4 Økonomiske og administrative konsekvensar.
I Ot.prp. nr. 66 (2002-2003) blir det gjort greie for økonomiske og administrative konsekvensar av å overføre ansvaret for sjuketransport og reiseutgifter for behandlingspersonell til dei regionale helseføretaka.
Ettersom lovforslaget i denne proposisjonen berre inneber retting av feil i samband med lovvedtaket av rusreform II, fører forslaget ikkje til økonomiske eller administrative konsekvensar utover dei konsekvensane som det er gjort greie for i Ot.prp. nr. 66 (2002-2003).