4 Gjeldande rett
Allmennaksjelova har reglar om fusjon i kapittel 13. Desse reglane gjennomfører fusjonsdirektivet i norsk rett. Etter § 13-3 skal styra i dei selskapa som skal fusjonere, utarbeide ein felles fusjonsplan. Vedtaket om fusjon blir gjort ved at generalforsamlinga i kvart selskap godkjenner fusjonsplanen med fleirtal som for vedtektsendring. Når fusjonsplanen er ferdig, skal styret i kvart selskap utarbeide ein utførleg, skriftleg rapport om fusjonen og kva den vil innebere for selskapet, jf. § 13-9.
Styret i kvart selskap skal også syte for at det blir utarbeidd ei utgreiing om fusjonsplanen, jf. § 13-10. Ein eller fleire sakkunnige skal utarbeide utgreiinga. Som uavhengig sakkunnig skal ein nytte ein statsautorisert eller registrert revisor, jf. tilvisinga til § 2-6 andre ledd. Andre ledd i § 13-10 har krav til innhaldet i utgreiinga. Det skal mellom anna gå fram kva for framgangsmåtar som er nytta for å fastsetje vederlaget til aksjeeigarane i det overdragande selskapet, om det har vore særlege vanskar ved fastsetjinga av vederlaget, og om vederlaget til aksjeeigarane er grunngitt på ein rimeleg og sakleg måte. Allmennaksjelova § 13-10 gjennomfører artikkel 10 i fusjonsdirektivet.
Fusjonsplanen, den sakkunnige utgreiinga og andre saksdokument skal etter allmennaksjelova § 13-12 første ledd bli sende til aksjeeigarane seinast ein månad før generalforsamlinga. Denne føresegna gjennomfører artikkel 11 nr. 1 i fusjonsdirektivet.
Allmennaksjelova kapittel 11 har reglar om fisjon og gjennomfører fisjonsdirektivet i norsk rett. På same måte som ved fusjon er det krav om å utarbeide ein fisjonsplan som generalforsamlinga skal godkjenne, jf. § 14-4 første og andre ledd og § 14-6. Styra skal også utarbeide ein styrerapport og skal syte for at det blir utarbeidd ei sakkunnig utgreiing om fisjonsplanen, jf. § 14-4 tredje ledd, som mellom anna viser til reglane i fusjonskapitlet om styrerapport i § 13-9 og om sakkunnig utgreiing i § 13-10. Dette inneber at det ved fisjon er dei same reglane om sakkunnig utgreiing som det som gjeld ved fusjon. Gjennom tilvisinga til § 13-10 i § 14-4 tredje ledd er artikkel 8 i fisjonsdirektivet gjennomført i norsk rett.
Opninga etter fisjonsdirektivet artikkel 10 for at medlemsstatane kan gjere unnatak frå kravet om sakkunnig utgreiing dersom aksjeeigarane er samde om dette, er ikkje brukt i norsk rett.
Artikkel 9 nr. 1 i fisjonsdirektivet om at saksdokumenta, det vil mellom anna seie den sakkunnige utgreiinga, skal vere tilgjengelege for aksjeeigarane før generalforsamlinga, er gjennomført i norsk rett gjennom tilvisinga til § 13-12 i § 14-4 tredje ledd.
Reglane om fusjon og fisjon i aksjelova er langt på veg dei same som reglane i allmennaksjelova. Det er likevel ein skilnad mellom anna når det gjeld reglane om utgreiing i § 13-10. Etter allmennaksjelova skal ein eller fleire uavhengige sakkunnige utarbeide utgreiinga. Etter aksjelova skal styret utarbeide utgreiinga, men uavhengige sakkunnige skal stadfeste henne. Krava til innhaldet i utgreiinga er likevel dei same.