Forslag til vedtak om ein del saker på Samferdselsdepartementets område
I
Stortinget samtykkjer i at:
Samferdselsdepartementet i 2001 kan inngå avtalar om forskotering av midlar til vegformål for inntil 600 mill. kr ut over gitt løyving over kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, og slik at samla refusjonsansvar knytt til nye og alt inngåtte forskoteringsavtalar ikkje overstig 1 800 mill. kr. Fullmaktsgrensene er eksklusive refusjonar på vilkår. Forskota skal refunderast utan kompensasjon for renter og prisstiging.
Ev 18 Eidangerhalvøya AS får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga med vel 4 månader for å krevje inn om lag 18 mill. kr til finansiering av trafikksikringstiltak på ny Ev 18 over Eidangerhalvøya, samt til rundkøyring og miljøtiltak på gamle Ev 18 mellom Kjørholt og Rugtvedt i Telemark.
Bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga for utbygging av hovudtilkomst til høgskolen i Agder og utbygging av kollektivtiltak i samsvar med vilkåra i denne proposisjonen.
Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet i samsvar med vilkåra i denne proposisjonen, jf. pkt. 3 ovafor.
Trøndelag Bomveiselskap AS får høve til å utvide bompengeordninga på Ev 6 Trondheim - Stjørdal med 52 mill. kr i samsvar med vilkåra i denne proposisjonen.