6 Verkeområde for lova
Det følgjer av gjeldande lov at Kongen kan gjera heile eller delar av lova gjeldande for Svalbard med omsyn til dei endringar som er nødvendige. Det er gjeve forskrift som gjer at lova i utgangspunktet gjeld for Svalbard.
Departementet føreslo å vidareføra denne føresegna i lova.
Justisdepartementet meinte at det må koma tydeleg fram at den nye husbanklova skal gjelda for Svalbard og at det må lagast ei ny forskrift for Svalbard, som trer i kraft samstundes med den nye lova.
Kommunal- og regionaldepartementet er einig i dette, og føreslår difor å fastsetja i føresegna at lova skal gjelda for Svalbard. Departementet kan fastsetja særlege reglar ut ifrå forholda på staden.