Forslag til lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23
I
I veglov 21. juni 1963 nr. 23 skal ny § 21 lyde:
§ 21
Paragrafen her gjeld avtalar mellom vedkomandevegstyremakt og det selskapet som skal finansiere og stå forutbygging av ein offentleg veg, og stå for drift og vedlikehaldav vegen i minst ti år etter at han er opna for trafikk.
Paragrafen gjeld berre dersom det følgjerav avtalen at minst halvparten av selskapet sitt vederlag skal betalastetter at vegen er opna for trafikk, og at dette vederlaget skalbetalast i samsvar med avtalen fram til selskapet si plikt til å drifteog vedlikehalde vegen tek slutt.
Om det vert opna konkurs i selskapet sitt bu,har konkursbuet ikkje rett til å tre inn i ein avtale som nemnti paragrafen her.
Departementet kan gje føresegner om utfyllingog gjennomføring av paragrafen her.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.