Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

Europaparlamentet og Rådet for den europeiske union vedtok den 13. november 2007 direktiv 2007/63/EF om endring av Rådets direktiv 78/855/EØF og 82/891/EØF når det gjeld kravet til ein rapport frå ein uavhengig sakkunnig i samband med fusjon eller fisjon av allmenne selskap med avgrensa ansvar. Ved EØS-komiteens vedtak nr. 58 av 25. april 2008 vart direktivet innlemma i EØS-avtalen ved ei endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til avtalen. I vedtaket i EØS-komiteen er det gjort atterhald om samtykkje frå Stortinget, då gjennomføring av direktivet i norsk rett inneber lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. I St.prp. nr. 78 (2007-2008) ber Utanriksdepartementet om Stortingets samtykkje til godkjenning av EØS-komiteens vedtak.

Direktivet gjer det naudsynt med endringar i reglane i allmennaksjelova § 13-10, jf. § 14-4 tredje ledd, om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ei utgreiing om fusjonsplanen eller fisjonsplanen. Ei slik endring av allmennaksjelova gjer det aktuelt å vurdere endringar også i dei tilsvarande reg­lane i aksjelova § 13-10, jf. § 14-4 tredje ledd.

Justisdepartementet sende med dette som bakgrunn 17. april 2008 ut eit høyringsbrev om endringar i allmennaksjelova og aksjelova § 13-10, jf. § 14-4 tredje ledd. Høyringsbrevet vart sendt til følgjande instansar:

  • Alle departementa

  • Brønnøysundregistra

  • Folketrygdfondet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Konkurransetilsynet

  • Kredittilsynet

  • Noregs Bank

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Riksrevisjonen

  • Statistisk sentralbyrå

  • Verdipapirsentralen

  • ØKOKRIM

  • Akademikerne

  • AksjeNorge

  • Aksjonærforeningen

  • Bedriftsforbundet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Det norske Veritas

  • Eiendomsmeglerforetakenes Forening

  • Finansforbundet

  • Finansieringsselskapenes forening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Handelshøyskolen BI

  • KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norges Fondsmeglerforbund

  • Norges Handelshøyskole

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kreditorforbund

  • Norges Rederiforbund

  • Norske Finansanalytikeres Forening

  • Norske Forsikringsmegleres Forening

  • Norske Inkassobyråers Forening

  • Norsk Investorforum

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oslo Børs ASA

  • Siviløkonomene

  • Skatterevisorenes Forening

  • Sparebankforeningen i Norge

  • Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet

  • Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet

  • Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet

  • Verdipapirfondenes Forening

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Høyringsfristen vart sett til 17. juni 2008. Følgjande instansar har svart:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kultur- og kyrkjedepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Konkurransetilsynet

  • Noregs Bank

  • Riksadvokaten

  • Statistisk sentralbyrå

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Den norske Revisorforening

  • Eiendomsmeglerforetakenes Forening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norske Finansanalytikeres Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

Av desse har følgjande instansar gitt uttrykk for at dei ikkje har merknader: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet, Konkurransetilsynet, Noregs Bank, Riksadvokaten, Statistisk sentralbyrå, Arbeidsgiverforeningen Spekter og Eiendomsmeglerforetakenes Forening.