3 Departementets vurderingar og forslag
Departementet viser til at Stortinget openbart har meint at endringane i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd om dei regionale helseføretaka sitt ansvar for å sørgje for sjuketransport og transport av behandlingspersonell skal gjelde. Departementet fremmer no derfor lovendringsforslaget på nytt slik at det kan vedtakast på formelt riktig måte.
Lovdata har på sine sider satt inn føresegnene om dei regionale helseføretaka sitt ansvar for å sørgje for sjuketransport og transport av behandlingspersonell i klammer som føresegnene nr. 5 og nr. 6 og føyd til ein fotnote der det heiter:
«Disse to punktene ble tilføyd ved endringslov 28 nov 2003 nr. 96, men ble, formentlig ved en inkurie, opphevd igjen ved neste endringslov 28 nov 2003 nr. 99.»
Departementet viser vidare til at dei regionale helseføretaka ter seg som om lovendringa formelt var riktig vedteken, og derfor har det ikkje skapt problem for dei som lovendringa vedkjem.