2 Bakgrunn
Spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd blei endra i samband med at ansvaret for sjuketransport og transport av behandlingspersonell blei overført til dei regionale helseføretaka jf. Ot.prp. nr. 66 (2002-2003), Innst.O. nr. 9 (2003-2004) og Vedtak O. nr. 4 (2003-2004). Det blei vedteke nye punkt nr. 5 og nr. 6 i § 2-1a første ledd om ansvar til dei regionale helseføretaka for å sørgje for sjuketransport og transport av behandlingspersonell.
Ved behandling av rusreform II, jf. Innst.O. nr. 4 (2003-2004) og Vedtak O. nr. 5 (2003-2004), blei det vedteke eit nytt punkt nr. 5 i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd som handlar om ansvaret til dei regionale helseføretaka for å sørgje for tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk.
Men desse to endringsforslaga blei ikkje samkjørt. Lagtinget vedtok dei to endringslovene i same dagen, som høvesvis sak nr. 5 (sjuketransport) og nr. 6 (rusreforma). Dei vedtekne endringane om sjuketransport blei ved ein inkurie formelt oppheva igjen ved vedtaket av spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd nr. 5 om dei regionale helseføretaka sitt ansvar for å sørgje for tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk. Dei to lovvedtaka blei sanksjonert same dagen som høvesvis lov nr. 96 (sjuketransport) og lov nr. 99 (rusreform II).