1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Proposisjonen her gjeld sjørettsleg ansvar og endringar i sjølova.
For det første gjer departementet framlegg om at Noreg seier opp London-konvensjonen av 19. november 1976 om avgrensing av ansvaret for sjørettslege krav (1976-konvensjonen), og at sjølova kapittel 9 avsnitt III vert oppheva. 1976-konvensjonen er endra ved ein protokoll av 2. mai 1996 (1996-protokollen), som gjev høgare ansvarsgrenser enn i 1976-konvensjonen. Den endra konvensjonen, som Noreg vil halde fast ved, er her i proposisjonen omtalt som 1996-avgrensingskonvensjonen. 1996-protokollen er gjennomført i norsk rett i sjølova kapittel 9 avsnitt II. Når 1976-konvensjonen vert sagt opp, vil dei høgare ansvarsgrensene i 1996-protokollen regulere alle saker i norsk rett om avgrensing av sjørettslege krav i sjølova kapittel 9, utan omsyn til kor den som er ansvarleg, høyrer heime. Dette er omhandla i proposisjonen kapittel 2.
For det andre foreslår departementet endringar i reglane i sjølova kapittel 9, som gjennomfører Sjølovkomiteens framlegg i NOU 2002: 15 Ansvar for oppryddingstiltak etter sjøulykker. Endringane går i hovudsak ut på å innføre særskilde (høgare) ansvarsgrenser for krav som gjeld heving, fjerning m.m. av skip, last og bunkersolje etter sjøulukker, jf. sjølova § 172 første ledd nr. 4 og nr. 5. Dette gjeld krav som er omfatta av eit atterhald som Noreg har gjort etter artikkel 18 nr. 1 i 1996-avgrensingskonvensjonen. Sjå proposisjonen kapittel 3.
For det tredje foreslår departementet i kapittel 4 i proposisjonen at avgrensingsbeløpet for skadar på passasjerar i sjølova § 422 første ledd skal aukast frå 175 000 SDR for kvar passasjer (ca. 1 750 000 kr) til 400 000 SDR (ca. 4 millionar kr) for kvar passasjer.
I kapittel 4 gjer departementet også framlegg om å auke avgrensingsbeløpet for boreriggar i sjølova § 507, som har vore uendra sidan 1983.