1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Helse- og omsorgsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (pasientskadeloven) m.m. Pasientskadeloven gir reglar om erstatning til pasientar og andre som har lidd tap på grunn av ein pasientskade, når skaden kjem av svikt i samband med at det blir gitt helsehjelp. Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) behandlar krav om erstatning og betaler ut eventuell erstatning. Ein kan klage på NPEs vedtak til Pasientskadenemnda.
Etter pasientskadeloven § 11 blir pasientens utgifter til advokathjelp dekte dersom den som utgreier saka, har gjort vedtak om det, eller utgiftene blir rekna som tap som følgje av skaden. Føresegna gir pasienten rett til å få dekt nødvendige og rimelege utgifter til advokathjelp både i samband med behandlinga i NPE og i samband med ein eventuell klage over NPEs vedtak til Pasientskadenemnda. NPE og nemnda har fått ein kraftig auke i kostnadene til dekking av pasientane sine advokatutgifter dei siste åra. Dette kjem både av at talet på erstatningskrav aukar, og at ein stadig større del av pasientane er representerte ved advokat.
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår derfor i denne proposisjonen lovendringar som opnar for at utgiftene til advokathjelp kan reduserast noko, utan at det går ut over pasienten. Endringane inneber i hovudsak at det blir foreslått ein heimel for at det kan givast nærmare føresegner i forskrift om dekkinga av advokatutgifter, mellom anna at offentlege salærsatsar skal brukast. Forslag til forskrift var på høyring i oktober 2007. Vidare blir det foreslått endringar i § 11 som går ut på at advokaten ikkje skal kunne krevje eller ta imot ytterlegare vederlag av pasienten utover det som blir dekt av NPE eller Pasientskadenemnda. Endringane gjeld berre den delen av saka som ein kan krevje å få dekt av NPE og Pasientskadenemnda. Sakskostnader som er omtala i forvaltningslova § 36 (vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra eit vedtak til gunst for ein part), er ikkje omfatta av føresegna. Forslaget vil heller ikkje medføre endringar i pasientane sin rett til å få dekt sakskostnader.
Etter pasientskadeloven § 18 gjeld i dag ein fire månaders søksmålsfrist dersom pasienten ønskjer å bringe erstatningskravet inn for domstolen. Helse- og omsorgsdepartementet foreslår ei lovendring som inneber at søksmålsfristen blir utvida til seks månader. Bakgrunnen for forslaget er at ein god del søksmål mot Pasientskadenemnda i dag blir trekte, og at det er grunn til å tru at ei medverkande årsak til dette kan vere at søksmåla ikkje er godt nok førebudde fordi søksmålsfristen er relativt kort. Ein frist på seks månader samsvarer òg med søksmålsfristane som gjeld for pasientskadeordningane i Sverige og Danmark.