1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen gjer Justis- og politidepartementet framlegg om endring i straffelova 1902 § 68 fyrste ledd. Framlegget går ut på at foreldingsfristen for straffansvar ved kjønnslemlesting skal reknast frå den dagen fornærma fyller 18 år.