5 Departementet sitt syn
Justis- og politidepartementet meiner framleis at dei beste omsyn talar for å utsetje foreldingsfristen i saker om kjønnslemlesting.
Kjønnslemlesting rammar gjerne svært unge jenter. Dei vaksne som normalt er nærmast til å vareta barnet sine interesser, vil sjølve ofte vere involverte i overgrepet. Dei vil truleg også gi inntrykk av at det som skjer er naudsynt og rett. Det kan ta mange år før barnet sjølv innser kva det har vorte utsett for og melder frå om forholdet. Da kan handlinga vere straffri på grunn av forelding, spesielt dersom kjønnslemlestinga skjedde da barnet var svært lite. Dagens foreldingsreglar vil i verste fall gjere straffebodet illusorisk.
Departementet meiner omsynet til gjerningspersonen - at det er lite rimeleg å straffe etter lang tid - veg mindre tungt ved slike grove brot. Her kan det trekkjast ein parallell til andre grove brot mot mindreårige, slik som seksuelle overgrep, der foreldingsfristen skal reknast frå den dagen fornærma fyller 18 år.
Ei innvending mot lengre foreldingsfrist er at moglegheita for å sikre bevis blir svekt over tid. I saker om kjønnslemlesting vil likevel dei fysiske konsekvensane av kjønnslemlestinga ofte vere synlege i lang tid etter overgrepet, i alle fall der kjønnslemlestinga er av dei mest omfattande. Vidare er det grunn til å tru at foreldra har medverka til, eller kjenner til kven som stod bak, den straffbare handlinga. Følgjeleg vil det framleis vere mogleg å få lovbrytarane dømde for brotsverket. Der barnet har vore i ein viss alder da overgrepet fann sted, vil det også sjølv kunne seie kven som stod bak, eller medverka til, handlinga.
I saker som dette talar også allmennpreventive omsyn for lang foreldingsfrist. Potensielle overgriparar skal ikkje kunne spekulere i at lovbrotet er forelda når barnet blir gammalt nok til å melde frå om forholdet. Kortare foreldingsfrist kan dessutan tvinge fram kjønnslemlesting av stadig yngre barn.