «kredittinstitusjon» og dermed òg frå andre reglar som gjeld for kreditt- og finansinstitusjonar. Det vert difor lagd opp til at det framleis skal koma fram i lova at Husbanken vert finansiert over statsbudsjettet.
Finansavtalelova gjeld for Husbanken, og privatrettslige lånevilkår vert fastsette i låneavtalar. Departementet ser difor ikkje behov for at husbanklova skal ha spesielle reglar som grip inn i det privatrettslege forholdet mellom Husbanken og låntakarane, og gjeldande føresegner om dette vert ikkje vidareførte i ny lov.
Fullmakter til å fastsetja dei lånevilkåra som Husbanken tilbyr bør, etter departementet sitt syn, forankrast i lova. Lovforslaget om utlån understrekar at Husbanken har avgrensa fullmakter.
Departementet føreslår at lova framleis skal ha føresegner om at Stortinget skal fastsetja reglar for rentevilkår. Forslaget føreset at det skal utarbeidast ny forskrift om dei tilbakebetalingsvilkåra som brukarane vert tilbodne. Forskrifta skal gje ei klar rettsleg forankring og ein meir uttømmande oversikt over tilbakebetalingsvilkåra, og verta basert på Stortinget sine vedtak om prinsipp for rentefastsetjing. Det vil framleis vera aktuelt at Husbanken får fullmakt, til dømes til å fastsetja vilkår for avdrag.
Gjeldsforhandlingar er eit godt innarbeidt verkemiddel for låntakarar med varige betalingsproblem. Forhandlingane kan føra til at låntakar beheld bustaden, samtidig som risiko for tap for Husbanken vert redusert. Gjeldsforhandlingar vil alltid vera grunngjevne i spesielle forhold, og det synast difor unødvendig og lite avklarande at lova stiller krav om at det skal vera «særlege grunnar» for å delta i slike forhandlingar. I tråd med dei føresegnene som gjeld for Lånekassen, vert det føreslått at lova ikkje lenger skal innehalda eit slikt vilkår for at Husbanken skal kunna delta i gjeldsforhandlingar.
§§ 14 og 19 i gjeldande husbanklov, som gjev Husbanken heimel til å ettergje fordringar som skriv seg frå lån og tilbakebetalingskrav for tilskot, er føreslåtte slått saman. Det er gjort ei språkleg endring ved at «uerholdelige fordringar» vert omtala som krav som ein må rekna med at det ikkje er mogeleg å driva inn. Husbanken følgjer føresegnene om økonomistyring i staten og kan etter desse òg la eit krav liggja utan å ettergje kravet. Tapa til Husbanken vert omtala i budsjettproposisjonane.
Av di krav om sikring av utlån og eventuelle garantiar kjem fram i forskriftene for alle utlånsordningar, kan gjeldande føresegner om dette takast ut av lova. Det er i utgangspunktet regjeringa si oppgåve å fastsetja korleis staten sine midlar skal sikrast, jf. § 19 i Grunnlova. Eventuelt kan slike vilkår fastsetjast i budsjettvedtaka i Stortinget.
Det er ikkje behov for føresegner om kven som skal fastsetja formular for pantobligasjonar. Gjeldande føresegn om at hovudstyret skal fastsetja dette er difor føreslått tatt ut av lova.