4 Namn
Gjeldande lov heiter lov om Den Norske Stats Husbank. Det er berre i lova og i offentlege dokument at langforma, «Den Norske Stats Husbank» (på nynorsk: «Statens Husbank») vert nytta. I daglegtale og over alt elles vert kortforma, «Husbanken», brukt.
Namnet «Husbanken» er godt innarbeidt og registrert som varemerke. Departementet føreslår difor at det offisielle namnet vert «Husbanken», og at dette går fram av lova. Kortforma kan nyttast i begge målformer.