St.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.

Ungdomskort

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001) bad fleirtalet i samferdselskomitéen Regjeringa kome tilbake til Stortinget med tiltak, m.a. eit rabattsystem, som kan bidra til å få ein større del av dei unge til å reise kollektivt. Fleirtalet bad Regjeringa kome tilbake med dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 eller på annan passande måte.

I Innst. S. nr. 119 (2000-2001) Innstilling fra samferdselskomiteen om Nasjonal transportplan 2002-2011, er merknaden frå budsjettinnstillinga gjenteken og framleis lagd til grunn av fleirtalet.

Samferdselsdepartementet legg opp til ei landsomfattande ordning med ungdomskort. Over halvparten av fylkeskommunane har allereie frivillig innført ulike ordningar med ungdomskort.

Saka blir no handsama i Samferdselsdepartementet. Departementet tek sikte på å leggje fram for Stortinget eit opplegg for ei landsomfattande ordning med ungdomskort i statsbudsjettet for 2002.

Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.

Transport for funksjonshemma i arbeids- og utdanningssamanheng - forsøk

Regjeringa ønskjer å sikre at funksjonshemma skal kunne delta i arbeidsliv og gjennomføre utdanning. I den samanhengen blir det gjort framlegg om å prøve ut forsøk med arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma. Forsøket vil bli gjennomført etter to modellar. I ein del fylkeskommunar vil trygdeetaten og køyrekontora tilby transporten, i resten av landet der det ikkje alt eksisterer eit tilbod, blir det gjort framlegg om å etablere eit tilbod om transport for funksjonshemma til arbeids- og utdanningsreiser i tilknyting til den lokale tt-transporten. Forsøket skal starte opp 1. august 2001, og vil vare i eit år. For 2001 går framlegget ut på at den delen av forsøket som blir utført i tilknyting til den fylkeskommunale tt-transporten, skal finansierast av Samferdselsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet innafor budsjettrammene for 2001. Overslagsvis er kostnadene til denne delen av forsøket sett til 5,5 mill. kr for inneverande budsjettår. Sosial- og helsedepartementet vil dekkje 1,5 mill. kr, dei andre departementa 1 mill. kr kvar. Samferdselsdepartementet dekkjer sin del ved omprioriteringar innafor kap 1301, post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvennleg transport mv. Forsøket er nærare omtalt under omtalen av Sosial- og helsedepartementet i proposisjonen til Finansdepartementet om revisjon av statsbudsjettet 2001.